RIGGA: Silicon Valley Bank gav sine tilsette bonusar berre nokre timar før kollapsen

Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.

Tilsette i Silicon Valley Bank fekk sine årlege bonusar fredag [10.mars 2023] berre nokre timar før regulatørane tok over banken.

Betalingane var visstnok bonusar for arbeid utført det siste året, og var allereie i ferd med å bli prosessert i dagane før kollapsen til banken. I fortida har banken betalt sine tilsette bonusar den andre fredagen i mars, hevdar kjelder.

Med andre ord kan det vere tilfeldig at tilsette fekk bonusane sine same dagen som banken fall. Banken, som har base i Santa Clara, California, var midt i ei bankkrise som var forårsaka av panikkslegne investorar då Federal Deposit Insurance Corporation (FDIC) tok den midt på dagen fredag.

FDIC vil ha rolla som mottakar, som normalt inneber å likvidere banken sine aktiva til å betale kundane tilbake, inkludert kreditorar og dei som set inn innskot. I ein tominutts video publisert fredag, annonserte dåverande adm.dir., Greg Becker, til arbeidarane at han ikkje lenger var den som tok avgjerder i banken.

Sjølv om storleiken på bonusane er uklar, skriv Glassdoor.com at bonusar for tilsette i banken går frå rundt 12 000 dollar for partnarar til 140 000 for dei som har managing director-roller. Dei tilsette i banken tente i snitt rundt 250 000 dollar i 2018, noko som gjer den til den best betalte, offentleg handla banken det året.

Bonusar for banken sine internasjonale tilsette skulle etter planen skje seinare i månaden og har enno ikkje blitt utbetalt.

FDIC sendte e-post til somme av arbeidarane i banken fredag ettermiddag der dei tilbydde dei mellombelse jobbar. Tilsette som samtykte i å bli verande hjå den fallerte banken vil bli gjevne 1,5 gonger deira vanlege lønn dei neste 45 dagane, medan timearbeidarar vil få det dobbelte av normal sats.

Ein representant frå FDIC fortalde Axios: «Utan å kommentere salær, er det vår standardpraksis å be banktilsette om å hjelpe til med ein skikkeleg overgang som del av resolusjonsprosessen vår.»

Banken, som hadde meir enn 8500 tilsette per desember og er den 16. største i nasjonen, kollapsa etter eit fall på 60% i aksjeandelar førde til eit skred av kontouttak i det som er rekna som eit av dei verste finansinstitusjonsnederlaga i landets historie. Silicon Valley Bank kontrollerte aktiva til ein total verdi av 209 milliardar dollar på slutten av sist år, og vart sett på som den føretrekte banken for fleire industriar og oppstartsføretak i Silicon Valley.

Leiarar selde unna aksjar i vekene som førde opp til bankkollapsen

Eks-adm.dir. Greg Becker selde for 3,57 millionar i selskapets aksjar berre to veker før banken kollapsa i det som blir skildra som eit på førehand planlagt, automatisert unnasal. 27.februar kvitta han seg med meir enn 12 000 aksjar til ein snittpris på 287,42 dollar stykket, medan CFO Daniel Beck selde 2000 aksjar; prisen på aksjen sokk til litt under 30 dollar fredag.

Som ein FDIC-forsikra bank, er berre 250 000 dollar per konto i Silicon Valley garantert for. Derimot viser banken sin nyaste årlege rapport at 96% av dei 173 milliardane i innskot ikkje var forsikra.

FDIC sa at alle forsikra innskotskundar vil få tilgang til sine forsikra innskot, medan uforsikra innskotskundar vil få eit «førehandsutbytte i løpet av den neste veka» [i originalartikkelen: advanced dividend within the next week].

I mellomtida har Tim Mayopoulos, den nye statleg utpeikte adm.dir., appellert til banken sine mektige kundar og forretningsmenn om å ta pengane sine tilbake til banken. Han sa òg at han ikkje var sikker på kva banken sin «nøyaktige endetilstand» til vere, men kom med tre moglege utfall: likvidering, sal eller rekapitalisering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s