Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.
Evidensen peiker overveldande på det faktum at Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinane kan forårsake hjerneskade.
Derimot fornektar sokalla helseekspertar framleis all evidens som støttar moglegheita for at Covid-19-vaksinar kan skade hjernen.
«Nei, der er ingen solid evidens som støttar denne påstanden,» sa dr. Kelly Cawcutt, ein ekspert på smittsame sjukdommar ved University of Nebraska Medical Center, som refererer til ein påstand om at Covid-19-vaksine kan drepe hjerneceller.
«Covid-19-vaksinar går ikkje inn i kroppen din og dreper akutt hjerne- og hjarteceller. Det som speler noka rolle er korleis kroppen til ein person interagerer med piggproteinet, anten frå sjølve infeksjonen eller vaksinen.» Ho la til at tilfella som viser korleis vaksinen har påverka hjernen, er isolerte hendingar og beviser ikkje at vaksinar påverkar hjernane til den generelle vaksinerte befolkninga.
Ben Armstrong i The New American har ei anna meining.
«Kan vaksinen skade hjernen? Der har kome massar av evidens for at den kan det,» sa Armstrong under ein nyleg episode av The Ben Armstrong Show. Han anerkjende derimot at Covid-19-vaksine-indusert hjerneskade ikkje er so vanleg som dei meir vanlege biverknadene slik som hjartebetennelse.
Covid-19-vaksinemateriale funne i hjernen
Rhoda Wilson, som skriv for The Exposé, skreiv at ho trur mange som tok Covid-19-vaksinar har blitt offer for hjerneskade.
I ein artikkel skreiv Wilson at mange studiar har sett på korleis Covid-19-vaksine påverkar hjernehelse og -funksjon. Ho skulda dette på kor ivrige regulerande autoritetar slik som Storbritannias Medicines and Healthcare Products Regulatory Agency og USAs Food and Drug Administration har vore etter «å lisensiere eit produkt som ser ut til å ha manglande informasjon».
Der er òg evidens som beviser at mRNA-et i Pfizer og Moderna sine Covid-19-vaksinar har blitt funne i hjernen, i likskap med i andre organ slik som hjartet, lungene, levra og testiklane.
Fleire studiar trengst framleis å gjerast, inkludert ein som undersøkjer om lipid-nanopartiklar i Covid-19-vaksinane kan bere mRNA-et gjennom blod-hjerne-barrieren, den halvgjennomtrengjelege barrieren som hindrar visse substansar i blodet frå å krysse over i den beskyttande væska som dekkjer sentralnervesystemet.
«Det er vitalt å vete om dette skjer, for om det gjer det, er alle odds ute når det gjeld kva som kan skje med hjernen,» skreiv Wilson. Dersom det skjer, skreiv ho, «kan nevrona, hjernecellene, bli markerte som framande av immunforsvaret til kroppen. Og når fleire oppfriskningsdosar blir gjevne, vil problemet bli verre.»
Armstrong sa at omfanget av skaden som vaksinen kan forårsake er noko som verda berre vil lære etter kvart som tida går. Det han er bekymra for er korleis dette vil påverke barn, som er meir sårbare på grunn av at immunforsvaret deira er under utvikling.
«Somme ekspertar, rådgjevarar og regulatorar vil fortelje dykk at risikoen er liten, men korleis kan dei vete det?» sa Armstrong. «Og kva er ‘liten’? Dei fortalde oss at blodpropp-problema var små.»
Den omtala episoden av The Ben Armstrong Show kan sjåast her.