Robert Malone til Robert F. Kennedy Jr.: «Amerikanarar har blitt offer for ‘militærgrads informasjonskrigføring’»

Av Suzanne Burdick, The Defender. Omsett av saksyndig.

Dr. Robert Malone, som hjelpte til med å utvikle mRNA-teknologien som er brukt i Covid-19-vaksinar og som no har blitt ein open kritikar av vaksinane, diskuterte si nyaste bok Lies My Government Told Me med Robert F. Kennedy Jr. i ein nyleg episode av RFK Jr. The Defender Podcast.

Ifølgje Malone har amerikanarar dei siste tre åra blitt offer for «militærgrads informasjonskrigføring – evner og teknologi som vart designa for motstandarane deira for militærkrigføring utanfor USA – som har blitt vendt mot amerikanske borgarar.»

Malone fortalde Kennedy: «Eg veit at det er mykje ord, somme sterke ord, men eg trur det verkeleg er kva vi her her.»

Kennedy og Malone diskuterte dei «psykologiske operasjonane» som den amerikanske regjeringa stod bak under Covid-19-pandemien og tidlegare i amerikansk historie, som støttar seg på frykt og propagandabodskap som verktøy for sosial kontroll.

Malone sa at informasjonskrigføringa knytt til den amerikanske regjeringa sin respons på Covid-19 ser ut til å i hovudsak ha blitt sendt ut via det amerikanske Department of Homeland Security (DHS).

«Det som har blitt sendt ut har grunnleggjande vore teknologien og evnene som vart designa for å respondere på terrorisme, men dei har blitt sendt ut mot deg, meg og dr. McCullough og so mange andre,» sa Malone.

I boka si forklarer Malone korleis DHS under Covid-19-pandemien «definerte feilinformasjon, desinformasjon og malinformasjon som former for innanlandsterrorisme.»

«Dei gjorde denne underlege forma av eit logisk hopp der dei stort sett snakka om 6.januar-hendingane og innanlandsvald [eller vald i heimen; domestic violence er her tvitydig; oms.komm.], sa Malone. «og deretter knytte dei dette til vaksinar og vaksinenøling og sa i ei naudmelding at dei forventa at der ville bli innanlandsvald i samband med protestar mot munnbind- og vaksinepåbod – og at ein skulle respondere på dette som om det var terrorisme.»

«Eg har sterk mistanke om at dei hadde etterretning og reagerte på lastebilprotesten etterkvart som den utvikla seg, som om det var nok ei terrorhandling.»

Kennedy påpeikte at medan den opphavlege charteren til CIA forbaud CIA frå å utføre propaganda mot amerikanarar, vart det på 1970-talet oppdaga at dei hadde infiltrert den amerikanske pressa gjennom Operasjon Mockingbird.

«So i 1976 sa president [Jimmy] Carter sin CIA-direktør: ‘Vi kjem ikkje til å infiltrere den amerikanske pressa meir,’ og dei anerkjende at det var ulovleg,» fortalde Kennedy Malone.

«Men året etter laga Carl Bernstein ein artikkel for Rolling Stone der han sa at der er framleis minst 400 av desse reporterane der ute [som er på CIA si liste]… [og] i 2014 gjorde president Obama det nok ein gong lovleg for CIA å utføre propaganda mot amerikanarar,» la Kennedy til.

Malone responderte ved å seie at i boka si diskuterer han korleis Obama har vore ei «hovustemme» i å fremje logikken om at vernet av demokrati krev sensur. «Og mister Biden ser ikkje overraskande ut til å òg vere ein sterk forkjempar for denne ståstaden,» sa Malone.

Malone og Kennedy diskuterte deretter Mattias Desmet sin teori om massedanning, som fekk mykje merksemd då Malone snakka om teorien, og refererte til konseptet som «massedanningspsykose» på Joe Rogan sin podcast i slutten av desember 2021.

Malone fortalde Kennedy at han såg på Desmet – ein professor i klinisk psykologi og ein psykoanalytisk psykoterapeut ved Ghent universitet i Belgia som studerer psykologien bak totalitarisme – som ein god venn.

Både Kennedy og Malone sa at dei såg på Desmet sin teori som ein relativt nøyaktig analyse av menneskeleg psykologi og åtferd.

Ifølgje Kennedy har CIA ei lang historie for å «jobbe med dette» ved å utforske spørsmål slik som «korleis får ein store grupper av menneske til å oppføre seg? Korleis får ein sosiale grupper – samfunn – til å gjere det ein ønskjer, å akseptere autoritær kontroll?»

Når det gjaldt dette punktet, snakka Malone og Kennedy om den amerikanske regjeringa sitt samarbeid med Twitter om å sensurere brukarane der.

Malone sa at han såg på Twitter som eit «militærgrads våpen som er designa og utstyrt med somme av evnene for gruppekontroll, for handtering av folkemengder, for motivering av folkemengder, for styring av folkemengder.»

På slutten av intervjuet fortalde Malone Kennedy at ein av tinga han fann mest urovekkjande under Covid-19-pandemien, var «at håp erstatta vitskap» og at dette vart «forsterka gjennom denne propagandaen som vart brukt som våpen».

Malone sa:

«Vi vart essensielt trena opp til å akseptere eit ikkje-godkjent, utrygt, ikkje-effektivt medisinsk produkt basert på ingen vitskap – på håp – og trena oss opp gjennom dette velutvikla systemet av propaganda, sensur, informasjonskontroll og alt anna.»

«Dette lover særs dårleg for framtida med mindre folk følgjer med.»

Sjå podcasten på slutten av originalartikkelen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s