Av Seth Grossman, American Thinker. Omsett av saksyndig.
Dei fleste konservative vart sjokkerte og overraska då Fox News tok Tucker Carlson-programmet av lufta sist veke. Det var sett av 3,2 millionar for det meste velståande sjåarar kvar kveld. Det var det sjuande mest populære programmet på kabel-TV. Det trekte til seg nesten dobbelt so mange sjåarar som MSNBC og CNN til saman. MSNBC hadde eit publikum på rundt 1,14 millionar sjåarar. CNN hadde berre om lag 473 000.
Derimot hadde Tucker Carlson sitt program lege på respirator sidan 18.desember 2018. det var då «progressive» Demokratar kansellerte mesteparten av sponsorane.
13.desember 2018 hadde Tucker Carlson eit innslag om effektane av massiv, ukontrollert og ofte ulovleg innvandring frå fattige land. Tucker viste videoar av karavanar av ulovlege innvandrarar som kom til grensene, og haugane av søppel som dei etterlét seg. Tucker forklarte korleis dette påførde skade på USA på mange måtar. Han kritiserte politiske leiarar i begge parti og forretningselitar for å ignorere problemet.
Tucker var einig i at mesteparten av innvandrarane sjølve var «greie folk». Derimot konkluderte han:
«Men som eit økonomisk tema er dette sinnssjukt. Det kan ikkje forsvarast, so ingen prøver eingong å forsvare det nokosinne. I staden krev leiarane våre at de held kjeft og aksepterer dette. Vi har ei moralsk plikt til å sleppe inn verdas fattige, seier dei til oss, sjølv om det gjer landet vårt fattigare og skitnare og meir splitta.»
Alt Tucker Carlson sa var sant, udiskutabelt og rimeleg. Alt hadde blitt sagt mange gonger av mange politiske leiarar og økonomiske ekspertar. I 2016 oppnådde kandidat Donald Trump utbreidd hovudstraumsstøtte ved å love å fikse desse problema. Trump lovde ein grensemur og streng handheving av immigrasjonslovverket. Tucker Carlson hadde rett då han minte sjåarane sine på korleis leiarar i begge parti sat og ignorerte dette kritiske problemet.
Derimot brukte venstresida Tucker sitt program frå 13.desember 2018 til å byrje ein orkestrert kampanje for å eliminere Tucker Carlson sitt program, og kanskje òg heile Fox News-nettverket, frå kabel-TV.
Dei neste to dagane tok ymse «progressive» telefonar og sendte brev og e-postar til kvart einaste selskap og annonsebyrå som kjøpte annonsar på Tucker Carlson-programmet.
Den neste veka rapporterte hovudstraumsmedia nonstop at der var nasjonalt raseri over kommentarane til Tucker. Dei rapporterte at annonsørar og annonsebyrå var sinte og flaue over det Tucker Carlson hadde sagt.
Innan nokre dagar hadde minst 26 hovudstraums-konsernsponsorar offentleg erklært at dei ikkje lenger ville støtte Tucker Carlson-programmet.
Desse sponsorane inkluderte CareerBuilder, Takeda Pharmaceuticals (som laga Entyvio), TD Ameritrade, I HOP, United Explorer-kredittkortet, Just For Men, Jaguar Land Rover, Ancestry.com, SCOTTeVEST, Zenni Optical, Voya Financial, Nautilis, Inc. For Bowflex, SmileDirectClub, NerdWallet, Minted, Pacific Life insurance, Indeed.com, Norwegian Cruise Lines, Red Lobster, Farmers Insurance, Lexus/Toyota, Mint Mobile, Graze snacks, Samsung, SodaStream, Pfizers Robitussin og SanDisk.
Då desse sponsorane drog sin veg, hadde Tucker Carlson berre «annanrangs» sponsorar, som genererte mykje mindre annonseinntekter. Dei inkluderte My Pillow, Relief Gactor og Granite Stone gryter og panner. Tucker Carlson-programmet kan ha hatt ei superstjerne og eit publikum i beste sendetid. Men det hadde inntekta til noko slikt som eit nattprogram frå 1970-talet sponsa av Veg-O-Matic og Ginsu Knives.
Pengar frå «annanrangs»-annonsørar kan ikkje halde eit beste sendetid-program flytande på eit nettverk noko særleg lenge. Sjølv om Tucker Carlson var på lufta til sist veke, var det fortapt sidan desember 2018.
Var der reell folkeraseri mot Tucker Carlson på grunn av det han sa om innvandring? Vart kampanjen for å mobbe annonsørane hans planlagt månader eller til og med år i forkant? Nøyaktig kor mange telefonar vart tekne og kor mange brev og e-postar vart sendte? Vart dei berre sendte av ei handfull profesjonelle eller radikale oppviglarar, slik Rush Limbaugh ofte forklarte? Inkluderte nokre av desse telefonsamtalane, breva eller e-postane ulovlege trugslar eller utpressing? Brukte «woke»-finansinstitusjonar slik som BlackRock utilbørleg påverknad på konserna som dei investerte i?
Det kan vi kanskje aldri få vit på. Alt dette skjedde medan republikanaren Donald Trump var president. Etter det eg veit gav verken Trump eller nokon andre i hans administrasjon ordre om noka etterforsking for å finne det ut. Verken president Trump eller nokon annan republikansk embetsperson gjorde eller sa noko for å hjelpe eller forsvare Tucker Carlson på nokon måte. Der fann ikkje stad nokon etterforskingar frå Kongressen si side. Republikanarar hadde mist fleirtalet sitt i «Blue Wave»-vala i 2018.
Eg mistenkjer at ein Demokrat-president ville ha handtert tinga på ein heilt annleis måte dersom kristne eller konservative mobba annonsørane til ein populær, «progressiv» TV-vert på eit nettverk slik som CNN eller MSNBC.
Eg mistenkjer at FBI ville ha kravd utlevert telefonsamtaleopptak og kvart einaste brev og e-post. Eg mistenkjer at dei ville ha avhøyrt alle dei involverte under eid. Eg minstekjer at folk ville ha blitt tiltala og straffeforfølgt for å kome med trugslar. Og på eitt punkt ville alle hovudstraums-konsernsponsorane ha blitt «overtala» til å halde fram sponsinga.
Derimot har dei fleste republikanarar, inkludert Trump, vore uviljuge til å dytte tilbake mot woke-konsern og feige konsern mobba av «woke»-aktivistar. Vi ser korleis dei gjekk til åtak på Florida sin republikanar-guvernør Ron DeSantis då han dytta tilbake mot Disney.
Fox News kan ha håpt at enkelte av desse konsern-sponsorane stille ville ha vendt tilbake til Tucker Carlson etter kvart som tida gjekk. Derimot ville ikkje Demokratane ha noko av at dette skjedde.
ADL [Anti-Defamation League], eingong i tida ei hovudstraums jødisk gruppe som no fremjar ein venstreradikal agenda, kalla i april 2021 Tucker Carlson offentleg for ein «rasist», og oppmoda Fox News om å sparke Tucker Carlson. CNN og andre nyheitsorganisasjonar rapporterte pliktoppfyllande om dei falske skuldingane frå ADL som nyheitsoverskrifter.
12.mai 2022 kom New York Times og det statsfinansierte NPR med falske påstandar om at Tucker Carlson skapte «det mest rasistiske programmet i historia til kabelnyheiter».
Periodiske åtak som desse garanterte at hovudstraumskonsern aldri ville vende tilbake til Tucker Carlson.
No når Tucker Carlson-programmet er vekke frå Fox News, har Demokratane fått blod på tann. Eg er trygg på at dei no er klare til å ta ned andre programvertar, eller til og med heile nettverket. Murdoch-familien og Fox News verkar ikkje særleg kampivrige. Eg mistenkjer at dei snart vil gjere kva enn Demokratane krev som pris for å slutte med åtaka, og få konsernsponsorar til å vende tilbake.
Konservative som elskar og beundrar Tucker Carlson er rasande. Dei er ivrige etter å boikotte Fox News og vende seg mot andre konservative nettverk slik som Newsmax. Derimot beviste Comcast og Direct TV allereie at dei kan kvitte seg med nettverk som Newsmax kor tid som helst. Sjølv om konservative nettverk slik som Newsmax for behalde sin kabeltilgang, kor lenge kan dei overleve dersom dei berre har «annanrangs» sponsorar slik som My Pillow og Relief Factor?