Kinesisk avhoppar åtvarar amerikanske Demokratar: «Førebu dykk på å bli offer for dykkar eiga øydelegging»

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein overlevande frå det tidlegare terrorregimet til kommunist-revolusjonæren Mao Zedong snakkar ut om korleis ho fryktar at den same undertrykkinga som ho ein gong flykta frå, skal finne fotfeste i USA.

Xi Van Fleet, som skildrar seg sjølv som «fødd kinesar; amerikanar av eige ønske. Overlevde Maos kulturelle revolusjon. Forsvarar av fridom», lagar bølgjer på sosiale media for enkelte Twitter-meldingar som ho fyrte av mot Det demokratiske partiet.

Van Fleet, som har innsett at dagens Demokratar er av same ulla som Mao, delte litt historie om Liu Shaoqi, ein tidlegare president i Folkerepublikken Kina som la det tyranniske grunnlaget som Mao iscenesette sin kulturelle revolusjon på.

«Når han vart omringa av mobb frå den Raude garden, prøvde Liu Shaoqi å snakke fornuft med dei: ‘eg er i det minste ein borgar. Kvifor får eg ikkje lov til å snakke?’.»

Dette var Liu som snakka på den tida då han var i ferd med å reinskast ut av Mao. Før dette dreiv Liu sjølv og forfølgde «tallause» menneske, sa Van Fleet, og øydela eller gjorde slutt på liva til folk. Og på den tida Mao dukka opp, hadde Liu blitt offer for det sjølvsame tyranniet som han hjelpte til med å skape.

«Venstresida er so opptekne av å øydeleggje lovar og reglar og Grunnlova vår,» åtvarar Van Fleet. «Dei må førebu seg på å bli offer for si eiga lovløyse ein vakker dag!»

(Relatert: Kontrollerer Kina Silicon Valley?)

Dei som går mot Guds lov og undertrykkjer Guds barn vil ein dag bli offer for sitt eige tyranni

Det er ei liknande historie til den som er skildra i Esters bok i Bibelen. Haman, ein tenestemann i domstolen til det persiske imperiet under kong Ahasuerus, vanlegvis kjent som Xerxes, kom på ein plan for å øydeleggje jødane i Persia, berre for å ende opp i galgen som han sjølv bygde for Mordechai og resten av jødane.

Desse er historiene som dagens Demokratar vil gjere rett i å tenkje på, når dei no byggjer verdas største overvakingsstat og set i gang planane sine for eit globalt folkemord. Det kan likegodt ende opp med å vere tilfellet, som Van Fleet òg lover, at desse skurkane i dagens USA vil ende opp å gå under i den same lagnaden som dei har planlagt for oss alle.

«Eg er djupt takksam,» skreiv Van Fleet på Twitter om si eiga erfaring. «I dag er det 35 år sidan draumen min vart sann. Eg fekk eit studentvisum slik at eg kunne fare til USA. Eg føler at dette ikkje lenger er det USA som eg drog til. Ho har vore under åtak av marxisme/kommunisme som eg trudde eg hadde sleppt unna. Det er difor eg kjempar for å redde ho!»

Gjennom heile historia ligg der eit mønster der vondsinna menneske som etter å ha spreidd vondskapen sin ei god stund, endar opp med å bli mottakarane av den sjølvsame vondskapen som dei hadde intensjon å påføre andre. Det skjedde med Liu då Mao tok over; det skjedde med Haman i Esters bok; og det vil ein dag skje igjen med dei tyranniserande globalistane som har som mål å øydeleggje alt som er godt og normalt.

«Som om Republikanarane ikkje er like dårlege som Demokratane,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om korleis desse to politiske partia berre er to vengjer på same fuglen.

«Eg kunne mint alle om at det var Republikanarane som gav oss TSA, som reiv 4th Amendment i fillebitar [tillegg til den amerikanske grunnlova som forbyr urimeleg ransaking og konfiskering; oms.an]. Det var Republikanarar som heldt oss i krig i Afghanistan i 20 år. Det var Republikanarar som myrda millionar av sivile i Irak. Republikanarar er berre den kontrollerte opposisjonen til Eittpartiet.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s