Transkjønna tenesteperson i det amerikanske helsedepartementet bekreftar at Biden fullt ut støttar lemlesting av barn

Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.

Dr. Rachel Levine, den høgast rangerte ope transkjønna amerikanske tenestepersonen, har bekrefta at president Joe Bidens administrasjon fullt ut støttar praksisen å dope ned og kjønnslemleste barn gjennom kjønnsskifte.

Under talen hennar ved Pediatric Grand Rounds-sesjonen ved Connecticut Children’s Medical Center i Hartfod, lovpriste den assisterande sekretæren i Department of Health and Human Services (HHS) den medisinske institusjonen og lovde vidare at det å medisinsk endre kjønnet på barn snart vil bli normalisert.

«Eg trur at det ikkje kjem til å bli politisk fordelaktig. Det var ikkje spesielt det i 2022. Og so trur eg at i det vi ser på alle dei ulike vala i 2024, so trur eg at dei neste to åra kjem til å bli utfordrande. Men eg er positiv og optimistisk og håpefull om at hjulet vil vende på seg etter det, og at dette problemet ikkje vil bli slikt eit politisk og sosialt minefelt,» sa Levine.

Motstandarar av institusjonell barnemishandling og kritikarar av dei kjønnsendrande legemiddela og medisinske kastreringane slo ned på Levine sin «optimisme» rundt normaliseringa av det dei kallar «kjønnsbekreftande omsorg».

Dr. Stanley Goldfarb i Do No Harm-organisasjonen, ei nasjonal foreining av medisinske profesjonelle som kjempar mot woke-aktivisme i helseomsorgssystemet, fortalde til Fox News at Levines opptreden ved Connecticut Children’s Hospital der ho lovpriste kjønnsbekreftande omsorg for mindreårige og påstod at det ville bli fullt ut omfamna, er gale og må møte motbør.

«Der finst ingen god evidens for at barn som blir behandla med kjønnsendrande hormon eller pubertets-blokkerarar har forbetra mental helse,» sa han. «Trass påstandar om det motsette, viste ein nyleg studie frå Universitetet i Washington at der var absolutt inga endring i det psykologiske velværet til barn med kjønnsdysfori som hadde blitt behandla med desse legemiddela.»

Han la til at det kan skje uoppretteleg skade ved å presse på gjennomslag av desse radikale, ideologisk drivne behandlingane. Desse prosedyrane, spesielt for mindreårige, må baserast på rigid vitskapleg undersøking, ikkje på tvilsame, agenda-drivne studiar eller krav frå aktivistar.

Republikanaren Andy Harris, ein medlem av House Doctors Caucus og medleiar i Pro-Life Caucus, sa seg einig i kjensla.

«Mange barnelegar, spesielt barnelegar med spesialisering i endokrinologi [læra om hormonsystemet; oms.an.] har uttrykt alvorlege bekymringar mot bruken av pubertets-blokkerarar, hormon-blokkerarar og kjønnsskifteoperasjonar hjå mindreårige. Desse legane veit at desse legemiddela og prosedyrane kan påverke beinveksten og fruktbarheita hjå barn, og auke risikoen for bryst- og prostatakreft,» åtvara han.

Harris oppmoda folket om å beskytte barna mot desse woke-rørslene.

Biden: Florida sin ståstad rundt barnelemlesting «er nær ved å vere syndig»

Levines ytringar kom berre ei veke etter at Biden kritiserte Florida for sin kompromisslause ståstad mot barnelemlesting.

«Det som skjer i Florida er, som mora mi ville ha sagt, nær ved å vere syndig. Det er berre heilt forferdeleg det dei driv med. Det er ikkje slik at ein unge vaknar opp ein morgon og seier ‘veit de, eg har bestemt at eg vil bli ein mann, eller eg vil bli ei dame, eller eg ønskjer å endre meg sjølv’. Eg meiner, kva tenkjer dei om her?» sa Biden. (Relatert: Biden kallar det «syndig» å ikkje lemleste trans-barn.)

Florida-guvernør Ron DeSantis og delstaten sitt lovverk har innført lover som forbyr klasseromsdiskusjonar om seksuell orientering og kjønnsidentitet på grunnskular. Solskinsdelstatens medisinske styre har òg forbode kjønnsbekreftande omsorg for mindreårige.

Guvernøren slo tilbake på Twitter med eit innlegg der det stod: «Det er ikkje ‘syndig’ å forby lemlestinga av mindreårige. Det er ikkje akseptabelt for den føderale regjeringa å påby at prosedyrar som kjønnsskifteoperasjonar skal gjerast lovlege for barn.»

Sjå videoen der Levine snakkar om korleis mindreårige ikkje burde ha nokon grenser mot å få kjønnsbekreftande omsorg i sine delstatar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s