Av Peter Caddle, henta frå Breitbart. Omsett av saksyndig.
Cristian Terhes, ein medlem av Europaparlamentet for Det kristne demokratiske nasjonale bondepartiet, har skildra EU sitt nyaste press for å få innført digital-ID for å krysse grenser, som nok eit steg mot «kinafiseringa» av blokka.
Sjølv om byråkratar i Brüssel har insistert at tiltaket er i vanlege borgarar si interesse, ser parlamentet si avstemming om å få digital-ID innført ut til å vere eit av dei nyaste forsøka frå EU-institusjonar på å dra makta vekk frå dei nasjonale regjeringane i medlemslanda.
Ifølgje ein reportasje frå Euractiv, avstemmingar for å få ei forhandling om at European Digital Identity Framework (eID) skal gå vidare, vart godkjent av parlamentet til blokka på torsdag [16.mars 2023] – sjølv om publikasjonen skildrar prosessen som ein rein formalitet.
Romana Jerkovic, parlamentets rapportør for digital-ID-programmet, skrytte over deira godkjenning av planane, og hevda at dei ville late individuelle EU-borgarar ha «full kontroll over sine eigne data» medan dei fekk tilgang til fasilitetar overalt i blokka.
Slik ein påstand har derimot blitt kraftig bestridd av Terhes, som i staden ser på tiltaket som ei farleg forvitring av rettar til dei som lever i Den europeiske unionen.
«Tapet av fridommane våre til Big State blir vanlegvis gjort stegvis, men vedtaket om eID-lommeboka er eit stort steg mot kinafiseringa av Europa,» fortalde parlamentarikaren til Breitbart Europe, og åtvara fleire gonger at tiltaket kunne gje styresmakter Kina-liknande oversikt over privatliva til folk.
«Denne digitale lommeboka vil late EU og nasjonale styresmakter (slik som Det kinesiske kommunistpartiet) å ha tekniske verktøy slik at dei kan vete kva folket driv med, og innføre kontroll,» sa Terhes.
«Noko som liknar på eit kinesisk-liknande Sosialkreditt-system blir no gjort tilgjengeleg i EU, fordi denne eID-lommeboka er ein naudsynt teknologi for at det kan innførast,» hevda han.
Den rumenske politikaren gjekk deretter over til å samanlikne det komande digital-ID-tiltaket med blokka sitt system for blokk-omspennande Covid-sertifikat, som vart brukte for å hindre folk som ikkje hadde blitt vaksinert, som nyleg hadde blitt friske frå koronaviruset, eller teke ein negativ test for sjukdommen frå å reise til ulike land.
«Vi har allereie ei dårleg erfaring med EU sitt digitale Covid-sertifikat, som dei marknadsførde at ville gjere det ‘enklare’ med rørslefridom, men det vart i realiteten brukt til å leggje føringar og kontroll på folks rørsler dersom statusen deira eller åtferda ikkje tilfredsstilte statlege styresmakter,» forklarte han.
På høgda av blokka sitt nedstengingshysteri var slike kontrollar ikkje nok for mange i Brüssel, der presidenten for Europakommisjonen, Ursula vonder Leyen, på eitt punkt pressa på for at EU skulle innføre blokk-omspennande vaksinetvang, som kravde at folk skulle late seg injisere mot sjukdommen.
«Korleis vi kan oppmuntre til og potensielt tenkje på påboden vaksinasjon i EU, dette treng ein diskusjon,» sa kommisjonspresidenten seint i 2021, og la til at ho ønskte ei «felles tilnærming» til problemet i heile blokka.
Dette tiltaket ville sannsynlegvis ha likna på det som vart nedfelt i lova i Austerrike, til dømes – sjølv om den tyskspråklege nasjonen sine forsøk på å faktisk innføre politikken til slutt viste seg å vere fullstendig mislykka.