Korleis covid-nedstengingar bana veg for den noverande finanskrisa

Av Christian Parenti, henta frå Strategic Culture Foundation. Omsett av saksyndig.

Nedstengingar og pengeutdelingar som kravdest for å halde økonomien i live hjelpe til med å drive inflasjon. Deretter sette den amerikanske sentralbanken (Fed) opp rentesatsane. Og helvete braut laust.

Fredag 10.mars 2023 døydde Silicon Valley Bank (SVB) av covid. Greitt, det er lite grann meir komplisert enn det, men covid-nedstengingar følgt av massive føderalstatlege pengeutdelingar var ein kritisk – og massivt under-anerkjent – faktor i å føre til undergangen til banken.

I hjartet av krisa ligg den gigantiske haugen av lågrente-gjeld som vart skapt på høgda av pandemien. Medan privat-sektor, pandemi-æra-gjeld slik som korporasjonsobligasjonar òg gjekk til himmels, samla føderalstatleg gjeld slik som statsobligasjonar seg opp.

I eit nøtteskal, under pandemien skapte regjeringa enorme mengder statsgjeld med ekstremt låg rente – rundt 4,2 billionar [4200 milliardar] dollar av det. Men no er rentesatsane, inkludert den til statsgjeld, høgare enn dei har vore på 15 år. Og investorar dumpar si lågrente-gjeld. I det dei dumpar den går oppatt-salet av den gamle gjelda ned. Dess meir den går tilbake, dess meir ønskjer investorar å kvitte seg med. Og soleis blir panikk fødd.

For å forstå problemet til fulle, må spørsmålet om amerikansk statsgjeld setjast inn i sin større kontekst, som er: pandemiresponsen som eit heile.

Då nyheita om covid-viruset fyrst dukka opp i desember 2019, vart den toårige statsobligasjonen tilbydd til 1,64% rente; den tiårige var på rundt 1,80%, og oppatt-salsverdien av slike obligasjonar på den sekundære marknaden var sterk. So, i mars 2020, då covid-tilfelle og dødsfall gjekk i vêret, byrja USA å rasere økonomien med panikkarta nedstengingar som liksom skulle «flate ut kurven» eller seinke spreiinga av viruset, og dermed beskytte sjukehusa. Men covid var politisert og nedstengingane vart forlenga.

Etter kvart som nedstengingane trakk ut i tid, byrja den amerikanske økonomien å kollapse, og krympa med ein rekordbrytande årleg rate på 31,4% under det andre kvartalet av skatteåret 2020.

For å unngå total økonomisk øydelegging, byrja den føderale regjeringa ein massiv, gjeldsfinansiert pengebruk. I mars 2020 skreiv Trump under på og gjorde til lov lovforslaget på 2,2 billionar dollar i stimulus kalla CAREST Act, eller Coronavirus Aid, Relief and Economic Security. So, i mars 2021, skreiv Biden under på American Rescue Plan Act som inneheldt 1,9 billionar dollar meir i covid-hjelp. Endeleg, i april 2021, vart nok ein billion i covid-hjelp pøst inn i Consolidated Appropriations Act.

Takka vere desse lovene mottok kvar ein industri og folk flest offentlege pengar. Der var auka og utvida arbeidsløyseutbetalingar, so vel som dei sokalla «simulus-sjekkane», eller stimulus-utbetalingar til alle som tente under 75 000 dollar eit år (rundt halve befolkninga) [beløpet tilsvarer rundt 802 800 kroner i 2023-pengar; oms.komm.]. Paycheck Protection-programmet brukte nesten ein billion dollar. Provider Relief Fund delte ut 178 milliardar til helseomsorgssystemet.

All denne gjeldsbruken heldt millionar av menneske heime, og hjelpte til med å mate, sysselsetje og ivareta fleire millionar fleire. Tiltaka lét fleire hundre tusen føretak halde seg flytande sjølv når fleire tusen andre gjekk under. Effekten av å bruke midlar på velværet til amerikanarar var generelt positivt. Ei kort stund var barnefattigdomsraten halvert, og fall til 5,2%.

Men dei økonomisk destruktive nedstengingane var ikkje naudsynte og fungerte ikkje. Covid-fanatikarar held fast på at nedstengingane var uunngåelege fordi viruset er so dødeleg. Det, derimot, er uinformert. I fjor forklarte eg [artikkelforfatteren] i detalj korleis Lockdown Left [«nedstengingsvenstre»] tok feil av covid-krisa. Ikkje ein einaste kritikar har utfordra nokon av faktaa som eg presenterte, so det er lite poeng i å gjengje alle saman her.

Dei som kjempa for eit alternativ til dei klønete nedstengingane, slik som forfattarane av Great Barrington-deklarasjonen, som bad om «fokusert beskyttelse» av sårbare grupper slik som eldre, vart på vondsinna vis gjort til skyteskive i ein svertekampanje som i det skjulte vart orkestrert av tidlegare NIH-direktør Francis Collins og de facto covid-tsar Anthony Fauci. Dei brydde seg ikkje om at forfattarane av dokumentet var tre eminent kvalifiserte vitskapsfolk: Sunetra Gupta, professor i teoretisk epidemiologi ved Oxford universitet; Jay Bhattacharya, professor i medisin ved Stanford; og Martin Kulldorff, tidlegare professor i medisin og biostatistikk ved Harvard. Dei vart framstilte som høgreekstreme skrullingar som omtrent ivra for å sjå millionar døy. Men no har dei blitt reinvaska.

Til slutt brukte den føderale regjeringa 4,2 billionar dollar på å støtte opp om den økonomien som dei samstundes kvelte til døde med nedstengingar. Desse to motseiiande presstypane la grunnlaget for dei noverande bankundergangane. Statleg påtvinga nedstengingar var som eit hardt slag mot økonomien. Fabrikkar stengde, småbedrifter gjekk under, hamner og logistiske knutepunkt reduserte verksemda, og rundt to millionar arbeidarar, for det meste eldre, sa rett og slett opp. Men på same tid injiserte den føderale regjeringa enorme mengder kjøpekraft inn i økonomien, og oppfriska dermed forbruket.

Desse to motseiiande trekka frå regjeringa påførde nesten uuthaldeleg press på forsyningskjedane. Då manglar gjekk i taket, byrja prisane å stige tilsvarande. Enkelt forklart: nedstenging pluss stimulus var lik inflasjon.

Sjå berre på ein av dei viktigaste flaskehalsane i heile økonomien. Under nedstenginga vart mange kommersielle køyreskular stengde. Dette hjelpte til med å skape ein mangel på rundt 80 000 lastebilsjåførar. Dersom lastebilar ikkje er ute på vegane, går forsyningar ned og prisane går opp.

I byrjinga var det offisielle mantraet om inflasjon – sagt på pappegøye-maner av Lockdown Left – at inflasjonen var «mellombels». Men det var den ikkje. Inflasjonen nådde ein topp på 9,1% i juni 2022 medan lønnsveksten låg etter på rundt 5%. I april 2020 under det verste av nedstenginga, sokk Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken; oms.an.] sin Federal Funds Rate til 0,5%. Innan februar 2022 hadde den berre stige til 0,8%.

I mellomtida skaut inflasjonen til himmels. Innan februar 2022 hadde inflasjonen nådd 7,9%. berre då byrja Fed, i eit forsøk på å få ned prisane, å høgne rentesatsane i den raskaste farten i si historie. Federal Funds-satsen var på rundt 4,57% då SVB gjekk under. Kanskje ei massiv bølgje av skattelegging kunne ha soge opp nok likviditet til å hjelpe til med å kjøle ned prisane, men det var politisk umogleg. Desto meir politisk smakfull respons i Washington var det for Federal Reserve å høgne rentesatsane.

Her ligg problemet. Under høgda av nedstengingane kjøpte bankar opp enorme mengder statsgjeld. Som Wall Street Journal formulerte det: «Amerikanske bankar lid av etterverknadene av ein covid-æra innskotsboom som gjorde at dei bada i pengar som dei måtte bruke. Innanlandsinnskot i føderalt forsikra bankar steig med 38% frå slutten av 2019 til slutten av 2021, viser data frå FDIC. I løpet av den same perioden steig totale lån med 7%, noko som etterlét mange institusjonar med store mengder pengar å sende i tryggleik i det rentesatsane nærma seg rekordlåge nivå.» Bankane, som bada i innskot med ikkje nok behov for lån, kjøpte tryggleik i den amerikanske regjeringa. Kjøpa deira steig med 53% mellom 2019 og slutten på 2021, til ein total sum av 4,58 billionar dollar, ifølgje Fed-data rapportert av Wall Street Journal.

Fordi so mykje gjeld vart stifta, bar den med seg superlåge rentesatsar. Til dømes, 27.juli 2020 vart den tiårige statsobligasjonen tilbydd til ei årleg rente på berre 0,55%. dette er greitt dersom du er den som låner pengar, men dersom du er utlånar (altso ein bank som gjev den føderale regjeringa pengar i byte mot ein statsobligasjon), tydar det at inntektsstraumen din vil bli redusert til ein ynkjeleg bekk. Dersom inflasjonen stig, forsvinn den so å seie.

I det innteninga på ny statsgjeld lente seg mot 5% og inflasjonen låg som ein stabeis på rundt 6,4%, byrja all denne gamle, lågrenta pandemiæra-gjelda å sjå ut som søppel, og bankar byrja å kvitte seg med den. Dess meir bankane dumpa gammal gjeld, dess mindre verdi hadde den gjelda på oppatt-salsmarknader. Dess lågare oppatt-salrenteverdien var, dess meir ønskte bankane å kvitte seg med den. SVB tapte nesten to milliardar dollar på å selje unna statleg tryggleik. Og då dei formidla tapet, fall aksjeprisen deira med 60%.

På same tid tok mange av SVB sine kundar ut pengar. Dette kom til dels av at stigane rentesatsar gjorde det dyrare å ta opp nye lån, og var difor incentiv for å bruke oppsparte midlar i daglege forretningsoperasjonar. I tillegg gjorde høgare inflasjon og høgare rentesatsar til at bankinnskot med lita inntening vart mindre attraktive, og fekk dei som sette inn pengar til å heller investere sine ekstra pengar i det som gav høgare utbyte. So, akkurat då SVB trong pengar, fordufta innskot som dogg for sola.

Innan slutten av veka 10.mars, hadde dei fire største bankane i USA tapt 51 milliardar på grunn av deira panikkarta dumping av pandemiæra-gjeld. Like etter at SVB kom under statleg kontroll, stengde statlege regulatorar den New York-baserte Signature Bank. Før helga var over hadde Federal Reserve annonsert danninga av ein ny utlånsfasilitet som ville sikre at «bankane har evna til å møte behova til alle sine innskotskundar». Vidare sa Fed at dei var «førebudd på å adressere kvar eit likviditetspress som måtte oppstå».

Det kunne sjå ut som at den føderale regjeringa er klar til å utføre nok ei de facto, delvis nasjonalisering av amerikansk bankverksemd, akkurat som dei gjorde i 2008 via naud-«kontantinjeksjonar» og deretter Troubled Assets Relief Program (TARP). I denne noverande krisa kan bankar unngå tap på lågrentegjelda si dersom dei ikkje sel den før den mognar. For at det skal skje, treng bankane pengar. Fed har sagt at dei vil pøse enorme mengder pengar inn i bankane medan alle dei relevante embetsfolka har erklært at banksystemet på ein eller annan måte vil betale for dette. Alt dette vil nestens sikkert tyde at enno meir statsgjeld vil bli stifta.

Allereie er betalingar på rente av den føderale gjelda ein av dei største enkeltpostane i det amerikanske budsjettet – sett til å nå 400 milliardar dollar no i år. Det er nesten halvparten so mykje som det grotesk overutvikla militærbudsjettet. Til samanlikning var den føderale pengebruken på bustader berre 78 milliardar dollar.

Å gjerde om banksystemet er naudsynt fordi at dersom det kollapsar, går heile økonomien med det i dragsoget. I det minste på kort sikt er amerikanarar gissel av det amerikanske finanssystemet. Men statleg intervensjon utan nokon nye retningslinjer og skattar for finanssektoren, vil mest sannsynleg innebere meir inflasjon og ei større finansboble. Ved å nekte å skikkeleg skatteleggje dei topp 1%, forpliktar òg den føderale regjeringa seg til strengare forhold for dei mange og meir velferd for dei rike, fordi stigane statsgjeld tydar at ein aukande del av skattane våre må gå mot å betale på renter.

Dette systemet av kriseutsett, hyperfinansiert kapitalisme ser stadig meir ut som ein dopavhengig. Dersom han ikkje får sin hamlege dose av hjelp frå offentleg sektor, vil han rett og slett kollapse og døy.

Sjølv om den føderale regjeringa kan bremse den noverande krisa, er pandemigjeld-historia global og vil særs sannsynleg skape vanskar i lang tid framover. Som ein 2021-rapport frå Verdsbanken formulerte det: «Oppbygginga av gjeld under den pandemi-induserte globale resesjonen i 2020 var den største på fleire tiår. Dette var sant for alle typar gjeld – total, statleg og privat gjeld; og avansert økonomi og EMDE [emerging market and developing economy]-gjeld; ekstern og innanlands gjeld. I 2020 nådde den totale globale gjelda 263% av brutto nasjonalprodukt og global statleg gjeld 99% av BNP, deira høgste nivå på eit halvt hundreår.»

Den amerikanske intelligentsiaen og deira medieelitar byrjar endeleg å rekne med påverknaden av villeia og autoritære nedstengingar av elevundervisning og den mentale og fysiske helsa til millionar. Men oppi all diskusjonen om den noverande bankstoda, ser den avgjerande rolla til nedstengingar som årsak til krisa ut til å bli ignorert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s