Er WHO-klimanedstengingar på veg?

Av Mac Slavo, SHTFPlan.com. Omsett av saksyndig.

Dei føreslegne tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene [engelsk International Health Regulations] («IHR»-ane) og Pandemitraktaten inkorporerer begge «éi helse»-tilnærminga [engelsk One Health approach]. Denne planen vil gje Verdas helseorganisasjon «makta» til å igangsetje «klimanedstengingar».

Språket i «One Health»-bløffen, medan det er vagt og forvirrande, er eit verkøty for å skape nettverk og kombinere innsats på veg mot sentralisert makt og kontroll, som alltid er målet til alle herskarar overalt. So fort den sentrale makta har blitt oppnådd, kan liknande tiltak som vart påtvinga som respons på Covid-pandemien bli brukt for klimaendring, tap av biomangfald, menneskesjukdommar, vektor-borne sjukdommar, og mykje meir, ifølgje Daily Exposé.

WHO sin generaldirektør—nei, generaldiktator Tedros Adhanom Gebreyesus vil då bli i stand til å med tvang kontrollere kor og når menneske over heile kloden får lov til å forlate heimane sine. Fram til folk sluttar å tru på myten bak makt og autoritet, kan dette bli framtida til heile menneskeheita. Og no har dei den kunstige intelligensen til å gjere dette til ein realitet.

Ei av dei største og mest merkverdige endringane WHO har sett i si 75-årige historie, er ei forflytning i midlar frå suverene nasjonar til midlar frå private organ. Per no kjem brorparten av WHO sine midlar frå Bill & Melinda Gates Foundation og to nærståande vaksinebaserte no-profittar finansiert av vaksine- og farmasiselskap: vaksinealliansen GAVI og Global Coalition for Epidemic Preparedness Innovations [«global koalisjon for epidemisk beredskapsinnovasjonar»] eller CEPI.

Ha i minne at det heller ikkje er eit samantreff at Gates Foundation er den nest største finansieringskjelda til WHO, som òg hjelper til med å finansiere WEF [World Economic Forum].

«WHO sin ‘Pandemitraktat’ vil ikkje berre dreie seg om pandemiar. Den introduserer globalt ‘One Health’-ideologien. Konseptet anerkjenner mellomavhengigheita til menneske- og dyrehelse og sambandet med miljøet. Gjennom denne One Health-agendaen vil WHO få makt til å ta avgjerder i saker som gjeld miljøet (inkludert drivhusgass-utslepp, forureining og avskoging), dyrehelse (altso husdyr), og menneskehelse (inkludert vaksinasjonar, sosiale nemnarar og befolkningsrørsle). Med desse utvida fullmaktene kan WHO lett erklære ei klima- eller miljøkrise og påtvinge nedstengingar.» – Daily Exposé

One Health Commission hevdar at One Health er ein «stråle av håp når det gjeld å adressere våre globale utfordringar» og listar opp 14 «globale utfordringar», inkludert mat, vasstryggleik, tryggleik, jordsmonnhelse og «komparativ biologi». Dei inkluderer ikkje berre «menneske» og «dyr» for kontroll, men planter, vassvegar og heile økosystem.

Vi kan stoppe dette, men det krev at langt fleire menneske er viljuge til å kaste frå seg illusjonen, slutte å ta del i systemet og, viktigast av alt, at «handhevarane» innser at dei hjelper sosiopatar med å slavebinde menneskeheita.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s