Blir Jens Stoltenberg den nye leiaren i Det internasjonale pengefondet?

RT.com skriv i ein artikkel publisert 21.desember 2022 at noverande generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, visstnok er sett på som ein favoritt i Washington som den nye leiaren i Det internasjonale pengefondet (IMF).

Ifølgje artikkelen var det TV2 som rapporterte onsdag 21.desember, og dei siterer «pålitelege» kjelder i den USA-styrte militærblokka (NATO). For tida er IMF leia av Kristalina Georgieva, ein økonom frå Bulgaria, og planen er at vervet hennar skal ta slutt i 2024.

RT.com skriv vidare (mi omsetjing):

«Stoltenberg skulle etter planen forlate NATO i september [2022], men vervet hans vart forlenga til slutten av 2023 på grunn av den pågåande konflikten i Ukraina. Utan ein klar kandidat til stillinga, kan Stoltenberg ende opp med å få vervet sitt forlenga òg lenger enn til 2023 – kanskje for eitt år til – har fleire rapportar i media antyda.»

Og vidare:

«Fleire høgtrangerte politikarar blir visstnok vurderte som den nye leiaren i militærblokka. NATO har visstnok mål om å installere ei kvinne ved roret for fyrste gong, der dei nemner kandidatar slik som presidenten i Slovakia Zuzana Caputova, den estiske statsministeren Kaja Kallas, og den tidlegare kroatiske presidenten Kolinda Grabar-Kitarovic.»

Derimot skriv RT.com:

«I tidleg november rapporterte New York Times at ‘primærkandidaten’ favorisert av Washington til å erstatte den avtroppande NATO-generalsekretæren var Chrystia Freeland, som for tida er finansminister og vise-statsminister i Canada.

Politikaren, kjent for sin pro-ukrainske – og anti-russiske – ståstad, er barnebarnet til Mikhail Chomiak, som publiserte ei pro-nazistisk og anti-semittisk avis i den okkuperte polske byen Kraków. […] Freeland har vore ekstremt tvitydig om sine kontroversielle anar, og har nekta å fordømme sine besteforeldre på morssida, og har til og med skildra dei som ‘i politisk eksil med eit ansvar for å halde i live ideen om eit uavhengig Ukraina’ i sitt 2015-essay My Ukraine

Å velje mellom Stoltenberg eller Freeland må vel her kunne seiast å vere som å velje mellom pest og kolera. Men same kor desse to blir installerte, beheld dei jo sine eigentlege arbeidsgjevarar…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s