Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Menneske vil måtte «lære på nytt korleis ein ser og går», ifølgje Klaus Schwab sin hovudrådgjevar Yuval Noah Harari, som åtvara menneskeheita om å førebu seg på ei framtid som vil bli levd i virtuell røyndom, skilt frå den «fysiske og biologiske» verda.
Harari terga menneskeheita med dei urovekkjande påstandane under ein diskusjon med podcaster Tom Bilyeu publisert tysdag [3.januar 2023].
Harari, som er forfattar og rådgjevar for World Economic Forum (WEF), la vekt på menneskeheita si evne til å endre seg og abstrakt tenking då han la ut om eit teknologisk drive paradigmeskifte i den menneskelege tilstanden med rammeverket til virtuell røyndom.
Ifølgje Harari vil menneskeheita måtte «forlate» alt dei held nært og kjært, inkludert syn og evna til å gå.
Harari sa:
«Kanskje den viktigaste kvaliteten for å overleve og blomstre i det 21.hundreåret er å ha mental fleksibilitet – ikkje berre halde fram med å lære og endre seg igjen og igjen – men òg å halde fram med å forlate noko.
Ein del av det som gjer det vanskeleg å lære seg nye ting, er at vi held fast… Eg vil gje eit døme på kor djupt det går: det er ikkje berre det du lærte på skulen eller det du lærte i barnehagen; det er til og med det du lærte som baby, som ein smårolling, slik som å lære seg korleis ein ser, eller lære seg korleis ein går.
Men kva tydar det at eg må lære på nytt å sjå og gå? Når virtuell røyndom blir betre – og med alt snakket om metaverset og so vidare, som vi vil diskutere seinare – er det sannsynleg at fleire og fleire aktivitetar går frå den fysiske biologiske verda som vi kjenner, over til ein ny røyndom – ein virtuell røyndom – som har annleis fysiske og biologiske lover.»
Harari spurde: «Kan vi som menneske berre flytte over til det immaterielle riket til Metaverset og forlate dei biologiske kroppane våre? Eller er det umogleg eller til og med farleg å prøve å skilje vår type mental eksistens frå vår kroppslege og fysiske eksistens?»
Kommentarane om å lære på nytt å sjå og gå er berre dei mest nylege i ei lang linje av urovekkjande kommentarar som oser ut av maktas korridorar på World Economic Forum i Davos.
Klaus Schwab sitt World Economic Forum erklærte nyleg at menneske har ingen rett til å eige sine eigne bilar og kan i staden «gå eller dele». Ifølgje WEF eig altfor mange sine eigne køyretøy og denne situasjonen må korrigerast ved å prise dei ut av marknaden.
Tusenvis av private jetfly flyg til Davos kvart år for WEF sitt årlege toppmøte, men ifølgje Klaus Scwab burde ikkje vanlege folk eige sine eigne bilar.
Kommentar frå saksyndig: WEF meiner òg at pedofili er «naturen si gåve til menneskeheita» og burde avkriminaliserast, som denne videoen kommenterer. Resonnementet er at pedofile produserer mindre barn, noko som er i tråd med globalistane sin agenda om å avfolke planeten.