Når eit elektrisk køyretøy krasjar, sjølv i ei mindre ulykke, vrakar forsikringsselskap heile bilen fordi batteriet må hivast

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Det konsern-kontrollerte media er omsider i ferd med å akseptere sanninga om el-køyretøy-revolusjonen, som ikkje eingong er i nærleiken av å vere so miljøvennleg som tilhengjarar og dei som fremjar dei påstår.

Reuters publiserte eit stykke denne veka som avslørte at sjølv dei minste el-køyretøy-uhell, inkludert små støtfangarkollisjonar, nesten alltid resulterer i at forsikringsselskap må vrake heile bilen. Grunnen til dette har å gjere med el-køyretøy-batteria, som er so dyre å erstatte at det gjev meir meining å rett og slett erstatte heile bilen.

«Vi kjøper elektriske bilar ut av berekraftgrunnar,» sa Matthew Avery, forskingsdirektør ved selskapet Thatcham Research, som driv med risikoetterretning relatert til bilar. «Eit el-køyretøy er ikkje noko særleg berekraftig om du må hive batteriet etter ein mindre kollisjon.»

Batteripakken i den gjennomsnittlege Teslaen, til dømes, kostar fleire tiltals tusen dollar å erstatte. Batteripakken åleine representerer ein betydeleg del av den totale prislappen på bilen, viser det seg.

Tesla og mange andre produsentar av el-køyretøy har gjort batteripakkar om til ein strukturell komponent i bilane sine for å redusere kostnader for forbrukarane – men kva kostar det eigentleg miljøet? Med mindre el-køyretøy-produsentar endrar måtane dei byggjer batteripakkar inn i bilane sine, vil alt dette unaudsynte bosset berre halde fram å samle seg opp.

«Talet tilfelle kjem til å auke, so handteringa av batteri er eit særs viktig punkt,» sa Christoph Lauterewasser, managing director ved Allianz senter for teknologi, eit forskingsinstitutt eigd av Allianz.

(Relatert: Det vil aldri bli mogleg for straumnettet i sin noverande tilstand å lade alle sine el-køyretøy når drivstoff-køyretøy ein gong forsvinn.)

Produksjon av batteri til el-køyretøy er dyrt, ressurskrevjande og skadeleg for miljøet

Ifølgje Lauterwasser er det å produsere batteri til el-køyretøy alt anna enn reint og grønt. Samanlikna med konvensjonelle modellar som går på drivstoff, produserer el-køyretøy og batteria dei inneheld betydeleg høgare utslepp av karbondioksid (CO2). Og når batteria blir forkasta altfor tidleg på grunn av ei ulykke, er miljøkostnadene endå høgare.

«Dersom du hiv køyretøyet i eit tidleg stadium, har du mist so godt som alle fordelane når det gjeld CO2-utslepp,» sa Lauterwasser.

Når det gjeld Tesla Model Y, seier Sandy Munro, leiar i det Michigan-baserte Munro & Associates, at denne spesielle modellen i Elon Musk sin flåte har «null reparasjonsmoglegheit».

«Eit strukturelt Tesla-batteri går rett i kverna,» sa Munro, som analyserer køyretøy og rådgjev bilprodusentar korleis dei kan forbetre funksjonaliteten og reparasjonsmoglegheitene.

So har ein kostnaden å grave opp alle metalla som trengst for å lage desse altfor lett-kastelege batteria. Barn i Afrika blir tvinga til å jobbe som slavar for ein sleik og ingenting for å samle saman alle materiala som trengst for å lage desse «grøne» køyretøya, noko som fører skam til skaden.

«So mykje for el-køyretøy-revolusjonen og den grøne ‘sirkeløkonomien’ som blir skrytt opp i skyene av bilprodusentar, politikarar, NGO-ar og klimaaktivistar,» rapporterte Zero Hedge om temaet. «Desse el-køyretøya ser ut til å vere endå verre for miljøet når ein samanliknar dei med tradisjonelle, bensindrivne køyretøy.»

I kommentarfeltet la nokon vekt på at moderne el-køyretøy-søppel er verre for miljøet enn 150 år gammal forbrenningsmotor-teknologi – tenk dykk det.

«Men ikkje sei noko til Greta,» spøkte denne personen deretter, og refererte til global oppvarming-aktivisten Greta Thunberg som vart teken i å hive sin Tesla med boss og hurtigmat-emballasje, boksar og anna avfall.

Ein annan peikte på at bilforsikringspremiar no reflekterer dette el-køyretøy-bedraget.

«Du betaler for å vrake desse nye el-køyretøya,» sa denne personen. «Å endre den sanne raten for å forsikre eit el-køyretøy vil nok føre til meir ‘el-køyretøy-nøling’.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s