Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.
Det kjem kanskje ikkje som noka overrasking at folk som ønskjer å lemleste sine eigne kjønnsorgan lid av ei eller anna form for psykisk liding, men ein studie viser akkurat kor sterkt behovet for psykologhjelp er blant menneske som ønskjer kjønnskorrigerande kirurgi.
Forskarar ved Irans universitet for medisinvitskap fann ut at 81% av dei som seier dei er transpersonar opplever alvorlege personlegdomsforstyrringar.
Ifølgje studien har 57,1% av transpersonar narsissistisk personlegdomsforstyrring, medan snittet på psykiatriske diagnosar hjå transpasientar er tre.
Studien konkluderte: «Personlegdomsforstyrringar er vanleg blant pasientar med kjønnsidentitetsforstyrring som er kandidatar for kjønnsskifte. Som eit resultat er vurderinga av personlegdomsforstyrringar før kjønnskorrigerande kirurgi, og tilbodet om psykologisk og medisinsk omsorg, om behov, sterkt tilrådd.»
Betydeleg prosentdel av transungdommar har autisme
Andre studiar har vist at unge vaksne med autisme er betydeleg overrepresenterte blant den unge transbefolkninga. Ifølgje somme legar kan trekk frå autismespekteret – slik som større risiko for problem med kroppsbiletet, ei kjensle av sosial avvising og fiksert tankemønster – bidra til forvirringa deira.
Den kanadiske psykiateren dr. Susan Bradley, som har jobba med kjønnsdysforiske barn sidan 1970-talet, sa at ho føler at mesteparten av barna som ønskjer kjønnsskifte har høgtfungerande autisme og blir rett og slett utnytta av ein profittdriven medisinsk industri.
Transpersonar har mellom tre og seks gonger større sannsyn for å vere autistiske enn dei som ikkje er transpersonar, viser forsking, og det er eit samband som har blitt utforska av forskarar i meir enn ti år. Faktisk har den største barnekjønnsklinikken i verda, Gender Development Identity Service, kome i elden over påstandar om at opp til 97,5% av pasientane deira har autisme.
Dr. Bradley sa at tendensen til dei med autisme til å fokusere intenst på tema som interesserer dei, og deira manglande evne til å sleppe frå seg noko når dei fyrst er overbevist om at det er sant, gjer dei spesielt sårbare overfor dei som kastar seg på dei for å få dei til å gjennomgå kjønnsskifte-kirurgi.
I mange tilfelle manglar dei venner fordi dei er ute av stand til å passe inn, og strevar med å handtere sterke kjensler. Somme blir derfor trekte mot kjensla av tilhøyrsle som dei finn når dei uttrykkjer ei interesse for transkjønnsideologi.
Dr. Bradley fortalde Daily Caller News Foundation: «Når nokon kjem til å nemne at, du veit, dei er trans, eller dei høyrer om transungar og går på nettet, sjølv om alt dei gjer er å seie ‘eg lurer på om eg er trans’, blir mange av desse barna automatisk akseptert. ‘Vel, du må vere trans om du i det heile tenkte på det’. Og for dei er det ein særs hjelpsam reaksjon fordi plutseleg føler dei det som om det forklarer alle problema dei har hatt heile tida.»
Ei ung kvinne som fekk ein dobbel mastektomi [kirurgisk fjerning av begge brysta; oms.an.] og kjønnsskifte-hormon frå alderen 13 til 17, men som no angrar å ha skifta kjønn, Chloe Cole, har nøyaktig denne typen erfaring. Ho sa at etter ho hadde snakka med ein ikkje-transperson som òg låg på autismespekteret om somme av symptoma sine og opplevinga si av puberteten, oppdaga ho at kjenslene som ho skildra er ein del av det å vere autistisk og gå gjennom puberteten. Ho er no i gang med å saksøkje dei medisinske profesjonelle og sjukehusa som tok del i kjønnsskiftet hennar, medan advokatane hennar held fast på at ho burde ha blitt gjeven psykoterapi for autisme, heller enn å bli kasta inn i kjønnslemlesting.
Akkurat no identifiserer 300 000 amerikanske mindreårige seg som transpersonar, og so mange som 30 000 av dei ønskjer kjønnsrelaterte medisinske inngrep. Der finst no rundt 100 klinikkar som tilbyr kjønnsskifteprosedyrar for unge menneske. Dei påstår at dei hjelper barn, men desse studiane viser at det mange av desse unge menneska verkeleg treng, er behandling for sine underliggjande mentale problem, som ganske sikkert kan spare dei for smertefull kjønnslemlesting, infertilitet og anger resten av livet.