Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.
Det beste estimatet: to vaksinedødsdall per 1000 vaksinerte. Dødsfall frå «vaksinen» er mykje større enn dødsfall frå Covid. Ingen er i stand til å tilbakevise Joel [Smalley] sin analyse som viser at «vaksinen» i beste fall gjorde ingenting (ikkje trygg, ikkje effektiv).
Samandrag
Desse to undersøkingane som alle kan gjenskape viser at Covid-«vaksinane» burde bli stoppa med éin gong.
Kvifor viser ingen oss undersøkingar som viser at vi tek feil? Kvifor utfører ingen hovudstraumsjournalistar aller «faktasjekkarar» si eiga undersøking?
Oppfølgjar til undersøking om covid-«vaksine»-dødsfall
Eg la nyleg til nokre nye spørsmål til mi opphavlege helseomsorgsspørjeundersøking.
Dei siste resultata er:
- «Vaksinen» drep to per 1000 (samsvarer med mine estimat på 500 000 drepne amerikanarar)
- «Vaksinen» drep 30 per 1000 blant dei over 65 år (sjå RecordID32)
- «Vaksinen» har drepe fleire menneske enn Covid-viruset med ein faktor på minst 5:1 (sjå dei nyaste innføringane i tillegg til RecordID 12 som viser 40:0 ratio)
- 5 til 10% av våre friskaste soldatar har blitt handikappa av denne vaksinen (sjå notat i RecordID 7 i resultata)
Med andre ord er det galskap å halde fram med å sende ut «vaksinen»; den er for dødeleg til å bli brukt.
Kvifor vil ikkje eingong nokon prøve å gjenskape undersøkinga mi? Kvifor ringjer ikkje nokon faktasjekkarar meg for å validere registreringane? Kvifor vil ikkje Pfizer eller Moderna bevise at eg tek feil?
Notat:
- Ioannidis rapporterte ein Covid-infeksjonsdødelegheitsrate på 0,501% i aldersgruppa 60-69. So dette tydar at dersom du er over 60, har du meir enn seks gonger større risiko for å døy av vaksinen enn frå Covid sidan ikkje alle får Covid.
- Tydelegvis har dei totale Covid-dødsfalla blitt vilt overdrivne ved å inkludere «med Covid». 5:1-ratioen av vaksinedødsfall til Covid antydar at der var rundt 100 000 reelle Covid-dødsfall, som gjer det meir dødeleg enn influensa.
Oppfølgjar: undersøking om alle dødsårsakar
Joel Smalley publiserte nettopp ein oppfølgjar til analysen sin av mi dødsundersøking. Joel sin analyse: i beste fall var «vaksinen» verken trygg eller effektiv; altso, i beste fall låg dette fullstendig på null, men meir sannsynleg verre for begge.
Etter at den fyrste analysen hans vart publisert, bad eg datavitskapsfolk om å prøve å kritisere analysen hans og vise oss det korrekte resultatet. Berre éin person publiserte analyse, men den var ikkje overtalande.
Her er Joel sitt oppfølgjarinnlegg: Put up or shut up! [«finn deg i det eller hald kjeft!»]
Litt om sensur
Sensur og intimideringstaktikkar (trugslar om å bli sagt opp) er ikkje måten å oppnå medisinsk konsensus i noko sivilisert samfunn.
Litt om påbod
Eg trudde eg hadde «rett til å leve» i USA. Dersom du vil at eg skal ta ein vaksine for å «redde andre», burde det alltid vere mitt val, sjølv om ekspertane trur det er fullstendig trygt.
Der er noko alvorleg gale med eit samfunn som utfører risiko-fordel-oppveginga på dine vegner og krev at du risikerer livet ditt for å redde andre, sjølv om der er solid evidens for det. Her var der aldri ein tydeleg samfunnsmessig dødelegheitsfordel publisert nokon stad som eg veit om, noko som gjer [vaksine]påboda endå verre. Og ingen autoritet var viljug til å bli utfordra om påboda sine.
Sjølv BMJ publiserte akkurat ein artikkel som seier at Covid-oppfriskningsdosar er uetiske. Universitet ignorerte den. Det vitskaplege argumentet som tilbakeviste BMJ-artikkelen: ingenting.
Oppfølging av Aseem Malhotra
Her er hans Patreon-link dersom du ønskjer å støtte arbeidet hans. Der er tre alternativ å velje mellom.
Med tanke på ståstaden hans når det gjeld andre vaksinar, har han ikkje hatt høve til å gå djupt inn i dette. Han er derimot ein smart fyr.
NOTAT: Mange vitskapsfolk ønskjer ikkje å svelgje heile den raude pilla offentleg fordi det skader truverda deira blant blåpille-gjengen. Dersom ein vitskapsmann seier «eg er for vaksinar, men denne er dårleg», er det mykje vanskelegare å ignorere eller diskredittere han. Eg høyrer dette mykje blant vitskapsfolk. Eg går ikkje vidare med det.