Bill Gates ber vestlege nasjonar om å overgje suvereniteten sin til WHO

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

I nyheiter som burde få det til å gå kaldt nedover ryggen på kvar ein patriot, ber Bill Gates verdsleiarar om å overgje suvereniteten til sine nasjonar til Verdas helseorganisasjon sitt «globalhelsekrisekorps».

Globalist-eliten blir stadig meir arrogante, og seier no dei stille delane høgt. Medan slik tale tidlegare berre hadde vore mogleg i eit mørkt og røykfullt bakrom, deler Gates no sin visjon for demonteringa av amerikansk suverenitet på meiningsartikkelsidene til New York Times.

I si erklæring av støtte til WHO sin globale pandemitraktat, argumenterer Gates at WHO burde bli sett på som ein global «brannstasjon for pandemiar» som tek kontroll over nasjonar på eit globalt nivå under helsekriser.

Ein gong i tida ville desse synspunkta, om dei vart uttrykte offentleg, fått ein mann hengt for landssvik.

WHO sin traktat vil essensielt etablere eit ikkje-valt globalt, autoritært regime som vil overstyre lokalt lovverk med globale protokollar dersom FN-byrået erklærer ei helsekrise.

Alle 194 WHO-medlemslanda skal etter planen stemme over tillegga og fullbyrde den nye traktaten innan mai 2024.

Avtalen vil gje WHO, som er tilknytt Det kinesiske kommunistpartiet, fullstendig kontroll over amerikansk pandemipolitikk slik som nedstengingar, sensur, maskering, vaskinepåbod og offentleg overvaking.

Ikkje overraskande bekrefta Joe Biden offentleg den amerikanske regjeringa si forplikting til avtalen. Dette burde ikkje kome som eit sjokk med tanke på familien hans sine mange bakdørsforretningar med kinesarane, som i ein annan æra – igjen – ville ha fått ein offentleg tenestemann hengt for landssvik.

Lat oss ta ein kort pust i bakken og forklare nokre ting so tydeleg som mogleg. Bill Gates er den mest ivrige donoren til Verdas helseorganisasjon, og ligg føre både den amerikanske og den kinesiske regjeringa.

Og den same Bill Gates krev at WHO får retten til å overstyre suvereniteten til nasjonar kvar gong dei bestemmer seg for å erklære ein pandemi.

Og gløym ikkje at dette er den same Bill Gates som spelte ei leiande rolle i å finansiere gain-of-function-forskinga på flaggermus-koronavirus i Wuhan som nesten heilt sikkert forårsaka covid-pandemien i fyrste omgang.

Dette er eit skamlaust, nake makttjuveri gjort av Gates og globalist-elitane og må ikkje få lov til å lykkast.

Tilfeldigvis kjem Gates sitt nakne makttjuveri på same tid som endå ein av hans katastrofale vaksinar forårsakar elende i Den tredje verda. Den afrikanske nasjonen Burundi har akkurat blitt tvinga til å erklære nasjonal unntakstilstand fordi ein oral-vaksine utvikla av Gates’ stifting har utløyst eit utbrot av polio i landet.

Vi kjenner alle til Gates si mørke historie i Afrika og India, der unge kvinner bevisst vart steriliserte med abort-legemiddel. Oral-vaksine-katastrofen i Burundi er eit nytt kapittel i den vonde historia til Gates, og den speler seg ut akkurat no.

Helse-tenestepersonar rapporterer at barn har blitt lamma av det vaksine-avleia viruset, og skandalen har vakse seg so stor at WHO til og med har måtte seie i ei melding at Gates har forårsaka nasjonal unntakstilstand i Afrika.

Ein skulle tru at denne historia ville vere av interesse for nyheitsformidlarar – men hovudstraumsmedia ligg fullstendig i baklomma på Sankt Bill, og ville ikkje våge å rapportere nyheita om at ein suveren nasjon har erklært unntakstilstand på grunn av dei katastrofale effektane av ein eksperimentell Gates-vaksine.

Kunne dette ha noko å gjere med det faktum at han bruker fleire hundre millionar dollar til å bestikke hovudstraumsmedia og faktasjekkarar kvart år, noko som gjer dei om til propagandarøyr for eliten?

Ei etterforsking gjort av den uavhengige formidlaren MintPress rapporterer at Bill and Melinda Gates Foundation har delt ut 319 millionar dollar i form av over 30 000 separate legat til medieformidlarar og faktasjekkarar.

Større hovudstraumsmedieformidlarar inkludert CNN, NBC, The Atlantic, Financial Times, BBC og andre er alle benefisientar av Gates’ finansiering. Ingen av desse formidlarane kjem med nokon som helst beskjedar til publikummet sitt om at dei er kjøpt og betalt av Gates.

NPR var den største mottakaren, og aksepterte heile 24 millionar dollar i midlar. The Guardian følgjer etter dei med nesten 13 millionar. Ikkje overraskande blir Gates ei heilag ku i dei konsernmedia som han finansierer. Han blir generelt framstilt som ein godhjarta nerd som ønskjer å redde verda, og Microsoft-medgrunnleggjaren vart til og med ikkje-ironisk døypt om til «Sankt Bill» av The Guardian.

Dei kallar han ikkje Sankt Bill i Afrika akkurat no. Dei sørger over sine døde og lamma barn og forbannar namnet hans.

Nok ein gong har Bill Gates blod på hendene. Og nok ein gong har han fått lov til dette av det ryggradslause, dobbeltspelande hovudstraumsmedia.

Vi kjenner planane til eliten, og dersom dei får lov til å lykkast, vil det råke dykkar barn neste gong.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s