14.desember 2022 vart det kjent at Resett var konkurs. Dette skjedde berre seks månader etter at den tidlegare etterretningsoffiseren Helge Lurås, som grunnla nettavisa i 2017 og var ansvarleg redaktør, fekk sparken på grunn av konflikt mellom han og styret. I oktober kjøpte Petter Inge Remøy, ein av aksjonærane, opp aksjane til nettavisa for ein symbolsk sum, dette i eit forsøk på å redde Resett. Det var likevel kroken på døra litt over to månader seinare – og høgst velfortent.
No har ingen ringare enn Helge Lurås kjøpt domenerettane til Resett på auksjon. Dersom ein skriv inn resett.no i nettlesaren, blir ein automatisk vidaresendt til Lurås sitt nye prosjekt iNyheter. Grafen AS, selskapet som eigde Resett, hadde lagt nettdomenet, Twitter-kontoen og opphavsrettsleg innhald (artiklane) ut for sal (dette blir på fagspråket kalla «de immatrielle eiendelene i konkursboet»). For Resett-domenet, nettsida, logoane og kontoane på sosiale media gav Lurås 70 000 kroner. Lurås publiserte sjølv nyheitene om dette i si nye nettavis.
Han har tenkt å ta vare på artikkelarkivet til Resett slik at det framleis blir mogleg å lese artiklane som vart publisert på nettstaden frå dei starta opp i 2017 og til no i 2022. Resett-abonnentar vil få tilbod om eit nytt abonnement på iNyheter. Dei vil med Lurås’ eigne ord «ønskes hjertelig velkommen til en ny frisk nettavis som setter kritisk tenkning og ytringsfrihet høyt».
Kan oppkjøpet av Resett sitt konkursbu ha vore hemn for at hans eige styre kasta han ut tilbake i juni? Det er vanskeleg, om ikkje umogleg, å tenkje seg ei anna forklaring. Den som ler sist, ler best, kan han seie til sine tidlegare kollegaer som dolka han i ryggen.
Utan kyndige Lurås ved roret gjekk avisa raskt under, for dei som var igjen greidde ikkje å finne ein ny redaktør av hans kaliber. Men allereie lenge før «mytteriet» i sommar sleit avisa. Dei sleit ikkje berre økonomisk. Avisa slutta rett og slett å skilje seg ut som ei røyst mot det kjøpte og betalte hovudstraumsmedia. Somme meiner Lurås i vanvare lét visse personar infiltrere nettavisa og sabotere prosjektet, og då han vart klar over det, var det allereie for seint. Ryktet til Resett var øydelagt og konspirasjonen var eit faktum. Livsverket låg i grus og alt såg beksvart ut ein periode. Han gjer neppe same feilen to gonger. Han gjer lurt i å vere særs varsam med kven han slepper inn. Til dømes Maria Zähler og Lars Akerhaug vil neppe jobbe for Lurås igjen.
For 70 000 kan Lurås ha gjort litt av eit røvarkjøp – og dei som rotta seg saman mot han er sjakk matt. Er dette bevis på at karma eksisterer? For enkelte vil nok dette vere den beste julegåva ein kan tenkje seg – saman med det faktum at sola nettopp har snudd.