Tyskland blør pengar for å halde lyset på medan «det grøne eksperimentet» blir ein katastrofe

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

I årevis stengde Tyskland sine fossildrivstoff- og atomdrivne kraftverk i favør av å følgje ein «grøn energi»-politikk, og erstatta desse verka med vind- og solkraft – so vel som digre kjøp av naturgass og olje frå Russland.

Etter at Vladimir Putin invaderte Ukraina og USA kravde at Vesten påførde strenge sanksjonar på Russland, inkludert eit forbod mot import av russisk olje og gass, fann Tyskland seg i eit enormt dilemma: Utan energi frå Moskva, viste den «grøne infrastrukturen» som eksisterte i landet seg å vere mangelfull, og mangle krafta som krevst for landet sin robuste industri, ikkje minst heimar og føretak.

So no «blør Tyskland pengar for å halde lyset på», ifølgje ein Reuters-rapport, og har brent opp «nesten ein halv billion dollar, eit stadig veksande tal, sidan Ukraina-krigen kasta dei inn i ei energikrise for ni månader sidan».

Rapporten held fram:

«Det er den kumulative skalaen av bailouts og planar som Berlin-regjeringa har lansert for å halde oppe landet sitt energisystem sidan prisane gjekk til himmels og dei miste tilgang til gass frå hovudforsynaren Russland, ifølgje kalkuleringar gjort av Reuters.

Og det er kanskje ikkje nok.

‘Kor alvorleg denne krisa er og kor lenge den vil vare, er i stor grad avhengig av korleis energikrisa vil utvikle seg,» sa Michael Groemling ved Det tyske økonomiske instituttet (IW) til nyheitsformidlaren, og la til: ‘Den nasjonale økonomien som eit heile står overfor eit digert tap av rikdom.’»

Reuters rapporterte at so langt har Tyskland sett til side rundt 465 milliardar dollar, eller 440 milliardar euro [4355 milliardar kroner eller 4,35 billionar; oms.an.] ifølgje tilgjengelege tal, som sannsynlegvis berre er fyrste avdrag av midlar til å stoppe landet for å gå tom for straum og hjelpe til med å sikre alternative former for energi, spesielt no når vinteren er her.

Den leiande økonomiske makta i heile Europa, det tyske folket kjem no – takka vere leiarane sine – til å måtte leve på vêret sin nåde.

«Den tyske økonomien er no i ein særs kritisk fase på grunn av framtida til energiforsyninga er meir uviss enn nokosinne,» sa Stefan Kooths, visepresident og forskingsdirektør av forretningssyklusar og vekst ved Kiel-instituttet for verdsøkonomi, til nyheitsbyrået. «Kor står den tyske økonomien? Dersom vi ser på prisinflasjon, har den høg feber.»

Mange har skulda Tyskland sin noverande situasjon nesten berre på tapet av fossildrivstoff-energi frå Russland, men det er i beste fall ureieleg, i verste fall ei regelrett løgn.

Ifølgje ein rapport frå Forbes:

«Det internasjonale energibyrået er på’an igjen. I mai 2021 kom dei med ein oppsiktsvekkjande rapport der dei kravde slutt på alle investeringar innan olje, gass og kol for å nå fantasimålet om null utslepp innan 2050. No, når verda strevar med ei energikrise med veksande prisar på drivstoff, gjødsel og mat, kom organisasjonen med sin nye rapport om Renewables 2022 sist tysdag [13.desember 2022]. Organisasjonen sin sjef, Fatih Birol skreiv ‘big news’ på Twitter, og påstod at ‘verda er klar for å leggje til like mykje fornybar kraft dei neste fem åra som den gjorde i dei siste 20 åra når land søkjer å utnytte tryggleiksfordelane til fornybar energi’. Hovudstraumspressa rapporterte lojalt Energibyrået sine påstandar om ei ‘utrulling av fornybar energi ‘turbolada’ av global energikrise’.

Energibyrået har funne ut at forstyrringane av Russland sine forsyningar av fossildrivstoff-eksport har vist ‘energitryggleiksfordelane av innanlandsgenerert fornybar elektrisitet, som får mange land til å styrke politikk som støttar fornybare energiformer’. Rapporten slår fast at høgare fossildrivstoffprisar over heile verda har forbetra konkurransedyktigheita til sol- og vindkraft mot andre drivstoff-typar.»

Men det er fullstendig falskt: Forbes skriv deretter at det å lite for mykje på grøn energi kombinert med under-investering i pålitelege (og billegare) fossile drivstoff er det som har leia Tyskland ut i ei kraftkrise, saman med Europa som eit heile.

Formidlaren la skulda for Energibyrået sine feilaktige konklusjonar på tiltakinga av ein grøn energi-ideologi på kostnad av vitskapsbaserte faktiske data.

«Dei glødande spådommane om fornybar energi presentert av Energibyrået verkar frigjorte frå fysikkens lover og verkar skrivne for å fremje ein agenda. Nedgangen av den ein gong leiande organisasjonen – vigd til nøye analyse av energiøkonomi og dei politiske konsekvensane for OECD-medlemslanda deira – til det å vere forkjempar for og tvilsamt analysere Den grøne saka er komplett,» står det i Forbes-rapporten.

«Fiksert på tvilsame modellar som visstnok knyter karbondioksid-utslepp til apokalyptiske spådommar om global oppvarming, kunne ikkje Energibyrået ha brydd seg mindre om dei utolelege finansielle børene påført vanlege menneske som treng rimeleg mat, oppvarming (eller nedkjøling), lys og mobilitet,» held rapporten fram. «Desto verre er dei fast bestemte på å påføre sine klimaendringspreferansar på det store fleirtalet av verdas befolkning som lever i utviklingsland. Men folk knyter saman punkta mellom Vestens usamanhengande ideologiske energipolitikk og dei negative påverknadene dette har på levebrødet deira.»

Det er på tide; Tyskland lærer leksa fyrst.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s