Stiv person-syndrom er ein kjend biverknad av covid-«vaksinasjon», og Céline Dion utvikla det etter å ha teke sprøyta

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Berre éin per million menneske lid av det, og songarinne og artist Célin Dion, som er «fullvaksinert» mot Wuhan koronavirus (Covid-19), er ei av dei.

Tilstanden blir kalla «stiv person-syndrom», eller SPS, og er tilfeldigvis ein av biverknadene av Pfizer sin messenger RNA (mRNA)-injeksjon mot Fauci-influensaen [Covid-19], som kan ha vore det merket som Dion tok.

Ifølgje rapportar lid Dion av uvanleg rigiditet i torso og lemmane. Ho har òg muskelspasmar som ser ut til å opptre tilfeldig, og i tillegg som respons på visse stimuli.

Vi blir fortalt at Pfizer visste godt om samanhengen mellom sine covid-sprøyter og SPS tidleg i 2021, akkurat då dei vart sleppte laus av Trump-administrasjonen under Operasjon Warp Speed.

Det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) fekk offisielt nyss om sambandet nokre månader seinare i april. Byrået fortalde aldri det amerikanske folket om det, derimot, fordi å gjere slikt kunne ha skapt «vaksinenøling».

Pfizers ettermarknadsføringsmateriale viser at SPS faktisk kan utvikle seg etter at ein person får «vern» mot den kinesiske influensaen [Covid-19] gjennom injeksjonane. Og der er stor sjanse for at Dion tok Pfizer-serien av sprøyter sidan desse ser ut til å vere dei som folk flest tok.

VAERS-data viser at dersom du lid av SPS, er det 99,6% sjanse for at du fekk det av covid-sprøyter

Før Operasjon Warp Speed var tilfelle av SPS eksepsjonelt sjeldne. Dette kan verifiserast ved å sjå på det statleg styrte Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) sine data om sjukdommen.

So fort covid-sprøyter vart ei greie, byrja førekomsten av SPS å auke. Basert på kva ein no veit, er det ein 99,6% sjanse for at dersom ein person har SPS, utvikla han eller ho det som eit direkte resultat av å ta sprøyta.

Dette er meir enn sannsynleg tilfellet for Dion, som allereie hadde helseproblem til å byrje med, og som sannsynlegvis vart dytta over kanten av Pfizers covid-injeksjonar. Den einaste andre sprøyta som kunne ha forårsaka det, ifølgje VAERS, er HPV-vaksinen.

«Talet for SPS over 30 år impliserer berre Covid- og HPV-vaksinar,» skreiv Steve Kirsch i nyheitsbrevet sitt. «So for ein ‘trygg’ vaksine slik som influensavaksinen (som eg ikkje vedgår er trygg, men berre for argumentet sin del), får vi 1 rapport på 30 år (.03/år). For Covid får vi 17 rapportar på 2 år (8,5/år). So den relative rateauken er 8,5/.03 = 283.»

«Med andre ord seier matematikken at sjansen for at Céline Dion fekk SPS av vaksinen er 99,6%. Kort fortalt er det nesten sikkert at Céline Dion er vaksineskadd.»

Det viser seg at ein kan utvikle SPS same dagen som ein blir injisert. Det ville ha vore interessant å vete når Dion sine SPS-symptom fyrst dukka opp og korvidt det skjedde på dagen der ho fekk sin fyrste eller andre (eller kanskje tredje eller fjerde?) covid-injeksjon.

Dette ville sterkt antyde at SPS faktisk – og unekteleg – er ein direkte biverknad av covid-injeksjon. Dion er eit levande bevis på det, ser det ut som, som tener som ei åtvaring til folket om å ikkje stole på desse sprøytene, same kva regjering og media seier om dei.

«Kva trur de er sjansen for at spontant SPS finn stad på same dagen som ein vaksinasjon med Covid-vaksine? Svært nær null,» la Hirsch til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s