Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.
Den medisinske og den farmasøytiske industrien i USA har funne ein ny måte å skade unge menneske og gjere kundar av dei for resten av livet. Ein rovdyraktig transkjønnsindustri er i ferd med å vekse fram, og dei livnærer seg av dei mest sårbare – unge menneske som slit med autisme, unge menneske som slit med identiteten sin og med kjensla av å høyre til. Denne transkjønnsindustrien dreg nytte av menneske i hormonell ubalanse, og utset dei for syntetiske hormon som gjer denne ubalansen endå verre. Denne industrien utnyttar menneske med misbrukshistorikk, feildiagnostiserer strevet deira, og speler med i ein falsk røyndom, før dei gjer dei om til pengekyr for resten av livet. Offer for transkjønnshormon-«behandlingar» og operasjonar snakkar ut mot denne sadistiske transkjønnsindustrien, og fortel historiene sine om korleis dei vart lovde ein kur, dette medan dei vart mishandla, lemlesta og øydelagt frå innsida.
Rovdyraktig transkjønnsindustri vel seg ut menneske på autismespekteret som mål
Ei undercover-etterforsking av James O’Keefe (tidlegare i Project Veritas), fann legar som var viljuge til å snakke ut om kva som skjer på innsida av denne rovdyraktige transkjønnsindustrien. I ein tredje episode av ein serie som eksponerer medisinsk feilbehandling og rovdyraktige protokollar i transkjønnsindustrien, intervjuar O’Keefe fleire legar som gav vitnesbyrd om dei profittdrivne og rovdyraktige funksjonane til industrien.
«I byrjinga er der mange timar hjå legen,» sa dr. John Steever. «Men, du veit, etter ei stund set du lengre periodar mellom timane. Det er meir seks til tolv månader?»
«Hjå ei kvinne som skal bli mann, dersom dei då held fram – må vedkomande ta jamleg testosteron for – vel, for resten av livet,» sa dr. Matthew Warnken, ein farmasøyt i Austin, Texas.
Dr. Matthew Pabis i New York ser at industrien vel seg ut autistiske barn som mål. Han snakka om ein 21-årig autistisk pasient som ønskte mentalhelse-hjelp. «På den tida kom han her på grunn av den mentale helsa, og kan kom ned her og sette seg ned, og eg spurde ‘kva er du her for?’,» spurde dr. Pabis den unge mannen. «Han sa, ‘Åh, eg såg deg utføre transkjønn.’ Eg svarte ‘Jadå’. Han sa, ‘Vel, eg trur eg må få penisen min kutta av.’ Eg sa då ‘Du veit, kjønnsskifte er ikkje lett.’ Det skjer ikkje slik som dette. Du må injisere deg sjølv med hormon. Du må ta piller. Du må ta blodprøver. Du veit, dersom han greier det, lat oss då gjere det, og han får vaginaen sin neste veke, om eit år!» Dersom legar og mentalhelse-rådgjevarar ikkje følgjer kjønnsskifteprotokollen, blir dei feilaktig utskjemt av kollegaene sine og skulda for å gjere pasienten meir tilbøyeleg til sjølvmord.
Nora Scott, ein autorisert sosialarbeidar ved Dell Children’s Medical Center, bekrefta at industrien vel seg ut offer som er på autismespekteret. «Eg kan seie det herifrå òg, at der er mange pasientar ved klinikken vår som er på autismespekteret… [Der er] ei stor mengd kjønnsskifte hjå folk som er ein eller annan stad på spekteret, og i tillegg ein eller annan stad på LGBTQIA-spekteret,» sa ho.
Parisha Mosley, forkjempar for de-transition [dei som har angra på kjønnsskifte og åtvarar andre om farane med det], snakka om sine eigne skrekkelege erfaringar då ho gjekk gjennom eit «kjønnsskifte».
«Eg sat med det inntrykket at eg skulle gjennomføre ein kur og bli lækja, og eg forstod ikkje som eit psykisk sjukt barn at eg gjekk med på livslang medisinering. Eg greidde ikkje å konseptualisere ideen om at eg skulle måtte injisere denne [medisinen] kvar andre veke, for alltid.»