Ingen bortsett frå globalistane vil få lov til å bli gamle

Av dr. Vernon Coleman, henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

Den veldokumenterte, globale nedslaktinga av eldre har sjokkert millionar. På sjukeheimar og sjukehus vart dei eldre med vilje og kaldt blod myrda av legar og sjukepleiarar som følgde «ordrar» ovanfrå.

Politikarar og rådgjevarar erklærte at eldre burde bli nekta medisinsk omsorg, og tusenvis som faktisk var innlagt på institusjonar, vart behandla utan medkjensle, omtanke eller skikkeleg, sømeleg omsorg. Dei eldre vart nekta kontakt med slektningar eller venner og vart isolerte i mange månader, og i somme tilfelle år. Bebuarar vart fortalde at dei måtte late seg injisere med ein sokalla «vaksine» som var kjent for å ikkje fungere, og for å vere farleg giftig. Tusenvis av eldre pasientar vart drepne av ein vaksine som burde ha blitt klassifisert som for farleg til å hive på søppelfyllinga.

Dei eldre vart låste inne, tvinga til å gå med munnbind (som gjorde stor skade og ingenting godt), og gjenstand for forhold som ville ha utløyst opptøyar om dei hadde blitt brukt på ulovlege innvandrarar eller farlege fengselsinnsette.

(Sjekk ut mine tidlegare videoar og artiklar for bevis på korleis dette skjedde, og korleis dei eldre vart offisielt misbrukte frå 2020 og framover.)

Den falske pandemien som vart designa, marknadsført og selt til ei lettlurt offentlegheit våren 2020, var alltid ein essensiell del av globalistane sine planar for Den store tilbakestillinga [Great Reset].

Og dei eldre (i det minste dei som ikkje var milliardærar eller hadde gode kontaktar) vart alltid sett på som ein plage ein lett kunne kvitte seg med.

Misbruken som vart ein offisiell, integrert del av institusjonell omsorg i 2020, held fram i dag. Hugs: ingenting skjer ved eit uhell eller ei tilfeldigheit lenger. Dei eldre blir fjerna frå verda vår som om dei er ingenting meir enn ein irriterande infeksjon.

Spørjeundersøkingar viser at den desidert vanlegaste «-ismen» i dagens verd er ageism [aldersdiskriminering; oms.an.]. Diskriminering mot dei eldre forårsakar langt meir reell elende enn rasisme eller kjønnsdiskriminering, men lovverket er overraskande svakt mot dei som går til åtak på dei eldre, og hovudstraumsmedia slepper konstant unna med å latterleggjere og marginalisere dei eldre på ein måte som dei aldri ville ha sett på som akseptabel dersom måla vart valde på bakgrunn av kjønn eller rase. Media er besett av trivielle klagar om påstått rasisme («han hadde vanskar med å uttale namnet mitt»), og små døme på kva som blir sett på som uønskt seksuell åtferd («han gav meg kompliment for den nye frisyren min»), men dei eldre blir myrda utan at nokon i media ytrar so mykje som ei setning i protest.

Eldre på sjukeheimar blir rutinemessig avliva med ein tilrådd, godkjent og dødeleg mikstur av midazolam og morfin.

Personale på sjukeheimar og sjukehus nektar å mate dei som ikkje kan mate seg sjølve (kvalifiserte sjukepleiarar føler at det å mate pasientar er under deira verdigheit, og ufaglært personale får ikkje lov til å ha nokon kontakt med pasientane). Lova lèt ikkje-medisinsk personale gje eldre berolegande og sterkt bedøvande legemiddel utan at dei veit om det, langt mindre godkjenner dei det.

I eit forsettleg (og vellykka) forsøk på å få fortgang i dødsfalla blant eldre bebuarar, opnar sjukeheimspersonale vindauga sjølv på iskalde dagar (visstnok i den heller innsnevra og mellomalderske trua at frisk, kald luft vil blåse basillane vekk).

Yngre borgarar har blitt opplært til å sjå på dei eldre som ei ubrukeleg bør for samfunnet, ein dyr luksus som ein ikkje lenger kan ha råd til. Pengar brukt på pensjonar blir sett på som bortkasta («dei burde ha blitt gjevne til dei unge»), heller enn den retten dei er. Dei eldre blir sett på som ein plage, og er gjenstand for konstant misbruk på ein måte som ikkje ville ha blitt tillate om den hadde blitt retta mot, lat oss seie, ulovlege innvandrarar.

Dei eldre kan bli slakta i hopetal utan at nokon ser ut til å bry seg.

Ein nyleg artikkel i Investors’ Chronicle-tidsskriftet klaga over at dei eldre legg eit «uforholdsmessig behov på helsetenester» og la til: «Dei nyt òg vinterdrivstoff-kvote, gratis busskort og gratis TV-lisens for dei over 75 – gratisvarer verdt rundt 1000 pund som blir finansiert av den yngre, arbeidande befolkninga.»

Denne kommentaren ignorerte det faktum at dei fleste pensjonistar har arbeidd hardt heile livet sitt og betalt for velferdsytingane som dei mottek. Og det var ikkje berre ytra i forakt, men det var òg unøyaktig. BBC trekte nyleg tilbake sin lovnad om å gje gratis TV-lisens til alle over 75.

Som alltid ligg der eit føremål bak propagandaen.

Å skape misunning eller misliking av dei eldre gjer det lettare å drepe dei. Og det åtvara eg om at dei ville gjere i mars 2020. det er nøyaktig det regjeringar over alt har drive med, gjennom nedstengingar, munnbindpåbod og obligatoriske vaksineprogram.

Tragisk kjem ting berre til å bli verre for eldre borgarar.

Det dei unge ikkje innser er at dersom dei er heldige (eller kanskje det burde ha heitt «uheldige»), vil dei òg bli gamle. Og då vil dei òg bli misbrukt som om dei var ei plage. Og dersom dei greier å halde seg i live, vil dei nesten heilt sikkert bli tvinga til å leve i regelrett fattigdom.

Folk som no er i 50-åra vil vere i slutten av 60-åra før dei er berettiga ein statleg pensjon. Dei i 30-åra vil truleg vere 75 før dei kan pensjonere seg, og dei under 30 (til og med dei som jobbar for Staten) kan like godt innsjå det faktum at med mindre dei byrjar å spinke og spare no, vil dei aldri bli i stand til å kunne pensjonere seg, og vil anten bli forsettleg avliva, eller måtte jobbe til dei kreperer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s