Den neste «pandemien» er allereie planlagt: SARS + HIV + fugleinfluensa

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Om du trudde avsløringa av Wuhan koronavirus (covid-19)-«pandemi»-bløffen som er gjort av republikanarar og konservative media tydar slutten på alle framtidige, potensielle falsk flagg-psy-op-utbrot og folkehelse-«kriser», tru om igjen.

Vaksineindustrien, i samarbeid med den rådande makta, planlegg akkurat no den neste plandemien, som enkelte argumenterer er allereie fullt planlagt og berre ventar på å bli sleppt laus når den avtalte tida er der.

Somme av dei største vaksine-konserna på planeten førebur visstnok sine splitter nye fugleinfluensa H5N1-injeksjonar for det dr. Paul Cottrell seier vil vere utsleppinga av eit slags kimerisk biovåpen som består av SARS, HIV og fugleinfluensa.

I intervjuet med Mike Adams (The Health Ranger) seier dr. Cottrell meir om kvifor han trur dette.

Vaksinekjempene GlaxoSmithKline (GSK), Moderna og CSL Seqirus fortalde til Reuters nyleg at dei allereie har byrja eller er i ferd med å byrje testing av dei nye sprøytene, som er designa for å takle ein hypotetisk «mutert» versjon av H5N1 som kan bli overført til menneske.

Sanofi, ein annan farmasøytisk konkurrent, seier at dei allereie har H5N1-sprøyter på lager og «står klare», noko som tydar at dei er klare til å sleppast lause på ein augneblinks varsel so fort regjeringa er klare til å erklære den neste Pandemi 2.0.

Moderna har indikert at deira H5N1-injeksjonar vil bli laga ved hjelp av den same messenger RNA (mRNA)-teknologien som finst i deira covid-injeksjonar – dette tydar endå fleire piggprotein inni kroppane på folk.

Raffael Nachbagauer, selskapet sin executive director for smittsame sjukdommar, sa òg at dei er klare til å byrje testinga av sine eksperimentelle fugleinfluensa-injeksjonar på menneske i fyrste halvdelen av 2023, og er i stand til å gjere dette «svært raskt» i tilfelle det kjem erklæring om eit utbrot.

(Relatert: Florida sin folkehelsesjef sa nyleg at ingen burde ta covid-injeksjonane, same kor gamle dei er, fordi sprøytene er farlege og har ein «skrekkeleg tryggleiksprofil».)

WHO seier at fugleinfluensa-infeksjonar hjå menneske er sjeldne, so korleis kan der kome ein pandemi til?

Ifølgje «vitskapsfolk» spreier fugleinfluensa seg allereie raskt gjennom Europa, og no nyleg hoppa den over til Nord- og Sør-Amerika, og drap 200 millionar fuglar og andre dyr i prosessen. Det fyrste utbrotet fann visstnok stad i oktober 2022 på ein minkfarm i nordvestlege Spania.

I USA har rundt 52 millionar fuglar i 46 delstatar anten døydd eller blitt avliva etter å ha blitt eksponert for viruset. Det er uklart om det er dei same bedragerske PCR-testane som vart brukt under covid som òg vart brukt her for å teste desse fuglane for sjukdommen.

Dette er orsakinga dei no kjem med for mangelen på egg, og påstår at fleire titals millionar høns måtte avlivast på grunn av faren for fugleinfluensa. No kostar egg det kvite ut or auget og blir stadig vanskelegare å finne i matbutikkane.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) utgjer fugleinfluensa bortimot ingen trugsel mot menneske. Berre fire tilfelle av fugleinfluensa-infeksjon hjå menneske vart meldt inn i fjor, to av dei i Spania, eitt i Kina og eitt i USA.

Den einaste måten fugleinfluensa faktisk vil bli ein trugel mot menneske, er om den blir tukla med på same måten som ein trur at covid vart manipulert i eit laboratorium ved hjelp av gain-of-function-teknologi.

«Den neste vil bli aerosol-HIV med SARS og fugleinfluensa (H5N1),» skreiv ein lesar i kommentarfeltet, og gjentok tankane til dr. Cottrell. «Kor er helten vår?»

«Profitten deira må vere i tilbakegang,» skreiv ein annan om Big Pharma sine forsøk på å nok ein gong håve inn rekordprofitt frå nok ein fabrikkert skremsel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s