Sjokkerande ny studie viser at covid-sprøyter faktisk er «masseavfolkingsvåpen»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Avfolking og eugenikk er tabutema som inngyter skrekk og avsky hjå vanlege folk med normale verdiar og moral. Ein titt på historia viser at menneskeheita rutinemessig har avvist avfolkingsprogram slik som Det tredje riket sin nazi-eugenikk-kampanje. Vi skjøner på eit grunnleggjande menneskeleg nivå at inga regjering eller ingen globalistisk organisasjon burde ha den gudeliknande makta til å skape og øydeleggje menneskeætta.

Men kva om eg fortalde dykk at eugenikkrørsla faktisk ikkje døydde, men at dei rett og slett gjekk under jorda, der dei har halde fram med å ha stor påverknadskraft i elitesirklar, inkludert Klaus Schwab sitt World Economic Forum?

Som medgrunnleggjaren av American Eugenics Society Frederick Osborn formulerte det i 1968: «Eugenikkmål kan mest sannsynleg oppnåast under eit anna namn enn eugenikk».

Meir enn 60 år etter at Osborn kom med denne ytringa, har eugenikarane endeleg oppnådd måla sine. Covid-vaksinen er rett og slett eugenikk under eit anna namn.

Korleis slapp dei unna med det?

Den globale eliten har sett i gang ein utruleg sofistikert og velfinansiert kampanje for å hindre sanninga i å nokosinne kome ut. Regjeringar, regulatorar, hovudstraumsmedia, faktasjekkarar og grasrotaktivistar har alle blitt infiltrerte og valde inn i saka. Dei siste to åra har vi vore vitne til det mest urovekkjande dømet på massedanningspsykose sidan 1930-åras Tyskland.

Anstendige og lovlydige menneske har blitt fullstendig hjernevaska over i psykose. Dei er uviljuge og ute av stand til å stille spørsmål ved sine eigne synspunkt. Det er uheldig sidan der er so mykje evidens der ute som fullstendig seier mot hovudstraumsståstaden.

Ein ny studie publisert i det medisinske tidsskriftet Clinical Research in Cardiology har funne ut at vaksinen skaper hjarteproblem, noko som gjev svar på kvifor so mange menneske, inkludert unge, friske og dei i god form, har døydd brått og uventa dei siste to åra.

Ifølgje studien:

«Standardiserte obduksjonar vart utførde på 25 personar som hadde døydd uventa og innan 20 dagar etter anti-SARS-CoV-2-vaksinasjon. Hjå fire pasientar som fekk ein mRNA-vaksinasjon identifiserte vi akutt (epi-)myokarditt utan at nokon annan betydeleg sjukdom eller helsetilstand vart oppdaga som kan ha forårsaka eit uventa dødsfall.

Øvrig indikerte obduksjonsfunn død på grunn av akutt arrytmogenisk hjartesvikt. Altso kan myokarditt vere ein potensiell dødeleg komplikasjon etter mRNA-basert anti-SARS-CoV-2-vaksinasjon.»

Sokalla «konspirasjonsteoretikarar» har blitt fullstendig reinvaska av denne studien. Dei har sagt dette dei siste to åra, men ingen ville høyre på dei.

Denne studien skaper eit digert problem for hovudstraumsmedia og faktasjekkarar. Forteljinga som dei har drive og pusha dei siste to åra er fullstendig øydelagt. Argumenta deira ligg med brotne ryggar. Dei har ingen stad å flykte no, og ingen stad å gøyme seg.

Og det blir berre verre og verre for dei.

No i veka avslørte vitskapleg forsking i det medisinske tidsskriftet Vaccine at FDA-etterforskarar har funne evidens som knyter Pfizer-covid-vaksine til blodproppdanning.

Endeleg byrjar sanninga å kome fram. Modige menn og kvinner nektar å underkaste seg diktata til globalisteliten og deira krig mot menneskeheita.

Modige menneske frå innsida av dei mest korrupte organisasjonar reiser seg opp mot sine slavemeistrar. Vi har tilgang til eit offisielt opptak av eit møte i FDA Vaccines and Related Biological Products Advisory Comittee der dei diskuterte Pfizer sin søknad om lisens for tredje dosen, eller «oppfriskningsdosen», av deira Covid-19-vaksine Comirnaty.

Ifølgje informasjon presentert på FDA-møtet villeia Pfizer FDA om tryggleiken til vaksinen, og resultata har vore katastrofale.

«Vi vart villeia av (Pfizer) om tryggleiken til vaksinen… Hjarteinfarkt er 71 gonger høgare enn av andre vaksinar… vaksinane drep to menneske for kvart liv dei reddar.»

Det er eit sitat teke direkte frå FDA-møtet.

Fordømmande stoff. Det er verdt å ha i minne at tidlegare kravde den raskast utvikla vaksinen nokosinne meir enn fire års hardt arbeid.

Men dr. Ugur Sahin – som grunnla BioNTech med kona si – laga eit «grovt design i løpet av ei helg» for Pfizer-vaksinen. Og dette eksperimentelle «grovdesignet» fekk FDA-godkjenning berre nokre månader seinare. Moderna sin vaksine tok òg berre to dagar å designe, som Business Insider tidlegare rapporterte.

Ingenting av dette inngyter tillit til vaksinane, gjer det?

Kanskje dette er grunnen til at dr. Sahin innrømte på kamera at han ikkje vart vaksinert med ein covid-vaksine.

Då han vart spurt av ein reporter frå det tyske DW-nettverket kvifor han ikkje var vaksinert, vart dr. Sahin unnvikande og påstod at det er ulovleg for han å bli vaksinert, og at selskapet hans må fokusere på å produsere milliardar av vaksinar for andre.

Men dersom de har kome til konklusjonen at Pfizer-vaksinen er ein katastrofe for menneskeætta, som blir prakka på oss av kjeltringar og svindlarar, vent til de høyrer om Oxford-AstraZeneca-vaksinen.

Oxford-AstraZeneca-vaksinen blir tungt fremja som vaksinen for Den tredje verda, sidan den er billegare og har mykje mindre kompliserte lagringskrav enn hovudkonkurrentane Pfizer og Moderna.

Derimot er folk flest ikkje klare over at dei britiske utviklarane av «vaksinen for Den tredje verda» er direkte tilknytt den britiske eugenikkrørsla som har arbeidd med å redusere befolkninga i dei same delane av Den tredje verda som AstraZeneca-vaksinen har som mål.

Det mest urovekkjande av alt dette er det direkte sambandet mellom leiarutviklarane av vaksinen og Wellcome Trust og Galton-instituttet, to grupper som lenge har hatt band til den britiske eugenikkrørsla.

Galton-instituttet, oppkalla etter «eugenikkens far» Francis Galton, er døypt om til UK Eugenics Society, ei gruppe berykta for 100 års fremjing av nazi-liknande rase-pseudovitskap og forsøk på å «forbetre rase-poolet» ved å redusere den delen av befolkninga som dei ser på som lågareståande og ubrukelege.

Banda til Galton-instituttet burde skape djup bekymring med tanke på presset for å gjere AstraZeneca-vaksinen til den føretrekte sprøyta for Den tredje verda, spesielt land i Latin-Amerika, Sør- og Søraust-Asia, og Afrika, som tilfeldigvis er dei sjølvsame områda der Galton-instituttet sine medlemmer har bede om avfolking.

Måla til globalisteliten er nesten for openberre. Dei kan ikkje dy seg for å skryte av dei.

Klaus Schwab si høgre hand, Yuval Noah Harari, er so opprømt over avfolking av planeten at han rett og slett ikkje kan late vere å sleppe katten ut av sekken kvar gong han blir konfrontert med ein mikrofon og eit publikum.

Den globale eliten er fast bestemt på å leike Gud. Harari er so arrogant at han var førebudd å gå framfor kamera og erklære at World Economic Forum no er so mektige at dei har oppnådd gudestatus med makt til å «skape og øydeleggje» menneskeætta.

Arrogansen og blasfemien som den globale eliten har demonstrert dei siste to åra har teke pusten frå oss. Men bølgja snur seg no mot dei. Menneskeheita vaknar opp til deira vondsinna planar, og etterforskingar blir lansert som eksponerer dei som det dei er.

Ifølgje den russiske presidenten Vladimir Putin, er covid-19-viruset eit biovåpen utvikla av eliten. Han seier at det russiske forsvarsministeriet etterforskar rolla til det amerikanske Agency for International Development (USAID) når det gjeld skapinga av covid-viruset.

I USA lanserer Florida-guvernør Ron DeSantis òg ei etterforsking rundt dei øydeleggjande konsekvensane av vaksineutrullinga.

Eliten sitt korthus fell saman. Regjeringar og regulatorar blir no tvinga til å ta dette alvorleg.

Ein kan elske eller hate han, men Elon Musk får no stor merksemd på Twitter-plattforma si der han krev at Anthony Fauci blir straffeforfølgt for brotsverka sine.

Dette kunne berre skje dersom folket vaknar opp til det faktum at vi alle har blitt gjenstand for eksperimentering og misbruk frå eliten. Det store folkemordet utspeler seg framleis og dødstalet veks enno. Vaksinane har òg redusert sædkvalitet, sterilisert massane og dermed vidare avfolka verda.

Men alt er ikkje tapt. Massedanningspsykosen til menneskeheita var ikkje fullstendig vellykka. Der finst mange nok modige sjeler igjen som har motstått tvangen, og ifølgje professor Luc Montagnier, vinnaren av Nobel-prisen i medisin 2008, er det dei uvaksinerte som vil redde verda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s