Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig. Mike Adams er eigar og grunnleggjar av Natural News.
Åra 2021 og 2022 var ei verkeleg dårleg tid å vere tilsett. Grunnen er at etablissementet tvinga fleire hundre millionar menneske til å «vaksinere» seg mot covid, som resulterte i stadig aukande ratar av alvorleg skade, handikapp og død blant dei fullvaksinerte.
Tidlegare leiar i BlackRock og Wall Street-guru Edward Dowd snakka om dette og meir i eit nyleg intervju på The Health Ranger Report, der han avslørte til Mike Adams noko av det han forventar vil skje i neste omgang.
Dowd skreiv nyleg ei bok ved namn ‘Cause Unknown’: The Epidemic of Sudden Deaths in 2021 and 2022, med forord av Robert F. Kennedy Jr. og etterord av Gavin De Becker. Denne boka går i detalj om det Dowd fortalde Adams under deira siste diskurs, som du kan sjå her.
«Vi er midt i eit bedrag og ei overdekking, so vi held fram med å gjere arbeidet,» forklarte Dowd om sin innsats for å få ut ordet om massefolkemordet som finn stad under dekke av masse-«vaksinasjon».
«Det er det største asymmetriske informasjonsgapet i mi levetid, som tydar at 10-15% av oss veit nøyaktig kva som skjer, skaden som har skjedd, kor dødelege desse vaksinane er, og resten av befolkninga er uvetande.» (Relatert: Tilbake i februar [2022] åtvara Dowd at den globale gjeldsbobla hadde nådd toppen, og kalla det «slutten».)
Folk i arbeidsfør alder blir handikappa i ein stadig aukande rate takka vere covid-injeksjonar
Dowd fortalde Adams at det var «øydeleggjande for helsa di» å vere tilsett dei to siste åra. Heilt sidan Donald Trump lanserte Operasjon Warp Speed, har fleire titals millionar amerikanarar, og fleire hundre millionar menneske over heile verda blitt tvinga – mange mot sin vilje – til å bli injiserte mot covid.
Resultatet av denne masseinjeksjonsinnsatsen har vore den vidtomspennande øydelegginga av helse, spesielt blant menneske i arbeidsfør alder som var den demografiske gruppa som var mest i fokus for sprøytene.
«Det har vore øydeleggjande for helsa di å vere tilsett i 2021 og 2022,» sa Dowd.
Det tok nokre månader for skaden å verkeleg bli lagt merke til. Spesielt i februar 2021, berre to månader etter lanseringa av Operasjon Warp Speed, byrja handikapp verkeleg å akselerere. So, innan mai, akselererte dei endå meir.
I eit normalt år ligg handikapp på rundt 29-30 millionar nye tilfelle. Innan september 2022 gjekk det talet opp til 33,2 millionar menneske, ifølgje etterforskingsarbeidet til Dowd. Dette representerer ei trestandards avvikshending, eller tre-sigma, som berre har 0,03% sjanse for å finne stad på eit gjeve tidspunkt.
Ifølgje dei siste dataa som Dowd var i stand til å framskaffe, har den generelle befolkninga sett ein auke på rundt 11% i handikapp heilt sidan covid-sprøytene vart sleppte laus. Blant folk i arbeidsfør alder er det talet oppsiktsvekkjande 26%, eller meir enn det dobbelte av den generelle befolkninga.
Sidan folk i arbeid har tendens til å vere friskare enn dei utan arbeid på grunn av alders- eller helseavgrensingar, kan ein anta at desse tala burde bytast om. Men ha i minne at tilsette var dei som vart fortalt at for å forbli i jobbane sine, måtte dei ta sprøyta mot covid.
Fordi sprøytene held fram med å gjere skade på folks immunforsvar, og til slutt drep mange om ikkje alle av dei i løpet av dei neste åra, vil økonomien slik vi no kjenner den mislykkast. Når behovet går i botn og forsyningskjedar forvitrar, vil den gamle verdsordenen feile, og snart bli erstatta av den nye.
Dowd og Adams diskuterte kva følgjer alt dette vil få, saman med mykje meir som du ikkje vil gå glipp av. Sjå heile videoen og sjekk ut Dowd si bok dersom du interesserer deg for desse temaa.