Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ei av dei leiande dødsårsakene i USA i dag er legar, eller meir spesifikt vestleg medisin, har ein ny rapport konkludert.
Sjølv når ein reknar med vaksinerelaterte dødsfall og andre faktorar, drep legar fleire menneske kvart år enn både kreft og hjartesjukdom, som er dei andre leiande dødsårsakene som vi stadig høyrer om i konsernmedia.
Der er allereie massevis av «merksemdskampanjar» for kreft og hjartesjukdom, men kva med vestleg medisin? Er det på tide at Vi, folket byrjar å gå med små, farga armband og arrangere demonstrasjonstog og spesielle feiringsdagar for å late folket vete om drapsmarkene kjent som det amerikanske helseomsorgssystemet?
Statleg styrt helseomsorg som den eksisterer no har blitt dødsomsorg. Dr. Vernon Coleman sa at det døyr fleire menneske no i hans dødsomsorgssystem enn det blir redda – so ille har ting blitt dess meir vi har vandra vekk frå naturen og inn i Big Pharma.
«Helseomsorga endrar seg i ein fenomenal rate,» åtvara dr. Coleman.
«Regjeringar stengjer små sjukehus og skadestover og konsentrerer tenester på større og større sjukehus. (Dette er gjort for å gjere EU til lags, som har byråkratar som trur at stort er vakkert og større er endå vakrare.) Pasientar som treng ein allmennlege blir bedne om å telefonere for råd, heller enn å besøke operasjonsstova. (Orsakinga for dette er at det vil redde planeten ved å redusere bruken av bensin.) Pasientar som blir skadde i ulykker blir bedne om å telefonere i forkant dersom dei trur dei må ta seg ein tur på skadestova. Alt dette kan høyrast bisart ut. Men det er sant.»
(Relatert: For ti år sidan åtvara vi dykk om at legar sjølv på den tida drap 2450% fleire amerikanarar enn alle skytevåpenrelaterte dødsfall samanlagt.)
Moderne medisin handlar framfor alt om pengar, ikkje å gjere folk friske
Ein gong i tida handla medisinfeltet om å hjelpe folk med å bli friske. I dag har det blitt ein profitt-hungrig svindel som er til fordel for den farmasøytiske industrien og store korporasjonar, på kostnad av pasientomsorg og sjølve helsa.
Sjølv i visstnok privatsektordrivne helseomsorgssystem slik som det i USA, kontrollerer Big Pharma korleis tilnærminga til sjukdom skal skje, og kva som blir ordinert has skapt eit system der død no er vanlegare enn liv.
«Dei store problema blir ignorerte og undertrykte, og dei som tek dei opp blir avfeia som galningar, kjettarar eller fanatikarar,» sa dr. Coleman om kva som skjer med alle som stiller spørsmål ved helseomsorgssystemet slik det er i si noverande, perverterte form.
«Alle som vågar å spreie sanninga, eller stille spørsmål, vil bli gjenstand for svertekampanjar. Fridommen og ytringsfridommen vår har blitt kvelt av kryssparti-konsensus og eit lydig, underdanig media. Politikarar og kommentatorar konsentrerer innsatsen sin på smale, spesifikke spørsmål. Dei store spørsmåla, dei viktige spørsmåla, blir aldri stilte. Og so, ikkje overraskande, kjem det heller ingen svar.»
Medan der visseleg er enkelte element innan moderne medisin som framleis fungerer, for det meste takka vere nokre få «eigenrådige» legar som held fram med å tappert og samvitsfullt lure systemet, blir ein stadig større del av det snudd på hovudet av spesialinteresser som tenkjer meir på pengar enn på tilfriskning.
I Storbritannia der dr. Coleman bur, eksisterer National Health Service (NHS), Storbritannia sitt statleg styrte helseomsorgssystem, ikkje lenger for å hjelpe pasientar, men for å ivareta seg sjølv gjennom korrupsjon og feiltildelinga av midlar og prioritetar.
«NHS er styrt av inkompetente menneske som aldri stiller spørsmål ved eigen kompetanse og dermed ikkje gjenkjenner si manglande tilstrekkjelegheit,» skreiv han. «Diskusjonar om helseomsorg rører aldri ved dei reelle problema.»
Les heile reportasjen til dr. Coleman for å finne ut meir.
Etter min mening er de fleste leger bare helse-byråkrater, som skriver ut «løsninger» i pilleform omtrent hver eneste gang. Og de tar selvfølgelig fett betalt selv, før de sender deg rundt i profesjons-karusellen av såkalte «eksperter» innen alle mulige fagfelt. De tar seg selvfølgelig også fett betalt og er slettes ikke helt umulig også venner med hverandre!?😉. Et latterlig system hvor alle skal tjene på oss vanlige folk først og fremst. Helse kommer sist de fleste tilfeller etter min mening og erfaring.
Det finns selvfølgelig hederlige unntak også blant leger, heldigvis. De som setter faglighet og pasientens helse høyere, men de passer jo ikke inn i det fantastiske «systemet». Jørgen Skavland er definitivt ikke en av dem!!
Man får også sjelden en lege til å innrømme grove feil i «behandlingen» de har gitt pasienter. For eksempel ved feildiagnostisering, feilmedisinering, for sen behandling ved alvorlig sykdom….
Men de, «er jo leger», som Marve Fleksnes sier, og…. «da har de jo krav på en viss respekt»!? Ja, Marve! Noen!😎
Ros til Saksyndig for artikkel!👍
LikarLikt av 1 person
Takk for rosen, Morten 🙂
LikarLikar
Also on Ntaural news, Vernon Coleman’s site and the Expose news.
You should have an English version for your posts.
Cheers
LikarLikar
Hello, Andre.
My blog is intended for a Norwegian audience, so everything in here is in Norwegian. Besides, this article is a translation from an English-language article. One of the reasons for why many Norwegians are ignorant of world events, is that much of the information is in English. Many Norwegians don’t read English well. Hence the Norwegian translations.
LikarLikar