Transkjønnsgalskapen i USA

Av Robert Weissberg, American Thinker. Omsett av saksyndig.

Framtidige historikarar kan sjå tilbake på 2023 som toppen av transkvinne-galskap. Den vidt offentleggjorde boikotten av Bud Light-øl på grunn av Anheuser-Busch sitt val om å ha med seg «influencer» Dylan Mulvaney kan ha fått mest publisitet, men det er berre ein liten del av denne galskapen. Prominensen av dette er spesielt synleg i moteindustrien, der leiande merke slik som Chanel, Versace og Victoria’s Secret no stiller ut biologiske menn utkledd som glamorøse kvinner. Til og med Sports Illustrated, eit tidsskrift retta mot sportsinteresserte menn, hadde ein gong transmodellen Leyna Bloom på framsida. 30 kjønnsopererte kvinner tener no til livets opphald som motemodellar.

Medan det å portrettere transkvinner i glansa blad kan få folk til å leggje merke til dei meir, får det større konsekvensar når det gjeld korleis biologiske menn erstattar kvinner innan idrett. Det er vanskeleg å vete tala her, og somme estimat set tala lågt (altso 100 eller noko sånt på college-nivå, fem for K-12 [den amerikanske grunnskulen frå K (kindergarten/barnehage) til 12.klasse; «13.klasse» er fyrste året på college; oms.an.]), men effekten går forbi råtala sidan biologiske menn ofte dominerer og dermed frårøvar biologiske jenter finansielle premiar slik som college-stipend eller trofé. Ei homoorientert nettside oppsummerer dette mønsteret med overskrifta «Desse 20 transkvinnene har vunne nasjonale eller internasjonale konkurransar eller meisterskap». Kven kan gløyme den middelmåtige symjaren Lia Thomas som vann symjemeisterskap som kvinne? I mellomtida konkurrerte ein trans-vektløftar som kvinne i olympiaden. Ein transkjønnsatlet slo nyleg 14 000 kvinnelege konkurrentar i London Marathon.

Langt mindre offentleg kjent er det at delstatlege fengsel no husar 5000 menn som identifiserer seg som kvinner, medan rundt 1300 er innsette i føderale fengsel.

Kva skjer? Opplever USA ein massepsykose der menn vaknar opp som «kvinner» og krev å bli behandla som kvinner? Har vassforsyninga vår blitt massivt kontaminert av østrogen? Eller opplever vi berre ei harmlaus motegreie slik som lilla hår?

Denne menn-som-blir-kvinner-trenden er den andre sida av det som skjedde fleire tiår tilbake i tid, då kvinner i aukande grad trekte inn i tradisjonelt mannlege felt. På ein måte er det ei sosioøkonomisk utgåve av Newtons tredje lov om rørsle – Newtons tredje lov slår fast at når to kroppar interagerer, bruker dei kraft på kvarandre som er lik i omfang og motsett i retning. Lova om aksjon og reaksjon. So når kvinner erstattar menn, vil menn til slutt erstatte kvinner i domene som tidlegare vart sett på som berre for kvinner. Legg vidare til eit økonomisk element – sidan kvinner avgrensar dei økonomiske moglegheitene for menn, søkjer menn desse moglegheitene i felt som tidlegare var kvinnedominert.

Den feira inngangen til kvinner i mannsdominerte felt er fanga av frasen «å bryte glastaket» [engelsk breaking the glass ceiling]. Terminologien «glastak» vart fyrst brukt i 1978 av Marilyn Loden for å referere til dei subtile barrierane som kvinner stod overfor då dei klatra i den korporative rangstigen, hinder slik som den gamle gutekulturen. Ideen eksploderte i popularitet på midten av 1980-talet og vart raskt følgt av lover og byråkratiske edikt som forbaud kjønnsdiskriminering på arbeidsplassen, innan idrett og innan finansielle tenester.

Ei lang liste av «fyrste-» følgde deretter: [fyrste] kvinnelege luftforsvarspilot, astronaut, utanriksminister, NFL-dommar, adm.dir. i større konsern, og so vidare. Desse takknusings-gjennombrota blir i det vide og det breie lovprist, og område der kvinner framleis blir ekskludert, til dømes Navy SEALs, vart gjort til mål for forbetring. Kritikarar vart stilna og fordømt som misogynistiske [kvinnehatande].

Mindre synlege var kostnadene for menn, spesielt når tilsetjingsfrynsegoder blir tildelt ved å leggje ein tommel på vekta i favør av kvinner. Sjå til dømes på dei lågare trenar- og administrasjonsjobbane i mannsidretten som ofte er inngangsportalen til godt betalte toppstillingar. Ei nyleg historie i Christian Science Monitor fortel korleis kvinner no fyller stillingar innan baseball, basketball for menn og fotball. Faktisk har både hovudliga-baseball og National Basketball Association 12 fulltidstilsette kvinnelege trenarar, og til og med NFL har tilsett åtte kvinnelege trenarar på fulltid.

Utskiftinga av menn i favør av kvinner er spesielt merkbart i college-idretten, der det føderalstatleg handheva korstoget for kjønnslikskap (Title IX) har resultert i at laga til menn blir kansellerte. Dette kan bli juridisk komplisert, men har to grunnar. For det fyrste, opplever finansielt pressa skular som prøver å kutte i utgifter ved å fjerne inntektsugunstige idrettar slik som symjing [færre vil betale for å sjå symjing enn til dømes amerikansk fotball; oms.komm.], ofte motstand når dei prøver å kutte i kvinnelag, men mindre når mannsidrett blir kutta i. for det andre, når skular står overfor føderalstatleg press for kjønnslikskap, er ein «bankers» strategi å rett og slett kutte i laga til menn for å oppnå deltakingsforhold som reflekterer registreringa. Det speler lita rolle om kvinnelege elevar har interesse i, lat oss seie kvinnerugby, men ulikt mennene sitt rugbylag, vil det overleve. Frå og med 1990-talet gjorde presset for å oppnå kjønnslikestilling difor slutt på karrierane til mannlege atletar i idrettar slik som bryting, tennis, symjing og dykking, gymnastikk, golf og cross-country [langdistanseløp slik som til dømes maraton; oms.an.]. Kort fortalt vart mannlege atletar ofra på alteret til kjønnslikestilling.

Dette mønsteret gjeld òg akademisk tilsetjing. Kvinner dominerer no presidentskapane i Ivy League og, meir generelt, utgjer kvinner rundt 30% av college-presidentar. Det er ingen tvil om at feminiseringa av administrasjonen innan høgare utdanning berre vil halde fram etter som kvinner i aukande grad dominerer campus. I dag er der 14% fleire college-kvinner enn menn, og medan immatrikuleringa på colleges fell generelt, er denne nedgangen mest markant hjå menn. Faktisk er no berre 41% av dei som er immatrikulert innan høgare utdanning menn, og dersom ein trekk frå internasjonale studentar der uvanleg mange er menn, står den amerikanske mannlege college-studenten overfor utrydding. Kvinner er no til og med i fleirtal blant medisinskulestudentar, ein bastion som tidlegare var mannsdominert.

Den private sektoren er ikkje annleis. Per 2022 er 47 av adm.dir.-ane i Fortune 500-selskap kvinner, og mange av dei kvinneleia selskapa er knapt «kvinnelege» firma. Desse inkluderer General Motors, Best Buy, General Dynamics og Northrup Grumman. I tillegg kan desse tala berre auke, sidan kvinner no utgjer 40% av dei som har byrja på handelshøgskule, og på somme eliteskular slik som Wharton og Johns Hopkins, utgjer dei halvparten eller meir av alle studentane.

Transpersonar er ikkje berre menneskelege raritetar. Deira nye prominens, ofte følgt av aggressiv politisk agitasjon, kan vere byrjinga på ei større sosial forskyving når det gjeld definisjonen på mann og kvinne. I somme sirklar har «menn» blitt nedgradert til «personar som produserer sæd». Det er ikkje bra å vere ein tradisjonell, viril mann i desse dagar, spesielt ikkje ein kvit mann.

Noko som kanskje er eit frampeik mot denne forskyvinga av kjønnsidentitet, er at mellom 2012 og 2021 dobla andelen amerikanarar som identifiserer seg som LGBT+ seg frå 3,5% til 7,1%, og denne endringa er spesielt markant hjå yngre menneske – ein femtedel identifiserer seg som ikkje-binær. Og desse spørjeundersøkingane ekskluderer barn som nyleg vart eksponerte for bøker med homotema og drag shows i undervisninga.

Kva vil skje når betydelege tal menn, i det minste enkelte som har teke pubertetsblokkerande legemiddel, gradvis omfamnar feminine identitetar medan jenter, som på liknande vis har fått legemiddel for å undertrykkje sine kvinnelege identitetar, går hen og prøver å erstatte menn i tradisjonelt mannlege yrke? Ja, dette kan fungere i idrett, men kva med militæret, vitskapen, farlege jobbar og aggressivt konkurranseprega føretak? Moder Jord har ikkje gjort til at menn og kvinner kan skiftast seg imellom, og til og med heile armear av kjønnsstudieprofessorar kan ikkje overvinne denne realiteten.

Det er tapet av maskulinitet som ein dyd som er kritisk, og dette er langt meir alvorleg enn å portrettere Dylan Mulvaney på ein boks med Bud Light-øl. Det vil ikkje vere gode nyheiter når mange mannlege avgangselevar frå vidaregåande ønskjer å bli undertøysmodellar for Victoria’s Secret, medan kvinnelege klassekameratar håper å fly F-35.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s