Når utslite helsepersonell vender seg mot kvarandre

Denne anekdotiske beretninga frå helsesektoren illustrerer litt kva som skjer når utslitne tilsette bestemmer seg for å lage konfliktar og kvalme ut av bagatellar, og er i grunnen ingenting anna enn ein subtil måte å fråråde alle andre enn dei mest desperate å søkje jobb i den sektoren. Ingen blir ivaretekne der, dei blir berre utnytta på det mest skammelege.
Redaktøren i Saksyndig, sjølv ein utsliten, 39 år gammal helsefagarbeidar.

Då Signe kom på jobb laurdag ettermiddag, viste det seg at Irene ikkje kom på arbeid. Det stod skrive «EM» ved sida av namnet hennar i vaktplanboka, og det tyda fråvær med eigenmelding. Kjende ho Irene rett, kom ho nok til å ordne seg sjukemelding hjå fastlegen på måndag. Den rettmessige kjeften ho fekk av Magnar hadde nok tært hardt på psyken hennar, og anklagane hadde sikkert gått langt utover det vesle ho hadde av forstand. I og med at Irene eigentleg skulle ha jobba kveldsvakt laurdag og tidlegvakt sundag, hadde Katriana blitt teken inn som vikar for ho både laurdag og sundag. I same augneblink som Signe trekte eit letta sukk over at ho slapp å jobbe med det udugelege, høgskuleutdanna fjolset, kom den svarte, vesle Toyota Aygo-en til Katriana køyrande ned bakken. Omsider eit oppegåande menneske som faktisk gadd å hjelpe kollegaer i naud!

Det kom fleire gode nyhende. På tidlegvakt den laurdagen hadde det vore ein helsefagarbeidar og ein assistent, og assistenten hadde reist på dagsenteret og henta det igjengløymde rullestolseglet til Donna. Dagsenteret var nemleg ope om laurdagane, sidan det var timeavlastning der frå ti til eitt. Då var heile problemet med forflytning løyst. Og so fort seglet var tilbake på bruket, hadde assistenten og helsefagarbeidaren saman dusja og stelt Donna, slik at dei slapp å slite med ho om ettermiddagen. Signe kunne ikkje skjule kor letta ho var over å sleppe å dusje den humørsjuke sjøkua. Tidlegvaktene ønskte Signe og Katriana god vakt, før dei hasta avgarde for å nå bussen.

Signe og Katriana hadde kome godt overeins frå dag éin, og her hjelpte det at Signe kunne polsk. Katriana hadde budd i Noreg i fem år, og hadde jobba som massøse og frisør i heimlandet. Ho hadde blitt leigd inn til bufellesskapet som ringjevikar eit år tidlegare frå eit vikarbyrå, og hadde erfaring frå både sjukeheim og heimesjukepleia. Trass i at ho var ufaglært, var ho til stor nytte i bufellesskapet, ettersom fleire av brukarane (og iallfall mange i personalgruppa!) sleit med rygg- og nakkesmerter. Sjølv Donna lika massasjen Katriana gav ho når ho var so uheldig å bli sett på ho. Fleire gonger hadde Signe late seg trollbinde av dei magiske hendene til den polske dama, ho hadde truleg spart fleire tusen på å sleppe å fare til fysioterapeut for å handsame sine nakke-, skulder-, og ryggplagar. Helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar hadde so godt som alle problem med nakke, skuldrer og rygg. Signe var nesten freista til å kalle tilstanden for «hjelpepleiarsyndromet». Hjå vernepleiarane var slike plagar fullstendig fråverande. Dei einaste plagane dei hadde, var nok sittesår på rævene.

Ifølgje overlappinga hadde alle brukarane det greitt, og det skulle berre mangle, i og med at der hadde vore fagbrevutdanna og ufaglærte på jobb. Signe og Katriana brukte ti sekund på arbeidsfordelinga. Dei gjekk to inn til Donna i stellsituasjonen, og delte resten av brukarane seg i mellom. Signe gjekk til Marit-Linda og Peter Jan. Katriana til Yvonne-Mari og Bent-Morten.

Marit-Linda fekk alltid middag fyrst, ettersom ho alltid var svolten. Peter Jan var av den rolege typen og ikkje spesielt glad i mat, so han kunne fint vente ein times tid før han fekk sin middag. Dei fekk jo alle nesten berre Fjordland likevel. I dag var det laurdag, og då var planen at det skulle etast fellesmiddag seinare. Signe tenkte at ho kunne lage heimelaga pizza, ettersom to av assistentane hadde handla rikeleg inn til fellesmat sist torsdag. Der var både mjøl, gjær, kjøtdeig, hermetiske tomatar, lauk og kvitlauk. Signe elska å lage mat. Faktisk var det nok berre det elendige ryktet til restaurantbransjen som gjorde at ho ikkje jobba som kokk. Pizzaen kunne serverast rundt sju, og alle kunne samle seg inne hjå Peter Jan. Kanskje til og med Donna.

I leilegheita til Marit-Linda var det uvanleg kaldt. Sjølv sat ho innpakka i teppe i stova og såg på ein barne-TV-kanal.

«Her var det jammen kaldt,» sa Signe. – «Er det ikkje varme på?»

«Ja, det er det,» snøvla Marit-Linda.

«Det er slik ein kald trekk her.» Signe kasta eit blikk inn på soverommet. – «Oi…» Soveromsvindauget stod ope, og handtaket stod i ein rar vinkel. Det peikte beint nedover. – «Kva har skjedd her?» Ho såg på Marit-Linda, som såg ut som ho skamma seg. – «Kva har skjedd med handtaket til soveromsvindauget?»

«Det var ikkje min feil!» utbraut Marit-Linda. Litt sikkel rann nedover haka hennar, ho var sprutraud i det feitladne andletet.

«Har det vore slik lenge?» spurde Signe.

«Sidan fredag morgon,» snøvla Marit-Linda.

«Og ingen har fiksa det?»

Signe kunne vagt erindre at brukaren hadde klaga over at det var kaldt i går, men at det var fordi ytterdøra stod open då Signe tagg Roald om hjelp. Ikkje rart brukaren var so opprørt i heile går, og at Roald ikkje kunne gå i frå ho. Han prøvde vel å fikse handtaket sjølv, og var nok flau over at han som mann ikkje greidde det.

«Får eg kjeft no?» spurde Marit-Linda.

«Nei,» svarte Signe. – «Eg skal fikse handtaket. Det er enkelt. Eg har gjort det før.»

Signe hadde vore i same situasjonen før. Ho hadde budd i leilegheita si eit års tid, då ho ein vintermorgon skulle opne soveromsvindauget og lufte ut etter natta. Handtaket hadde vore laust lenge, men Signe hadde ikkje hatt mentalt og kreativt overskot til å setje seg inn i saken. Det var midt i den verste konfliktperioden med Krysset, og Signe hadde meir enn nok med å fungere som eit oppegåande individ. No, derimot, stod heile vindauget i sju steinar, og kunne ikkje lukkast fordi handtaket var for laust til å fungere. Gode råd var dyre, for ute var det fem minusgrader. Etter å ha sete på Internett i ei lita æve, fann Signe omsider ut korleis konseptet vindaugshandtak fungerte. Ho hadde ikkje funne skruar nokon stad. Det var fordi handtaket hadde eit deksel som ho til slutt måtte bruke ein hammar for å trekkje av, nett som ein trekte ein spiker opp frå ein planke. Når ho fyrst hadde fått av dekselet, kunne ho feste skruane med ein braconøkkel, og fekk omsider igjen vindauget. Det tok ho to timar å finne ut av det.

No, derimot, tok den same prosessen under fem minutt. Ho spurta bort til kontorbygget og fann den rikhaldige verktøykassen som ein av assistentane hadde donert til bufellesskapet for fem år sidan. Der var det både hammar og skrujarn. Ein av dei ufaglærte ringjevikarane, som var ivrig syklist, hadde før vinteren gløymt igjen eit sett med braconøklar. Andletet til Signe skein i triumfens smil. Perfekt.

Marit-Linda stod nervøst trippande i døropninga inn til soverommet med store auge og såg på korleis Signe jobba med handtaket. Ein glasmeister kunne ikkje ha gjort det betre. Nokre få handvendingar tok det Signe å reparere soveromsvindauget.

«Du er flink!» utbraut Marit-Linda i snøvlande ekstase. – «No slepp eg å fryse meir!» Tårer trilla nedover bollekjakane hennar i djup takksemd.

Trass det faktum at Donna nekta å bli med på fellesmiddagen, slik at Signe måtte vere med ho medan Katriana og brukarane åt pizza inne hjå Peter Jan, so gjekk resten av vakta strålande. Sjølv ikkje det faktum at Donna igjen skeit seg ut, slik at Signe måtte streve med ho åleine, kunne forsure dagen hennar på nokon måte. Dagen etter gjekk like fint, og Signe og Katriana samarbeidde om å ta dusj og morgonstell på alle brukarane. Dei tok Donna fyrst, sidan det var tyngst, før dei etterpå tok resten av brukarane.

Sidan Signe jobba hundre prosent, hadde ho fri måndag etter arbeidshelg. Då ho var på Sats i nitida om morgonen, fekk ho derimot ein telefon frå avdelingsleiar.

«God morgon, Signe,» laud den mekaniske røysta til det sjellause kvinnemennesket. – «Eg ser du har skrive i rapporten at du fiksa handtaket på soveromsvindauget til Marit-Linda. Det er servicemannen si oppgåve, so her har du gått utover dine arbeidsoppgåver.»

«Det var ein temmeleg akutt situasjon,» sa Signe medan ho gjekk på tredemølla. Ute låg det preglause åslandskapet og dei omkringliggjande høgblokkene bada i sol. Ho var på sitt faste treningssenter på det store kjøpesenteret like bortafor sin tidlegare jobb. – «Vindauget kunne ikkje lukkast, og det var altfor kaldt i leilegheita.»

«Du skal ikkje gjere servicemannen sine oppgåver,» sa avdelingsleiar surt. – «Reparasjon av soveromsvindauget var lagt inn som oppdrag av vernepleiar sist fredag. No trur servicemannen at han må kome og fikse eit soveromsvindauge her, og so kjem han og finn ut at jobben er gjort for han.»

«Då må jo vernepleiar–» eit syrleg trykk på «vernepleiar». – «–ringje og seie i frå til han at jobben er gjort, slik at han ikkje får ein bomtur.»

«Det er ikkje slik det fungerer. Er eit serviceoppdrag fyrst lagt inn, so kan det ikkje fjernast før servicemann har vore og sett på skaden. Du skulle ikkje ha gjort noko med vindauget, men venta til over helga.»

«Eit vindauge kan ikkje stå ope ei heil helg når det er minusgrader ute!»

«Du kunne hengt opp ei dyne framfor vindauget og halde kulden ute. Vi må forresten ta oss ein prat når du kjem på jobb i morgon tidleg. Det har kome klagar på deg frå ein av våre tilsette.»

«Jaha? Og kva slags klagar er det? Og frå kven?»

«Det får du vete i morgon. No skal eg på møte i administrasjonen.»

Med andre ord var avdelingsleiar i nabobygget til kjøpesenteret. Signe vurderte å fare bort dit og ta eit oppgjer med avdelingsleiar der, men slo det i frå seg. Dei hadde teke frå ho nøkkelen då ho vart «omplassert», so ho kom ikkje inn. Ho kunne ikkje førestelle seg at nokon av dei feige rottene der borte ville sleppe ho inn heller.

«Greitt, ha det.» Signe la på og heldt fram med treningsøkta.

**

Då Signe kom med broddar kavande ned den stupbratte bakken, hadde avdelingsleiar akkurat parkert den svarte BMW-en på den siste ledige parkeringsplassen på den vesle asfalterte plassen. Møtet skulle gå føre seg inne på nattevaktsrommet, ettersom kontoret var oppteke av ein vernepleiar som såg ut til å ikkje drive med andre ting enn å spele kabal på kommune-PC-en; den rare oppstopparnasen glinsa i det bleike kontortaklyset. Katriana sitt blonde hovud skimtest inne i leilegheita til Donna, og lyden av ein støvsugar høyrdest gjennom dei tynne, uisolerte brakkeveggane. Signe vart litt trist over å sjå Katriana på tidlegvakt, ettersom det tyda at ho ikkje ville jobbe saman med ho i kveld. Ho fekk for Guds skuld ikkje håpe ho jobba med ein vernepleiar!

«Eg har fått høyre at det visst ikkje gjekk so bra her i helga,» sa avdelingsleiar då dei to sat inne på nattevaktsrommet. Rommet var so lite at låra deira omtrent rørte kvarandre der dei sat andsynes kvarandre på to simple feltstolar. – «Det var ein situasjon med deg og Donna på fredag. Å jobbe med intellektuelt utfordra føreset at du evnar å jobbe sjølvstendig, og basert på dei tilbakemeldingane eg har motteke, so var denne evna fråverande hjå deg den dagen. Faktisk hindra du dine to kollegaer i å gjere jobben sin, med at du uroa dei unaudsynt titt og ofte, og slik vil vi ikkje ha det her i Urokroken. Irene har levert tovekers sjukemelding på grunn av stresset som åtferda di førde med seg.»

Signe sat der med hovudet elegant på skakke og såg mildt overberande på avdelingsleiar. Sat det verkeleg eit oppegåande menneske med høgskuleutdanning føre ho og skulda ho for å gjere ein dårleg jobb, når ho sjølv faktisk var den einaste den kveldsvakta som faktisk gjorde nokon fornuftig?

«Og det å anklage ein vernepleiar for tenesteforsømming er unaudsynt og faktisk ein skrekkeleg ting å gjere,» heldt avdelingsleiar fram. – «For det fyrste gjeld ikkje lova om tenesteforsømming kommunalt tilsette, og for det andre er det forventa at dei med fagbrevutdanning gjer det praktiske arbeidet ute i miljøet, som du som helsefagarbeidar sikkert skjøner. Du har haldningar som strengt teke ikkje eignar seg for ein som skal jobbe med personar med intellektuell utfordring, og dette må dermed sjåast på som ei munnleg åtvaring. Dette må ikkje gjenta seg.»

Signe såg på avdelingsleiar lenge. Deretter sa ho, sakte og roleg:

«Eg kontaktar fagforeininga.»

Avdelingsleiar såg på ho som om ho ikkje heilt skjønte kva ho ville fram til.

«Du kontaktar fagforeininga?» spurde ho. – «Kvifor det? Slik eg ser det, er saken no ute av verda, i og med at du har fått åtvaring.»

«Av alle, so burde Irene og Roald fått munnleg åtvaring. Rullestolseglet var igjengløymt på dagsenteret, so eg fekk ikkje Donna opp frå golvet åleine. Fyrst då Magnar kom på nattevakt, fekk eg hjelp til å få ho opp.»

«Eg går ikkje inn i ein diskusjon no når det endelege utfallet i saken er eit faktum. Det vi må gjere no, er at vi snakkar om moglegheita for at du blir flytta ein annan stad med ei lettare brukargruppe. Som sagt so føreset vilkåra for at du skal jobbe her, at du meistrar Donna åleine. Ho bur her som dei andre brukarane, og har krav på den same hjelpa som dei andre. Vi kan ikkje ha tilsette som vegrar seg for å gå til ho.»

«Eg vegrar meg ikkje for å gå til ho! Eg bad om hjelp i ein akutt situasjon, men vart nekta det! Ja, ho har krav på hjelp! Noko ho ikkje fekk fredag fordi kollegaene nekta å hjelpe meg! Eg veit ikkje kor mange gonger eg må seie det til deg! Eg veit ikkje eingong om du høyrer etter når du pratar!» Ho nikka mot det halvetne pizzastykket som avdelingsleiar hadde sete og gnafsa på under samtalen. – «Og den pizzaen du sit der og trykkjer i trynet, den laga eg på laurdag! Du sit der og et brukarane sin mat!»

«Som sagt, so skal eg snakke med soneleiar i løpet av veka. Då kan vi drøfte moglegheita for at du blir flytta. Klart, no var du heldig som fekk ei fulltidsstilling, og det er det sjeldan at omsorgsarbeidarar får, so då–» Ho hosta og kremta, før ho glefste i seg resten av pizzastykket. – «–er det ikkje utenkjeleg at du må gå ned i stillingsprosent, dersom ei ledig stilling er mindre enn hundre prosent.»

«Eg er helsefagarbeidar, ikkje omsorgsarbeidar! Og eg går sovisst ikkje ned i stillingsprosent! Det er fyrste gong sidan eg byrja i helse at eg har hundre prosent! Her var det manglande hjelpemiddel som førde til at eg ikkje kunne forflytte Donna! Og manglande hjelp! Det er ingen grunn til å i det heile teke diskutere omplassering!»

«Vel, i arbeid med intellektuelt utfordra, so er det forventa av personalet at dei tek ting på sparket når ikkje alt går etter boka. Uføresette ting skjer på alle arbeidsplassar.»

«Det er òg forventa at kollegaene skal hjelpe kvarandre når det oppstår akutte situasjonar med brukarane! Dessutan fiksa eg soveromsvindauget til Marit-Linda, elles hadde ho vel frose i hel før servicemannen omsider kom innom. Eg har bestilt serviceoppdrag sjølv eit utal gonger. Det tek ofte to veker minst før han har høve til å kome. Mannen har eineansvar for vedlikehald av brukarleilegheiter i to bydelar, og bør vere sjeleglad for at han blir avlasta frå tid til anna! Og eg har Magnar med meg på dette med tenesteforsømming, og han er sjukepleiar! Han såg sjølv kor gale det hadde gått den vakta, og han er som sagt einig med meg at Irene og Roald ikkje har gjort jobben sin!»

«Det er uprofesjonelt av deg å trekkje andre kollegaer inn i denne konflikten, Signe.»

«Eg trekte han aldeles ikkje inn i den sokalla konflikten! Han valde sjølv å ta Irene og Roald i skule. Og han var den einaste den kvelden som hjelpte meg! Skulle eg ha løfta ei dame på hundre kilo opp frå golvet åleine? Svar meg på det!»

«Ja, då trur eg vi rundar av møtet,» sa avdelingsleiar hastig og såg på klokka. – «Ta kontakt med fagforeininga di om du vil. No må eg hente sonen min på skulen.» Ho gjekk ut av det vesle kottet med den rare oppstopparnasen i sky. Hennar femten år gamle son greidde altso ikkje å kome seg frå skulen for eiga maskin – og han hadde ikkje eingong diagnosen «intellektuelt utfordra». Han kom nok til å byrje på vernepleie ein vakker dag.

Då Signe kom inn på kontoret, såg ho at det sat ein 26-årig mannsperson der inne. Han hadde akkurat skjenkt seg kaffi, og hadde akkurat teke fram ein haug med skjema som ikkje såg ut til å vere noko anna enn firkantar og meiningslause rekkjer med tal og forkortingar. Han snudde seg rundt, før han rynka på den rare oppstopparnasen over å sjå ein annan «kaste» i same rom som seg sjølv.

«Faen…» mumla Signe. Ho skulle jobbe saman med ein vernepleiar! Det kom til å bli ei lang, tung, kjip vakt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s