Kvifor støttar unge menneske framleis nedstengingar?

Av Max Mitchell, Unherd. Omsett av saksyndig.

Det er tre år sidan dåverande statsminister i Storbritannia Boris Johnson erklærte at normallivet ville bli sett på vent på ubestemt tid. Likevel, trass den veksande bevismengda på pandemisk feilhandtering, viser ei ny spørjeundersøking frå UnHerd Britain at der framleis er brei støtte for Regjeringa sine nedstengingstiltak. Mest overraskande, trass at dei er den generasjonen det gjekk hardast utover sosialt, held unge menneske fram med å vise stor støtte for nedstenging.

UnHerd-undersøkinga viser at 54% av menneske i Storbritannia ikkje trur, i ettertid, at nedstengingar var ein feil, der nesten ein tredjedel (30%) framleis støttar dei sterkt. Blant desse i mi [Max Mitchell] aldersgruppe 18-24 år, er 41% ueinige i ideen om at nedstengingar var uklokt, og 34% er einige. Med omsyn til dette er dei meir for nedstengingar enn aldersgruppa 25-34 år, der 39% trur at politikken var ein feil. Dette er urovekkjande nok bekrefta òg i ei nyleg YouGov-spørjeundersøking som viste at over halvparten (51%) av 18-24-åringar meiner at Regjeringa sine tiltak under pandemien ikkje var strenge nok.

Ved fyrste augnekast er tala sjokkerande. Er det verkeleg slik at unge menneske ønskjer at dei var stengde inne i heimane sine lenger, og miste fleire av dei beste åra av liva sine? Likevel er dette mindre overraskande når vi tek til etterretning at ungdommens støtte for nedstengingar blir matcha av aukande sympati for autoritarianisme. Denne skepsisen overfor demokrati er no veldokumentert, der forsking seier at dette er «den fyrste generasjonen i manns minne som har eit globalt fleirtal som ikkje er tilfredse med måten demokrati fungerer på medan dei sjølve er i 30- og 40-åra». Grunnane for dette er komplekse, men «demokrati-fråkoplinga», blir det argumentert, kjem i stor sak frå det at demokratiet har mislykkast i å kome med viktige utfall for unge menneske.

Fordi liberale demokrati i aukande grad mislykkast i å levere lovnaden om større moglegheiter og velstand, kan unge i aukande grad bli trekte mot organiseringsformer av samfunnet som er fråkopla sosial og politisk deltaking. Men det verkar som om unge i dag ikkje har den politiske organiseringa, kunnskapen eller ønsket om å kjempe mot systemet – eller ikkje eingong kome med vesentleg sosial og politisk kritikk mot det. Å reelt jobbe for å føre til endringar i den verkelege verda vil innebere å kople seg frå det Mark Fisher kalla «den kommunikative, kjensle-stimulus-matrisa som utgjer teksting, YouTube og hurtigmat; å, for ein augneblink, bli nekta den konstante straumen av sukker-tilfredsstilling etter behov». Og ingenting gjorde denne virtuelle matrisa enklare enn nedstenging. Det er ikkje rart at unge ikkje gadd å forlate huset og krevje tilbake fridommen sin.

Dei unge si støtte av nedstengingar kan òg tilskrivast ei urovekkjande avhengigheit av Staten for å løyse alle problema deira. Historikaren Christopher Lasch sa ein gong at «det at uformell kontroll svinn vekk, fører uimotståeleg til utvidinga av byråkratisk kontroll». Og i ei verd der medlemmer av Generasjon Z aldri har visst om noko anna enn den formelle byråkratiske kontrollen i moderne liberale demokrati, kan vi verkeleg bli overraska over deira mangel på tru på den uformelle kontrollen i borgarplikt og personleg ansvar? Naturlegvis kunne ikkje uformell kontroll litast på for å stoppe spreiinga av Covid-19, akkurat som uformelle sanksjonar ikkje kan bli brukt for å stoppe spreiinga av hat og feilinformasjon. For mange unge i dag er personleg borgarplikt eit tomt konsept. Tryggleik og fellesstandardar kan berre fasthaldast av Staten.

I den forvirra psyken til Generasjon Z, er nedstengingar litt sånn som universitetet har blitt – ingenting anna enn ei behageleg formell avgrensing av den overveldande moglegheita fridom.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s