Av Eion Lenihan, The Federalist. Omsett av saksyndig.
Det sensur-industrielle komplekset representerer den største trugselen mot ytringsfridom på nettet i manns minne, og Craig Newmark spyr pengar inn i det.
Milliardærgrunnleggjaren av Craigslist, Craig Newmark, bruker formuen sin på å vidare forme journalistikk om til partisan-aktivisme for å hjelpe Demokratar med å vinne val. Han er nasjonens leiande finansier av «feil»- og «desinformasjons»-industriane og er no den største private interessenten i USAs leiande journalistskular.
Dei mest nylege Twitter-filene offentleggjorde av Matt Taibbi legg til eit urovekkjande nytt lag til historia. Dei viser at Newmark sit i sjølve hjartet av eit incestuøst nett av føderalstatlege byrå, nonprofitt-organisasjonar og konsernmedieinstitusjonar som opererer i samla flokk for å sensurere politiske mostandarar på sosiale media. Newmark finansierer det største koordinerte åtaket på amerikansk ytringsfridom i manns minne.
9.mars la journalist Matt Taibbi ut om korleis Twitter før Elon Musks oppkjøp agerte som ein «regjeringspartner» og arbeidde saman med Department of Homeland Security, FBI, Department of Health and Human Services, Finansdepartementet [US Treasury], National Security Agency og lokalt politi. Eit intrikat system for å rapportere fleire hundre tusen kontoar vart bygt opp, og Twitter gjorde si pålagte plikt ved å slette tusenvis av kontoar på førespurnad.
Ifølgje Taibbi vart grunnlaget for innrapporteringa og slettinga av mange kontoar «tvilsamt». Han peikte på døme der fleire legitime journalistar og til og med den venstreorienterte nyheitsformidlaren TruthOut dukka opp på interne «desinformasjons»-lister.
Derimot seier Taibbi at fleirtalet av førespurnader om sensur ikkje kom frå føderalstatlege byrå. I staden leit Twitter på ein koalisjon av maskinlæring, intern menneskeleg gjennomgang og eksterne «partnarskap» for å fange opp «feilinformasjon» på sida.
Desse eksterne partnarskapa spelte ei aggressiv rolle i å presse gjennom sensur på Twitter. Taibbi kallar denne gruppa «det sensur-industrielle komplekset». Ein intern e-post frå 2020 frå Nick Pickles, dåverande direktør for offentleg policy i Twitter, bygde opp ei arbeidsgruppe med ni ikkje-statlege organisasjonar (NGO-ar) som skulle motverke desinformasjon: First Draft, Centre for European Policy Analysis (CEPA), Alliance for Securing Democracy (ASD), International Republican Institute (IRI), Atlantic Council/DFRLab, Stanford Internet Observatory (SIO), Brookings, National Endowment for Democracy (NED) og National Democratic Institute (NDI).
Som Taibbi peiker på, burde NGO-ane ha vore motvekt til makta som dei føderalstatlege byråa utøvde mot Twitter. I realiteten gjekk medlemmer av det sensur-industrielle komplekset inn i eit incestuøst arbeidsforhold der det vart vanskeleg å skilje éin frå den andre på grunn av deira delte driv mot sensur for å fremje venstreorienterte politiske mål.
Det var godt forstått at ein samla front kunne vere finansiell gåverik og at dei samla var dei de facto innehavarane av sanninga på nettet. Massive offentlege midlar vart injiserte inn i det som visstnok var ikkje-statlege organisasjonar for å hjelpe til med dette kolossale sensurprogrammet.
Taibbi kjem med døme på at Global Disinformation Index mottok midlar frå føderalregjeringa sitt Global Engagement Centre (GEC), og at Newsguard mottok midlar frå det amerikanske forsvarsdepartementet (DOD). Når regjeringa finansierer NGO-ane, som liksom har som jobb å slå tilbake mot statleg sensur av ytringsfridommen på nettet, er utfallet lett å føreseie.
For å leggje nok eit lag til denne tarvelege historia, er limet som held saman denne fusjonen av føderalregjering, NGO-ar og media, millardærinvestorane som finansierer NGO-ane. På toppen blant desse sit Newmark. Fingeravtrykka og den finansielle støtta hans er å finne over heile det sensur-industrielle komplekset.
Til dømes vart First Draft oppretta for å motverke det dei bestemte var «feilinformasjon» i nyheitsrom i forkant av 2016-presidentvalet. I 2017 vart dei inkorporerte i Harvards Shorenstein Center, som Newmark donerte fem millionar dollar til for å opprette Joan Donovan sitt no vanæra Technology and Social Change Project. I 2019 gav Newmark First Draft 1,5 millionar meir dollar for å hjelpe til med å trene opp journalistar til å identifisere desinformasjon i forkant av 2020-presidentvalet.
Centre for European Policy Analysis (CEPA) har base i [Washington] D.C., og mottek hemmelege, men «sjenerøse» midlar frå Newmark for å stoppe spreiinga av «desinformasjon» relatert til krigen i Ukraina.
Newmark er òg djupt involvert i Atlantic Council sin DFRLab. I skatteåret 2020 donerte han opp til 500 000 dollar til den same organisasjonen. I 2022 annonserte Atlantic Council sin Cyber Statecraft-divisjon lanseringa av sitt «Open Source Policy Network» med «sjenerøse», men hemmelege midlar frå Newmark. Han var ein ekspert-gjestetalar på Atlantic Council sitt «2020 Election Integrity and Foreign Influence»-panel før det årets presidentval.
Atlantic Council får òg millionar av dollar i midlar frå den amerikanske regjeringa og forsvarskontraktørar årleg. Denne uklare linja mellom statlege og ikkje-statlege organisasjonar innåt i det sensur-industrielle komplekset sikrar at målet til begge partar følgde same linja. Det er òg viktig å merkje seg at dersom der oppstod motstand eller bekymringar innåt i Twitter med tanke på ein partnar, var Twitter sin einaste metode å vende seg til CEPA, First Draft eller ein annan NGO i nettverket som Newmark òg finansierte. Sjølv når statlege byrå-rådgjevarar og NGO-ar var ueinige om sensur, kunne Newmark vere sikker på at agendaen hans ville vinne fram.
Newmarks største individuelle donasjon til nokon av NGO-ane i det sensur-industrielle komplekset gjekk til Stanford Internet Observatory (SIO). Han donerte fem millionar dollar til å finansiere departementet i 2019. Newmark la pengane sine bak ein av dei mest kontroversielle figurane i studiar om desinformasjon på nettet – Renée DiResta.
DiResta er meddirektør ved senteret, men involveringa hennar i New Knowledge-skandalen frå 2018 burde utelukke ho frå å nokosinne bli teken på alvor innan feltet. New Knowledge var ein Trump-æra medieyndling og eit politisk motivert forsøk på å knyte 2016-valet til påverknad frå russisk desinformasjon.
Prosjektet enda i skandale då medgrunnleggjar Jonathon Morgan innrømte å ha skapt bot-ar og ei falsk konservativ Facebook-side for å forstyrre spesialvalet i delstaten Alabama i 2017 ved å spreie desinformasjon om republikanar-kandidaten Roy Moore. New Knowledge-affæren forblir den største desinformasjonskampanjen i Trump-æraen, og Renée DiResta var direktør for forsking i selskapet på den tida.
Newmarks sponsing av kjende politisk motiverte vonde aktørar stoppar ikkje der. Han auser òg midlar inn i Alliance for Securing Democracy (ASD), som ligg inn under German Marshall Fund. Newmark er ein større gjevar til dette fondet. I 2021 gav han i frå seg éin million dollar, og 500 000 i 2020 for å støtte ASD sin eigen påverknadssporar av russisk desinformasjon, Hamilton68.
På høgda av Trump-Russland-samarbeidslureriet, peikte alle som leita etter «bevis» som støtta påstandar om at russiske bot-armear hadde påverka valet for Trump på Hamilton68 som bevis. Programmet hevda å spore påverknaden til 600 russiske bot-kontoar på Twitter, ein påstand som seinare vart diskreditert.
Sjølv i 2018 visste Yoel Roth, Twitter sin eigen leiar for Trust and Safety, at Hamilton68 var eit desinformasjonsverktøy, men likevel heldt Twitter munn om skandalen. Det er viktig å merkje seg at Hamilton68 var programmert av ingen ringare enn New Knowledge sin Jonathon Morgan. Newmarks vedvarande finansielle støtte til både ASD og SIO gjer det umogleg for han å nekte for sin politiske motivasjon og føretrekking av vonde aktørar.
«Twitter-filene» har bevist over ein kvar tvil at Big Tech konspirerte med ein kabal av føderalstatlege byrå, NGO-ar og media for å sensurere konservative på Twitter, og at dette har skjedd sidan 2016. Som Taibbi formulerer det, «‘etterretningsfolk’, ‘forskarar’ og leiarar i selskap som Twitter er i praksis eitt team.» Og den finansielle kapteinen til det teamet er Newmark.
Som det viser seg, driv ikkje berre Newmark i det stille og formar framtida til amerikansk journalistikk og politikk, men han står i fronten av stat-NGO-sensur og feilinformasjonsindustrien med ein mentalitet om å vinne for ein kvar pris. Der sensur-industrielle komplekset representerer den største trugselen mot ytringsfridom på nettet i manns minne, og Craig Newmark spyr pengar inn i det.