Dette er meint som ein oppfølgjar til meiningsartikkelen eg publiserte på julaftan 2022, «Dersom alt går til helvete, har DU ein plan?». Same dag som artikkelen vart publisert, sklei eg på isen ute i skogen og braut beinet, so det viser at ein aldri heilt kan vete kva som lurer bak neste hjørne. Klart, når det gjeld globalist-eliten sine vondsinna planar, annonserer dei som ekte Bond-skurkar heile greia i forkant, so det krev ikkje overnaturleg intelligens for å gjette seg fram til kva dei har i ermet. No når fleire amerikanske bankar har kollapsa, er det forståeleg nok ei kjensle av undergang blant uavhengige og alternative media.
Skribenten S.D. Wells skriv i nettavisa Natural News 22.mars 2023 om ti helse- og tryggleiksproblem som folk vil måtte takle etter bankkollapsen. Han (eller ho?) pakkar det ikkje akkurat inn (mi omsetjing):
«Dominobrikkene vil falle. Ver ikkje på nokon måte i tvil om at bankane Silicon Valley, Signature og Silvergate berre er dei tre fyrste i ei lang, lang rekkje av bankar som ikkje berre vil måtte reddast ved hjelp av bail-in, men vil fullstendig kollapse dei komande dagane, vekene og månadene av 2023 og inn i 2024. Dette er ein masse-bank-run, og heile systemet kjem til å kollapse. Det er ein plan, ikkje ein utilsikta bieffekt eller fallgruve. Det er ein total systemkollaps, og FDIC sin 100 milliardar dollar-bailout er berre eit knøttlite plaster på eit djupt, gapande sår som vil få offeret til å blø i hel – USA.»
Natural News er ikkje dei einaste som spår finansiell undergang. Hans Eirik Olav i Rebel Yell Publishing kallar det like godt «Armageddon i bank og finans». Innleiingsvis skriv han det folk flest vil føle djupt ubehag av å lese, men som likevel må seiast:
«De som fremdeles stoler på at våre politikere vil beskytte spare- og skattemidler fra å forsvinne i den pågående bank- og finanskollapsen, har seg selv å takke for at de ‘sover ved rattet’ til sin egen økonomi, og ikke tar ut pengene før det er for sent. De tror på julenissen.»
Han skriv deretter at Christine Lagarde, sjefen for den europeiske sentralbanken (ESB) har sett opp styringsrenta med 0,5%, til trass for at det er det høge rentenivået som fører til bankkollaps. Dette kan ifølge Olav tolkast som at styresmakta og sentralbanken ønskjer ein verdsomspennande kollaps. Samstundes bekrefta Janet Yellen, sjefen for det amerikanske finansdepartementet (US Treasury) i ei kongresshøyring at USA sin privateigde sentralbank (The Fed), prioriterer å redde dei aller største bankane, samstundes som dei vil late resten av banksystemet gå konkurs, noko som gjeld fleire titals tusen bankar. Dei har interesse av å redde dei største bankane fordi det er dei same folka som eig dei bankane som eig The Fed. Det eg kallar finansiell triage blir difor gjort av dei for å redde sine eigne skinn medan resten berre kan gå under for alt dei bryr seg.
Olav meiner at norske politikarar og byråkratar speler på lag med Lagarde og Yellen. Han baserer dette på at ein i Noreg hart varsla om rentehevingar på 0,25-0,5%, «hvilket betyr at banker som Nordea og DnB, som allerede er ‘teknisk konkurs’ – slik for øvrig våre forsikrings- og pensjonsselskaper er – styres av våre myndigheter mot kollaps». I tillegg hevdar Faktisk.no at «den kollapsen som utspiller seg ‘for åpen scene’ ikke er så skadelig for boligmarkedet. Faktisk.no er med stor sannsynlighet instruert av sine eiere til å si dette, slik at kollapsen kan foregå uten alt for store protester fra folket».
Kvifor gjer eliten dette? Kort fortalt ønskjer dei at det noverande systemet skal kollapse, slik at dei kan erstatte det med sitt eige Central Bank Digitial Currency (CBDC)-system. Kombinert med det totalitære overvakingssystemet som er på frammarsj i den vestlege verda, vil dette føre til det perfekte fengsel: Du blir overvaka døgnet rundt, og staten kan bestemme kor mykje pengar du skal ha til rådigheit på bankkontoen til ei kvar tid. Sosialkreditt-system blir innført, saman med vaksinepass, der du må ha siste oppfriskningsdose mot kvar ein sjukdom dei diktar opp for å få tilgang til pengar, offentleg transport og andre livsviktige arenaer. Kritikk mot systemet vil føre til inndraging av nemnde goder. Dette har dei planlagt i mange år, men har i det siste fått hastverk fordi dei trur dei ikkje vil nå dette målet innan 2030 (året er referert til i den berykta frasen Agenda 2030). USA sin reelt valde president Donald Trump har gjort ein fantastisk innsats for å sabotere deira vondsinna planar, og han er difor i stor fare for tida.
Eg tilrår at de les heile artikkelen til Hans Eirik Olav, som forklarer både historia, konteksten og motivasjonen bak det som no finn stad. Dette er ein plan frå eliten som er minst hundre år gammal.
Ein snakkar i engelskspråklege media om sokalla bank runs, det at kontoeigarar ser at banken deira går den vegen høna sparkar, og dermed naturlegvis ønskjer å ta ut pengane dei har på kontoar før dei forsvinn. Ingen bankar kan overleve utan pengar, so om alle tømmer kontoane sine i ein bank, er banken fortapt. Sjølv om The Treasury (finansdepartementet) og The Fed (sentralbanken) spyr ut framtrylla fiatpengar i enorme mengder for å redde kompisane sine i dei største bankane, er alt ifølgje Natural News-skribent S.D. Wells eit spel for å redde ansikt. Systemet kjem til å kollapse:
«Det er ei kontrollert øydelegging, og det skjer etter boka, sakte, men sikkert. Det heile endar med den totale kollapsen av dollaren og defaulten til heile det amerikanske banksystemet. Kryptovaluta og kontantar vil alle bli verdilause, so gjer dykk klare til å ete insekt og drikke dioxin-infisert vatn dagen lang.»
Default viser til at ein part ikkje lenger er betalingsdyktig, og blir vanlegvis brukt om manglande evne til å til dømes nedbetale eit lån. Parten blir dermed insolvent. Føretak nyttar seg ofte av dette på grunn av manglande inntekt, og resultatet er eit møte i skifteretten og konkurserklæring. Om heile det amerikanske banksystemet erklærer seg insolvent på denne måten, betyr dette slutten på dollaren – det vil då skje ei devaluering som gjer heile valutaen verdilaus. Wells skriv vidare:
«Etter den ekte bankkollapsen byrjar å manifestere seg, vil amerikanarar av alle klassar, verdigrunnlag og fargar kjenne på smerta. Dersom du bur i ein storby, spesielt ein som er styrt av Demokratar, vil du helst kome deg vekk, og det litt brennkvikt. Der vil vere opptøyar. Der vil vere panikk. Der vil vere tomme butikkhyller overalt. Der vil mest sannsynleg ikkje vere straum, drivstoff eller Internett. Der vil ikkje vere minibankar eller opne bankar slik at du kan ta ut pengane dine. Kredittkort vil ikkje fungere. Kryptovaluta vil vere frosen.»
Vi snakkar dommedag og samanbrot av samfunnet, slik som er skildra i tallause post-apokalyptiske filmar. Scenarioet er det verst tenkjelege. Ingenting vil fungere, heller ikkje helsetenestene. Sklir du på isen og bryt beinet, kjem du til å døy fordi ingen vil redde deg – langt mindre operere deg. Vi er tilbake i steinalderen og redusert til dyr med evne til høgare tankeverksemd. Vi er prisgjevne naturen og kvarandre. Livet slik vi kjenner det er over.
S.D. Wells listar opp topp ti helse- og tryggleiksproblem vi vil måtte handtere når alt går til helvete:
1) Hungersnaud
2) Underernæring
3) Mangel på reseptbelagte legemiddel (eller mangel er feil, dei berre forsvinn)
4) Masseopptøyar som forårsakar alvorlege personskadar, djupe sår og rotnande lik i gatene
5) Heteslag om sommaren på grunn av manglande air condition, og iskalde vintrar etter det på grunn av mangel på varme
6) Total mangel på antiseptika
7) Mangel på reint vatn, noko som fører til vassborne sjukdommar i heile landet
8) Masseutbrot av kolera
9) Den neste bølgja av lab-samankokt, gain-of-function-influensa vil spreie seg
10) Covid-clot shots vil halde fram med å ta livet av den injiserte saueflokken, sidan piggprotein tettar til hjarte- og karsystemet deira, og nanopartiklar samlar tungmetall i kroppen, fram til nokre milliardar menneske rett og slett kollapsar av hjartesvikt, slag og svikt i vitale organ
Folk vil fyrst i panikk springe til bankane for å ta ut mest mogleg pengar. Deretter vil dei springe til butikkane for å skaffe seg mest mogleg mat. Det same vil skje rundt om på bensinstasjonane. Deretter vil dei springe etter medisinar rundt om på apoteka. Deretter vil dei jakte på reint vatn. Politi og til og med militære vil vere makteslause, for dei er i eit forsvinnande mindretal. Folk vil myrde kvarandre for eit halvgammalt, muggent brød. Det vil høgst sannsynleg oppstå kannibalisme når folk i desperasjon byrjar å ete kvarandre. Mødrer vil fôre barna sine med kroppsdelar. Auge blir sannsynlegvis å føretrekkje, sidan dei er små, lettyggelege og (iallfall hjå sauer) rekna som den mest velsmakande delen av kroppen.
For å gjensitere Jan T. Voilaas i sin Derimot-artikkel frå 22.desember 2022: «Alle har en plan, helt til de får en knyttneve i ansiktet».
Det er etter mitt syn viktig å følgje med på kva som skjer i USA, for det same vil skje her før eller seinare. Om Hans Eirik Olav sine tankar om Nordea og DnB stemmer, er vi ille ute. Men dersom amerikanarar greier å unngå kollaps av samfunnet, er det desto viktigare for oss å analysere kva dei gjer, for deretter å overføre det til norske forhold. Om det fungerer å opprette parallelløkonomiar – eller heile parallellsamfunn – so må det gjerast når katastrofen er eit faktum. Dei som er ansvarlege må dømmast i ein folkedomstol for sine brotsverk mot menneskeheita, for berre slik kan vi få til eit endeleg oppgjer mot fiendane våre.
Til slutt har eg ei gladnyheit. I artikkelen min frå 24.desember skreiv eg at det norske helsesystemet var på randa av kollaps på grunn av «pandemien». Dette ser ikkje lenger ut til å vere so prekært som eg trudde. Min noverande arbeidsplass ser ut til å fungere ganske greitt. Kollegaer er mentalt oppegåande og kan jobben sin. Den aude sjukeheimen kan rett og slett ha vore eit verst tenkjeleg unntak, der kognitiv svikt, inkompetanse, openberr nepotisme og totalitære tendensar fekk herje fritt fordi alle på sjukeheimen anten var i slekt eller i nære relasjonar med kvarandre. Mine samtalar med «Hege» frå det hemmelege nettverket handla òg om det som verst tenkjeleg kunne skje, og vi trudde begge at heile fiat-systemet ville kollapse innan utgangen av 2022.
Misforstå meg ikkje. Situasjonen vi står i no er særs alvorleg, og med mindre eksterne aktørar grip inn og reddar oss (til dømes BRICS-landa), eller vi reddar oss sjølve (til dømes via oppretting av uavhengige parallellsamfunn), er vi fortapte. Det er for seint å bjeffe når garasjen er stengt og matskåla er tom.
Grusom og tøff lesning det her, men uansett en veldig viktig og god kommentar/artikkel. For de av oss som har hatt et kritisk øye til samfunnsutviklingen, spesielt de siste 20 – 30 årene, er dette slettes ikke uventet, men heller veldig rart at det ikke har skjedd for lenge siden. Dette er flere tiår på overtid etter min mening.
Godt at du har fått et mye bedre sted å jobbe, Saksyndig. Det er velfortjent etter hva du måtte stå i daglig ved forrige arbeidsplass. Det viser jo at ikke alt er helsvart, selv i 2023.
LikarLikt av 1 person