Derimot publiserte 22.desember 2022 ein uhyre viktig kronikk av Jan T. Voilaas ved namn «Alle har en plan, helt til de får en knyttneve i ansiktet». Der pakkar han ikkje ting inn, for å seie det slik. Sovidt eg kjenner til, er han den einaste nordmannen bortsett frå meg sjølv som skriftleg refererer til amerikanaren Mike Adams, som i ei årrekkje har åtvara mot eit samanbrot av den vestlege sivilisasjonen på grunn av vondsinna globalist-politikk. Han har òg lenge snakka om kor viktig det er å bli uavhengig og drive med sjølvberging, å leve sokalla off grid i eit no-tech-samfunn. Eg høyrer sjølv på hans Situation Update-podcast dagleg, og omset ofte artiklar frå nettavisa hans Natural News. At ikkje fleire her i Noreg har fått auga opp for Mike Adams, er for meg ei gåte. Men det seier diverre mykje om kor lite førebudd nordmenn flest er, og kor lett dei har blitt lurte til å tru at Adams er ein lurendreiar, kvakksalvar og «konspirasjonsteoretikar», i likskap med sin gode venn Alex Jones.
Dersom alt går til helvete, har du ein plan?
Den globalistiske eliten ønskjer å utrydde 90% av menneskeheita for å gjenskape eit føydalsystem der dei sjølve sit på alle ressursane, og ein slaveklasse blir tildelt akkurat nok til å overleve – om dei er heldige. Mellomklassen skal eliminerast, mellom anna gjennom eit skatte- og avgiftstrykk som er so høgt at dei blir slegne konkurs. Skyhøge prisar på mat og energi gjer at folk får valet mellom å fryse eller svelte i hel eller bli fråtekne alle jordiske eigendelar av mellom anna bankane, som dei sit i håplaus gjeld til. Gjennom prosjekt slik som korona-«pandemien» har fleirtalet blitt pressa til å ta mRNA-teknologi som tek livet av dei, gjer dei sterile eller øydelegg helsa deira. Historisk sett har invaderande makter kastrert sine krigsfangar og teke livet av alle unge, stridsdyktige menn – for deretter å ta til seg kvinnene som slavar. Barna? Dei vart drepne alle som ein. Vondskap har ikkje berre eksistert i uminnelege tider, det var sjølve denne globalistiske eliten som fann opp konseptet, då dei i babylonske tider byrja med dyrking av avguden Baal. Globalisme er anti-menneskeleg og anti-gudeleg.
Voilaas spår i likskap med Adams ein kollaps av «det monetære systemet, det politiske systemet, rettssystemet, våre ‘just in time’-produksjons- og forsyningssystemer av mat, energi og alt annet vi trenger, utdanningssystemet, pensjonssystemet, velferdssystemet, helsesystemet, transportsystemet og globale systemer for produksjon, handel, transport og distribusjon». Kort fortalt: ein fullstendig kollaps av samfunnet slik vi kjenner det i dag. Den «gode» nyheita er at parasittsystem slik som EU, BIS, IMF, OECD, SWIFT, FN og WEF òg vil bukke under. Dei blir offer for ein destruktiv politikk som dei sjølve har brukt fleire tiår på å iverksetje.
Som helsefagarbeidar kan eg sjølv bekrefte at det norske helsesystemet er på randa av kollaps, og at det var «pandemien» som utløyste den. So seint som i 2019 var det vitskap og tidlegare erfaringar som styrte helseføretak, inkludert handtering av utbrot av smittsame sjukdommar. Der fanst klare, utvitydige prosedyrar som hadde fungert i hundre år. Frå og med mars 2020 var det vilkårlege dekret og retningslinjer frå styresmaktene som styrte denne handteringa, mellom anna ordrar frå ein helseminister som aldri har arbeidd innan helse. Bebuarar vart sperra inne på romma sine og tilsette vart plutseleg sett i karantene. Ei nedstenging som skulle vare i to veker for å flate ut kurven, varte resten av 2020 og mesteparten av 2021. Føremålet med alle nedstengingane og dei latterlege retningslinjene var å gjere folk so desperate etter ei «løysing» at dei ville gjere kva som helst. Til og med ta ein eksperimentell mRNA-teknologi som feilaktig vart kalla vaksine. Når so mesteparten av norsk helsepersonell hadde blitt pressa til å ta «vaksinane», starta nedteljinga mot sjukdom, fråvær og død. I august 2021 byrja helsetoppar over heile Noreg å skrike på innpust og utpust om alvorleg personalmangel. Slik er stoda enno. Og den vil berre bli verre etterkvart som folk bukkar under for dei mange virusa som er i omløp om vinteren. Forkjøling, influensa, RS-virus, norovirus, «korona» og… tru det eller ei… skarlaksfeber (skarlagensfeber på bokmål). Kva blir det neste skremselet? Tyfus? Meslingar? Eller kanskje dei prøver seg med apekoppar igjen? Dei leitar nok febrilsk i den globalistiske speleboka, vil eg tru.
Éin ting er helsetenestene. Dersom dei kollapsar, vil dei fleste eldre, sjuke og pleietrengjande døy innan kort tid. Men når sjølve pengesystemet og forsyningskjeden kollapsar og folk ikkje lenger får tilgang til eigne pengar, eller tilgang til mat å kjøpe dersom dei mot formodning framleis har eigne pengar… Då snakkar vi svolt og undergang. I ekstreme situasjonar har menneske vore kjent for å ty til kannibalisme. Då vil diverre små barn og babyar stå høgt i kurs, ettersom kjøtet deira visstnok skal vere ekstra møyrt – og det ekstra kroppsfeittet vil gjere kjøtet ekstra velsmakande. Og so har vi det tragiske faktum at dei er lette bytte. Småbarnsforeldre bør forsvare både barn og eigedom med nebb, klør og kvasse sverd.
Voilaas kjem innpå dei ulike nivåa av teknologi, som Adams har snakka om i tallause podcastar: high-tech, low-tech og no-tech. Eg voks sjølv opp på 1980-talet, i ei tid der renta på bustadlån var skyhøg. Foreldra mine greidde seg likevel, fordi dei dreiv med ei form for sjølvberging vi ikkje ser i dag. Faren min reiste på sjøen og fiska og drog krabbeteiner, slik faren hans i si tid gjorde. Mora mi sydde og lappa kle. Ho hadde ei symaskin som ho hadde fått i innflyttingsgåve av den eine tanta si. Om det eine søskenbarnet mitt hadde ei bukse som var for stor for han, fekk eg den sidan eg var større enn han. Som takk for buksa, lappa og/eller sydde ho klesplagga til nemnde søskenbarn. Fleire familiemedlemmer hadde gard med store åkrar der dei dyrka poteter, gulrøter og kålrabi, og desse vart hausta inn og lagra i jordkjellarar over vinteren. Alle hadde vedomn som dei brukte flittig frå oktober og utover vinteren. I butikkane kjøpte folk stort sett mjøl, salt, gjær, sukker og andre «kolonialvarer» som dei ikkje kunne lage sjølv. Når vi ein sjeldan gong trong nye klesplagg, skreiv ein etter desse i blad (som regel bestilt via Sparkjøp, ein sentral butikk på Vestlandet på 80-talet). Dersom folk skulle ha seg eit lystig lag, laga so å seie alle driftige menn på bygda heimebrent. Somme laga til og med øl og vin sjølv. Sjølvberginga var imponerande, og staten var for langt vekke til å bry seg. Ingen statleg tenestemann dukka opp og bøtela folk for å bruke feil type fiskegarn eller brenne heime.
Bygdas store søner lærte frå barnsbein av å fikse bilar, og dersom bilen ein dag laga ein rar lyd, tok folk den med til ein av desse. Rauk lyspæra framme, skifta folk dei sjølv. Leggje om til vinterdekk? Ikkje noko problem, dekka ligg i garasjen saman med jekk. No må dei mest tekniske bilane på verkstad når ei lyspære skal skiftast, og snakkar vi om fancy LED-pærer, seier rykta at dette kostar ei månadsløn å få ordna. Ikkje rart eg ser so mange «einøygde bandittar» på vegane no for tida.
Folk i dag er langt mindre uavhengige enn før i tida. Dette er til stor glede for staten, som ønskjer å gjere so mange som mogleg avhengige av seg. Å leve på nokon sin nåde er aldri bra, for få, om nokon, kan motstå freistinga til å utnytte eit slikt avhengigheitsforhold. Staten er ikkje din venn – dei ønskjer jo å utrydde mesteparten av oss!
Voilaas kjem med eit viktig poeng når det gjeld uavhengigheit:
«Den største prisen vi har betalt for high-tech samfunnet [sic] er vår egen evne til kritisk og rasjonell tenking og vår evne til å ta selv de enkleste beslutninger. Dette ble demonstrert i et relativt nylig stort oppslag i NRK hvor folk etterlates ‘usikre og rådløse’ når de nå selv må velge om de skal ta en 4de mRNA-dose eller ikke.»
Det har skjedd ei ekstrem infantilisering av befolkninga under den påståtte «pandemien». Den aude sjukeheimen har for tida «korona»-utbrot blant pasientar og tilsette (mest sannsynleg forkjøling med ein «positiv» koronatest). Sjølve sjukeheimen er derimot ikkje stengt. Pårørande blir møtt i døra med ein lapp som seier at det er «koronautbrot», men at dei går inn på sjukeheimen på eige ansvar. Dette står i skarp kontrast til utbrotet i januar 2022, der heile heimen vart stengt ned og alle bebuarar og tilsette vart testa med tvang både med hurtigtest og PCR-test – alt på grunn av at ein kollega visstnok testa positivt på ein hurtigtest. Forklaringa på dette er enkel: dei har ikkje fått instruksar frå høgste hald om å stengje ned sjukeheimen og nekte pårørande å besøke sine kjære, slik tilfellet var i 2020, 2021 og januar 2022. Leiinga har diverre mist evna til å tenkje sjølv. Det skal visstnok ha kome nye, munnlege retningslinjer for bruk av munnbind på sjukeheimen, men ingen skjøner dei. Og for tida blir korona «diagnostisert» med hurtigtestar som byrjar å nærme seg utløpsdato. Eg ser føre meg at julaftan kjem til å bli ganske klein på den sjukeheimen – og eg jobbar nettopp på julaftan.
Voilaas har til mi store glede teke på seg arbeidet med å formidle den enorme mengda kunnskap som Mike Adams sit på. Den driftige, Texas-baserte gründeren har skrive fleire bøker om «prepping», som alle er gratis tilgjengelege på Natural News. Det viktigaste er å kome seg ut av alle system som vi no er avhengige av, viktigast av alt mat. Ein kan leve utan pengar (mellom anna ved hjelp av gammaldags bytehandel), men ein kan ikkje leve utan mat. Alle bør prøve etter beste evne å kvitte seg med alt av gjeld, for det er nettopp gjelda som gjer at banken plutseleg kan finne på å ta frå deg heimen din og kaste deg på gata. Om du då frys og svelt i hel? Det kunne ikkje ha brydd dei mindre. Den ideelle situasjonen, meiner Voilaas, er om alle klarer å frigjere seg frå all gjeld. Bankane vil då gå konkurs. Og det kunne ikkje ha brydd oss mindre!
Eg tilrår at de les heile artikkelen til Voilaas. Dette er lektyre ein verkeleg treng i desse pre-apokalyptiske tider.
Har du ein plan om alt går til helvete? Har eg ein plan? Den er strengt hemmeleg. Sjølv min viktigaste allierte på arbeidsplassen vil ikkje fortelje meg sin eigen plan. Eg trur ikkje nokon vil det, for her handlar det fyrst og fremst om å berge seg sjølv og sine kjære, både gjennom aktiv førebuing og gjennom å tileigne seg elementære overlevingskunnskapar. Det vil kome ei dyster tid der sjølv dine kjæraste venner vil bli dine konkurrentar. Diverre.
God jul forresten.
Veldig god og ikke minst viktig artikkel, Saksyndig!! Ble faktisk klar over «Natural News» gjennom denne bloggen.
Har du forresten hørt om «Rebel Yell Publishing»? Hans Eirik Olav har mange sterke tanker og meninger om flere av de samme temaene, (sivilisasjonssammenbrudd, WEF, bank-, finansvirksomhet, rettssystemet…).
LikarLikt av 1 person
Takk for tipset. Eg skal sjekke han ut 🙂
LikarLikar