Parlamentsmedlem: «Kriminalsaker mot covid-politikarar og tenestepersonar er i ferd med å byrje»

Av Amy Mek, RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.

Den britiske parlamentsmedlemmen Andrew Bridgen gjekk ut på sosiale media for å formidle at under hans besøk i Washington D.C. sist jul, vart han informert om at det amerikanske forsvarsdepartementet (DoD) var ansvarlege for både koronaviruset og vaksinane. Han slo òg fast at Fort Detrick og ein fasilitet i Canada var involverte.

Tidlegare offentleggjorde dokument som den tidlegare farmasøytiske direktøren Sasha Latypova avdekte, viste at «koronavirus-pandemien» er ei biokrigføringshandling utført av DoD mot befolkninga i USA og verda. Ho kalla det ein «militæroperasjon, krigsbrotsverk og avskyelegheiter dekte over som ei helsehending».

Slutten på denne månaden

Det viser seg at vaksinane ikkje er vaksinar, men at dei er kjent som «mottiltak» brukt mot befolkninga. Ho kalla dei for giftige «vaksinar» designa for å forårsake meir skade og død. Latypova oppdaga at planlegginga av denne militæroperasjonen starta so tidleg som 2012.

Bridgen forventar at kriminalsaker mot dei mange politikarane og tenestepersonane som er ansvarlege for dette, skal byrje i slutten av denne månaden [mars 2023].

I ein ekstraordinær tale til det britiske House of Commons no i desember [2022], avslørte parlamentsmedlemmen at der har skjedd ei overdekking ved British Heart Foundation som viser sambandet mellom myokarditt og covid-mRNA-vaksinane. Han kravde deretter at bruken av vaksinane vart avslutta. Han sa at problem med vaksinane blir dekte over på grunn av finansielle band til Big Pharma.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s