mRNA-covid-injeksjonar får somme til å oppleve drastiske endringar i personlegdom: KVIFOR?

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Sist månad under ein sesjon i International Crimes Investigative Committee (ICIC) [«etterforskingskomité for internasjonale brotsverk»], intervjua advokat dr. Reiner Füllmich professor Sucharit Bhakdi, professor dr. Karina Reiss, dr. Naomi Wolf og dr. Peter R. Breggin om dei skadelege effektane av mRNA-«vaksinasjon» mot covid. Eit av temaa som dei diskuterte var korleis sprøytene skader dei små kapillæra i hjernen, går gjennom blod-hjerne-barrieren og forårsakar omfattande hjerneskade som stundom resulterer i ekstreme endringar i personlegdommen.

Somme som tek mRNA-sprøytene endar opp med å oppleve ei broten vilje, som ikkje akkurat er ein vanleg biverknad av ein «vaksine». Kva gjer desse tinga med folk for å endre måten hjernane deira fungerer på? Det var temaet i diskusjonen, som du kan sjå her.

Under intervjuet la Wolf ut om korleis post-injeksjons-«nedbrytinga av viljen til menneske» ser ut på ekte medan Breggin sette søkjelys på dei urovekkjande parallellane mellom kva mRNA-injeksjonane gjer med hjernen og effektane av ein faktisk lobotomi.

Det blir raskt tydeleg utifrå diskusjonen at covid-injeksjonskampanjen faktisk er eit av dei mest brutale og barbariske brotsverka mot menneskeheita som nokosinne har blitt begått – og alt i «folkehelsa» sitt namn.

Tidlegare friske og livlege menneske har blitt «føyelege» og gløymsame etter injeksjon, seier Füllmich

Ein av tinga Füllmich og kona hans har lagt merke til personleg, er at servitørar på lokale restaurantar som tidlegare var fulle av liv, smarte og interaktive ikkje lenger er seg sjølv. Somme av dei gløymer ting støtt og stadig og må kome tilbake til bordet, medan andre no er «føyelege» der dei tidlegare hadde sterke personlegdommar.

Wolf forklarte at ho òg har lagt merke til dette. Og der er grunnar for det; Bhakdi sa at det er forårsaka av brytinga av blod-hjerne-barrieren og innsetjinga av mRNA i hjernevevet. Og planen, avslørte Bhakdi vidare i fleire presentasjonar han har gjeve, er å til slutt få alle «vaksinar» til å innehalde mRNA.

«Det som folk ikkje forstår er at alle mRNA-vaksinar er farlege og kjem til å truge liv,» fortalde Bhakdi publikum. «Det speler inga rolle om vaksinen kodar for piggproteinet, meslingproteinet, for influensa – det speler inga rolle. Kvifor? Fordi heile faren som ligg i vaksinen stammar frå evna immunforsvaret har til å gjenkjenne framandelement. [det noko merkelege «non-self» i originalartikkelen; oms.an.

Skaden dette forårsakar på nervesystemet er noko som kan handgripeleg målast og observerast, som er det diskusjonen set fokus på. Folk som tok sprøyta er ikkje lenger seg sjølv, i mange tilfelle, og uttrykkjer uvanlege kjensler som ikkje tidlegare var del av kven dei var før injeksjonane.

«Folk, kollegaer av meg etter at dei vart injiserte vart mykje meir dualistiske i tenkinga, mykje meir rigide – og dersom du kjenner til strukturen i hjernen, gjev det meining,» forklarte Wolf vidare om sine eigne observasjonar.

«Dersom folks tankeverksemd er meir rigid og der er skade på nervestrukturane, ser det ut som noko det er verdt å stille fleire spørsmål om. Eg visste òg at folk var mykje sintare, hadde mindre evne til å modulere kjensler – fleire primalreaksjonar på provokasjon. Folk har òg sagt at endringane er affektive – folk som tidlegare var varme og hengjevne har blitt kalde, fjerne og avvist andre menneske.»

Intervjuet kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s