Tyske forsikringsdata viser at 88 fullvaksinerte døyr brått og uventa kvar dag

Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.

Kassenärztliche Bundesvereinigung (KBV) [fritt omsett «Landsforeininga for lovbestemte helseforsikringslegar»] offentleggjorde nyleg forsikringsdata frå 72 millionar tyskarar. Dataa målar eit frykteleg bilete. Ikkje berre har vaksinen mislykkast i å redde liva til folk frå infeksjon, men det er no òg openbert at befolkningar lever gjennom eit moderne vaksine-holocaust. Dataa vart offentleggjorde på ein pressekonferanse og live-streama 12.desember 2020 [artikkelforfattaren meiner truleg 2022; oms.komm.].

Tyske forsikringsdata peiker på eit vaksine-holocaust

I 2020 byrja den tyske regjeringa å overvake potensielle vaksineskadar gjennom forsikringsdata. Paul Ehrlich-instituttet (den tyske utgåva av det amerikanske CDC [og det norske FHI]) fekk i oppgåve å analysere og publisere forsikringsdataa, men dei har ikkje lykkast i å gjere dette etter tidsplanen og på ein transparent måte.

Den tyske parlamentarikaren Martin Sichert og dataanalytikar Tom Lausen tvinga den tyske regjeringa til å offentleggjere dataa for folket. Dataa er sjokkerande. Etter at covid-sprøytene vart rulla ut i Tyskland i slutten av 2020, har talet plutselege dødsfall meir enn dobla seg i det fyrste kvartalet av 2021. Auken av overtalsdødelegheit heldt fram medan vaksineprogrammet vart rulla ut til folket.

Før sprøyta vart rulla ut, var talet plutselege dødsfall i Tyskland rundt 6000 per kvartal. Sjølv under «pandemien» i 2020 følgde overtalsdødsfalla liknande trendar som i 2019, på rundt 6000 i kvartalet.

No er der rundt rekna 14 000 plutselege og uventa dødsfall per kvartal. Overtalsdødelegheita har meir enn dobla seg i ei tungt vaksinert befolkning. Kvar dag i Tyskland døyr no rundt 88 fullvaksinerte brått og uventa – over før-vaksine-gjennomsnittet.

Professor Stefan Homburg, tidlegare direktør for Institutt for offentleg finans ved Universitetet i Hannover, skreiv på Twitter: «Sidan vaksinasjonen byrja i tidleg 2021, har ‘plutselege og uventa’ dødsfall eksplodert. Dette er vist av dei nye KBV-dataa frå dei 72 millionar forsikra personane.»

Den globale livsforsikringsindustrien betaler ut rundt rekna 250% meir etter at covid-sprøyta vart rulla ut

Den globale livsforsikringsindustrien oppdaga dei fyrste signala på at befolkninga døydde raskare etter covid-19-vaksine-utrullinga. I dei fyrste tre kvartala av 2021 betalte livsforsikringsindustrien ut 5,5 milliardar dollar, som fekk den totale mengda utbetalingar i heile 2020 (3,5 milliardar dollar) til å sjå lita ut i forhold. Aegon, som utfører to tredjedelar av forretningane sine i USA, betalte ut 111 millionar dollar i tredje kvartal av 2021. Desse krava var 258% større enn året før, då 31 millionar dollar vart betalte ut under ein dødeleg global pandemi.

OneAmerica forsikring i Indianapolis rapporterte ein 40% auke i kvar etter dødsfall i 2021, samanlikna med prepandemiske nivå. Dødsfalla blir registrert for arbeidsføre mellom 18 og 64 år. «Vi ser akkurat no dei høgaste dødsratane som vi har sett i heile dette føretaket si historie – ikkje berre hjå OneAmerica,» bekrefta adm.dir. i selskapet, Scott Davison. «Dataa er konsistente hjå kvar aktør innan den føretakstypen.»

I mars 2022 rapporterte Andreas Schofbeck, tidlegare adm.dir. i helseforsikrings-konglomeratet BKK/ProVitaSchofbeck, eit uventa hopp i vaksinerelaterte helseforsikringskrav. Schofbeck brukte BKK-data for å hevde at regjeringa dreiv og underrapporterte biverknader av covid-sprøytene. Etter å ha gjort Paul Ehrlich-instituttet merksame på dette, vart han resolutt oppsagt.

I brevet sitt til PEI skreiv Schofbeck: «Dersom desse tala blir overførde til heile året og til befolkninga i Tyskland, har truleg 2,5 til 3 millionar menneske i Tyskland fått medisinsk behandling for vaksine-biverknader etter korona-vaksinasjon.»

Desse dataa samsvarer med vaksineskade-dataa samla inn av Open Vaers i USA. Livs- og helseforsikringsselskap held fram med å ringje i alarmbjølla om vaksineskade og død, men regjeringar held fram med å låst som om overtalsdødsfalla har ingenting å gjere med dei ulovlege vaksinepåboda som dei dreiv og handheva.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s