Av Josefine Bru for Saksyndig.
Revolver.news kom her forleden med ein artikkel som er illustrerande for covid-bedraget. Som nettstaden skriv:
«Dersom du var på Twitter då covid-‘skremselspropagandaen’ var på topp, hugsar du truleg ‘Twitter-legane’ som dukka opp, tilsynelatande ut av lause lufta, og påstod at dei miste hordar av pasientar på grunn av covid kvar einaste dag.
Desse sokalla ‘legane’ piska alle ut i frykt og panikk. Twitter-meldingane deira vart delte titusenvis av gonger.
Desse ‘legane’ agerte akuttlegar og var del av LGBTQ-samfunnet på ein eller annan måte. Dei skapte dette infernalske/apokalyptiske scenarioet som fekk det til å høyrast ut som lik låg stabla i gatene.
Vel, dette kjem truleg ikkje som ei overrasking for deg, men desse populære ‘akuttlegane’ var falske.»
Oppsan. Vil det seie at Twitter hadde dikta opp legar for å generere frykt i befolkninga mot det påstått farlege lungeviruset SARS-CoV-2? Revolver.news har teke denne saka frå ein artikkel publisert 13.desember 2022 på nettstaden The San Francisco Standard. Der står det følgjande:
«Sist månad miste dr. Robert Honeyman systera si til covid. Dei [«legen» bruker fleirtalspronomen, ser det ut som] skreiv om det på Twitter og fekk dusinvis av kondolansar, meir enn 4000 delingar og 43 000 ‘likes’.
Nøyaktig éin månad seinare, 12.desember, skreiv Honeyman at nok ein tragedie hadde råka familien.
‘Lei meg for å erklære at ektemannen min har falle i koma etter å ha vore på sjukehus med covid. Legen er usikker på om han vil vakne opp,’ skreiv dei på Twitter. ‘Dette året har vore det tøffaste i mitt liv då eg miste systera mi til dette viruset. Dette er fyrste gong i livet mitt at eg ikkje ser lyset i enden av tunnelen.’
Igjen velta det inn med kondolansar og gode ønske. Men der var eit problem: Honeyman var ikkje ekte.
Trans-«doktoren i sosiologi og feministstudiar» med ei «ivrig interesse i poesi» som brukte dei-pronomen var i røynda eit illustrasjonsbilete skildra på DepositPhotos, ei vederlagsfri biletside, som ‘smilande, glad, kjekk latino-mann utandørs – hovudportrett’.
Deira visstnok komatøse ektemann, dr. Patrick C. Honeyman, var òg falsk. Twitter-biletet hans hadde blitt stole frå ein forsikringsagent i Wayne i delstaten Indiana.
Dei to falske legane, som på kontoane sine oppmoda til ekstrem varsemd rundt covid-19, var del av eit nettverk av minst fire falske kontoar som ivrig promoterte banda sine til LGBTQ-samfunnet, høglytt kjempa for munnbindbruk og sosial avstand, og leverte kritikk til dei som dei følte ikkje tok pandemien på alvor.»
Bløffen vart ifølgje artikkelen oppdaga av ein viss Joshua Gutterman Tranen, ein mastergradsstudent i kunst ved Bennington College. Han var sjølverklært «homofil forfattar» og la merke til at folk som han sjølv følgde òg følgde dei to legane. Etter 10 minutts søk på Google fann Tranen ut at bileta av dei to var henta frå ei illustrasjonsbiletside. Han fann det òg lite truverdig at akademikarar som dei sjølve ikkje hadde nokon spor av akademisk arbeid på nokon nettsider, og at dei hadde mist to familiemedlemmer til covid seint i 2022, trass munnbindbruk og sosial avstand.
Med hans eigne ord: «Eg sjølvidentifiserer meg sjølv som venstreorientert, og eg forstår at folk har mange slags ulike identitetar, men dette kjendest klekt ut i eit laboratorium når det gjaldt kor mange identitetar og fryktelege opplevingar som kan bli lagt på éin person.»
Det er uklart kven som skapte dei to legane, men profilane deira var meint å appellere til ein viss brukartype på Twitter. Begge presenterte seg som medlemmer av LGBTQ+-samfunnet, hadde det ukrainske flagget og regnbogeflagget i profilane sine, og Robert skreiv til og med ope om at han i ein periode leid av MPX (apekoppar), i tillegg til å ha vore offer for eit «transfobisk åtak» i oktober. 27.november gjorde «Robert Honeyman» det òg klart at han var imot protestane i Kina som følgje av den strenge null-covid-politikken der borgarar mellom anna vart sperra inne i sine eigne bustadblokker for å svelte i hel.
Det er òg uvisst kva som er intensjonen bak å skape slike falske legar. Tranen har ein hypotese om at det anten kan vere nokon med gode intensjonar, men som har mykje covid-angst – eller noko meir vondsinna som har som mål å sverte liberale. «Vi har nettopp akseptert at desinformasjon er ein vesentleg del av korleis Twitter fungerer,» sa han avslutningsvis.
Revolver.news kjem med hypotesen om at etterretningstenestene kan stå bak: «Kan dette nettverket av falske legar vere del av ein større militærgrads psy-op som vart sleppt laus på USA og heile verda?»
Natural News kallar det heile ein falsk flagg-operasjon. Journalisten leverer følgjande avsluttande kommentar på si oppsummering av saka:
«Atter ein gong blir sosiale media brukt til å pushe løgner, falske forteljingar og propaganda, og beviser nok ein gong at Big Tech-selskapa utan tvil er knytte til den amerikanske djupstaten.»