Avdekte e-postar frå 2020 viser at covid-PCR-testing er ein BLØFF

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

PCR-testane som regjeringa tvinga på massane under Wuhan koronavirus (Covid-19)-«pandemien» er ingenting anna enn ein bløff, viser avdekte e-postar.

Professor Martin Neil fekk i september 2020 ei handfull anonyme e-postar som utan tvil beviste den bedragerske naturen til PCR-testar, som aldri vart laga for å oppdage virus.

«Somme av [test]sekvensane er funne i sjølve det menneskelege genomet,» står det i ein av e-postane.

Vidare vart syklusgrensa i PCR-testsett nesten konsekvent sett altfor høgt, noko som resulterte i massevis av falske positive. Og var desse setta i det heile teke godkjent eller sertifisert for slik testing i fyrste omgang? Absolutt ikkje.

Ein av dei største varselflagga er gensekvenseringa som dr. Christian Drosten brukte i sitt eige covid-testing system som danna grunnlaget for dei som vart spreidd rundt om i verda. Drosten, fyren som har fått æra for å finne opp screening-systemet for covid, isolerte aldri viruset – han hadde ikkje eingong tilgang til det.

«I staden lasta han ned virus-RNA-sekvensen frå ein kinesisk database,» forklarer rapportar. «Drosten skapte deretter det fyrste kommersielt tilgjengelege RT-PCR-screening-settet basert på dette genomet.»

«Dei kinesiske forskarane hevda seinare at den isolerte virusprøven vart ubrukeleg kort tid etter at dei hadde lasta opp sekvensen, so dei øydela alle etterleivningar.»

(Relatert: Korleis kan PCR-testar teste for covid dersom covid aldri har blitt isolert eller ein gong bevist å eksistere?)

PCR-testar er falske, akkurat som covid

Utan tilgang til det isolerte viruset, korleis var det mogleg for Drosten å få tak i det komplette virus-genomet då han valde ut sine førebuande sekvensar? Og kvifor stiller ingen andre desse spørsmåla, eller prøver å svare på dei?

Dei anonyme e-postane forklarer at i tillegg til at somme av dei førebuande sekvensane kjem frå sjølve det menneskelege genomet, kjem andre delar av det frå ei ukjend kjelde i sjøvatn.

Det alt dette tydar, er at covid-testing var falsk – og sjølve viruset ser ut til å ha vore falskt òg. Heile greia var ein psy-op [psykologisk operasjon] laga for å provosere fram frykt, paranoia og lydigheit overfor staten.

For rundt to og eit halvt år sidan då Neil mottok desse e-postane, ville det ha vore eit godt tidspunkt å fortelje verda om dei – men tragisk nok gjorde ingen det. Sanninga er at der ikkje finst noko nytt og dødeleg koronavirus, og det gjorde det aldri, basert på dette alarmerande bevismaterialet.

I staden for at sanninga kom ut, la den rådande makta lok på det og heldt fram med å påtvinge sin bedragerske virus-testingsbløff. Regjeringar spreidde skremselspropaganda om nye «bølgjer» av viruset, saman med nye «variantar» som desse sjølvsame testane på eit eller anna vis oppdaga, sjølv om ingen av variantane nokosinne har blitt isolerte heller.

Legg til dette det faktum at laboratoria som vurderte covid-testresultat fullstendig gjekk vekk frå Verdas helseorganisasjon (WHO) sine standard retningslinjer for å identifisere eit positivt testresultat, og det blir meir enn openbert at heile opplegget var ein bløffdemi i kvar tyding av ordet.

«Dette bevismaterialet peikte igjen på kryssreaktiviteten og ikkje-spesifikasjonen av PCR-testen,» skriv Rhoda Wilson for The Exposé om kva e-postane avdekte. «Dei såg ut til å vere laga for å fange opp, vel, kva som helst som du vil at dei skal fange opp.»

«So, heller enn å finne restar av SARS-CoV-2-virusfragment, var dei kanskje temmeleg briljante til å finne kva som helst slags koronavirus. Altso, kanskje testane fungerte perfekt, men ikkje for det føremålet eller den måten dei sa til oss at dei ville fungere.»

Ha i sinne at vanleg forkjøling er eit koronavirus, som tydar at testane sannsynlegvis berre fanga opp sesong-snufsing, som deretter vart brukt til å skremme og tvinge menneske til å bli «vaksinerte», som heilt tydeleg var planen frå byrjinga av.

Covid er definitivt den største bløffen som nokosinne er utført mot verda av globalistane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s