Noko ligg i lufta, og det stinkar: Er vi på veg mot borgarvern og folkedomstol i Noreg?

For tida står fem menn i 20-åra tiltalt for gruppevaldtekt av ei jente i Bergen. Tre av dei er tiltalt for seksuell omgang med ei 15 år gammal jente, ein annan for sovevaldtekt. Saka, som går i Hordaland tingrett, har vakt stor oppsikt i media, og dei tiltalte har blitt eksponert med namn og bilete både i sosiale media, og på plakatar rundt om i byen. Om dei er skuldige eller ikkje, er framleis opp til retten å avgjere, men folket ser allereie ut til å ha dømt dei. Den nemnde NRK-artikkelen skriv at det samstundes med denne rettssaka føregår ei «parallell rettssak utenfor tinghuset. Der har folket tatt på seg rollen som dommere.»

Responsen på sosiale media antydar at valdteker har stor henleggingsprosent, og mitt inntrykk er at eit valdtektsoffer ofte ikkje blir trudd. Omvendt kjenner eg til at det motsette òg er eit stort problem: damer som feilaktig anklagar menn for valdtekt og med dette øydelegg liva deira og deira gode namn og rykte. I dette konkrete tilfellet har nok ikkje dette skjedd – men, igjen, det er ei sak som i skrivande stund framleis pågår i rettssystemet, og ingen dom har enno blitt sagt. Iallfall ikkje av ein kvalifisert dommar.

Folket har tydelegvis sagt sin dom. Dei set pris på at namna til dei tiltalte blir offentleggjorde. Kva som vil skje med dei om dei blir frikjent, er på noverande tidspunkt ikkje lett å seie. Mennene vil neppe kunne ferdast trygt i Bergen by lenger – for å seie det mildt.

Sofie Høgestøl, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, har følgjande kommentar til NRK:

«Jeg forstår at saken har fått mye oppmerksomhet. Det er menneskelig å bli oppslukt av en rettssak som kan trigge mye følelser.»

Eg har sterke mistankar om at denne saka vil trigge meir enn berre kjensler. Vi kan i verste fall bli vitne til borgarvern, som tek lova i eigne hender og straffar desse fem mennene etter kva dei sjølve finn for godt. Ifølgje NRK har ein kjent musikkartist konfrontert ein av dei tiltalte på ein bensinstasjon i Bergen. Artisten vart seinare anmeldt av den mistenkte valdtektsmannen. På sosiale media har denne artisten blitt identifisert som Kamelen. (Sitat frå Reddit-brukaren Bankemunken: «Ja, kamelen outet visst navnene på dem, men så det ikke selv.»)

Under rettssaka var det mellom anna forbode for frammøtte å ta bilete. Ein av dei gjorde dette likevel, og delte bilete og videoar frå rettssaka på Instagram og TikTok. Der vart dei tiltalte identifiserte. Namn og bilete av dei har sidan spreidd seg som eld i tørt gras på sosiale media, i likskap med plakatar som har blitt hengt opp av dei i Bergen.

Frå eit juridisk perspektiv er det problematisk at folket allereie har sagt sin dom, ettersom dette er i strid med det grunnlovsfesta prinsippet at alle er uskuldige til det motsette er bevist. Jusprofessor Asbjørn Strandbakken meir enn antydar at denne «offentlege gapestokken» kan føre til redusert straff om dei tiltalte blir dømt. Sånn sett er ikkje denne strategien særleg lur. Men med tanke på dei vilkårlege dommane som skjer i det norske rettsvesenet, er nok dette ein sunn reaksjon frå eit folk som har blitt hersa med og gjort narr av i lang tid. Folket har vakna, iallfall når det gjeld denne særs kontroversielle saka.

For å sitere ein av plakatane som er å finne i bergensområdet: «Heng de ut, del ordet. Få disse pedofile voldtektsmennene til å måtte se seg over skulderen resten av livet!!!»

I ein artikkel publisert på nettsida si NoNonseNews 19.mai 2023, kjem Are Hegrand med oppfordring om å danne borgarvern, i hans tilfelle mot stat og politi og deira overgrep mot enkeltindividet. Å bli frikjent for alvorleg valdtekt vil av mange kunne bli sett på som eit overgrep mot offeret, og nok eit bevis på kor dysfunksjonelt det norske rettsvesenet er. Om det i denne fæle valdtektssaka òg oppstår slikt eit «borgarvern», er etter mi vurdering høgst sannsynleg. Framgangsmåten for å danne borgarvern er ifølgje Hegrand denne:

«[…]gode mennesker går sammen og danner et borgervern til bruk i situasjoner som dette. Det betyr at man oppretter et større nettverk av frivillige personer som på kort varsel kan påkalles og stille opp[…].»

Saka Hegrand skriv om gjeld ein bonde som hadde blitt utsett for overgrep og tjuveri av Mattilsynet og politiet. Dei kom mannssterke heim til garden hans og stal og avliva alle kyrne hans, visstnok fordi dei kom frå Orderud gard, der det berømte trippeldrapet fann stad i 1999. Metoden han skildrar vil derimot kunne brukast i alle saker der «gode menneske» meiner at grov urett har funne stad, og at det krevst handling.

Eg personleg stiller meg ikkje bak ideen om slikt eit borgarvern for å utføre avstraffing av andre menneske. Det er opp til domstolane å avgjere, i den grad dei i det heile teke fungerer i våre dagar. Eg går på ingen måte god for slik ein privat prosess. I same andedrag vil eg skyte inn at om ein fyrst skal opprette ein folkedomstol, må denne domstolen bestå av juristar, dommarar og andre formelt kvalifiserte menneske. Det er frå mi side ikkje ønskjeleg at det oppstår eit samfunn der ein gjeng tøffe mannfolk samlar seg for å straffe dei som domstolen ikkje lykkast i å straffe. Vi treng ikkje ein gjeng eigenrådige Dexter Morgan-figurar som opererer i hemmelege nettverk.

Diverre ser eg sterke tendensar for at dette vil skje, utan at eg eller mine allierte vil kunne stoppe det. Noko ligg i lufta, og det stinkar. Folket hungrar etter eit oppgjer, same kva slags oppgjer. Nokon må ansvarleggjerast, og det ser ut til at folket har valt seg desse fem mennene som sine stråmenn og skyteskiver.

Kommenter innlegget