Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.
Postpandemisk utbrentheit kan føre til at fleire hundre tusen sjukepleiarar sluttar heilt i yrket i løpet av dei neste få åra, ifølgje ei spørjeundersøking publisert i tidsskriftet Journal of Nursing Regulation.
Studien, «Examining the impact of the COVID-19 pandemic on burnout and stress among U.S. nurses» [«ein gjennomgang av påverknaden covid-19-pandemien har hatt på utbrentheit og stress blant amerikanske sjukepleiarar»], analyserte eit undersett av data teke frå nesten 30 000 sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar og litt over 24 000 helsefagarbeidarar [engelsk licensed practical nurses] frå 45 delstatar som deltok i spørjeundersøkinga National Nursing Workforce Survey i 2022.
Essensen i rapporten var at 20% av sjukepleiarar kan kome til å slutte i yrket sitt innan 2027.
Forskarane fann ut at 62% av sjukepleiarane opplevde ei større arbeidsbør under pandemien. Nesten 51% sa at dei følte seg emosjonelt tømde, 45,1% sa at dei var utbrende, og 56,4% rapporterte at dei følte seg «oppbrukt». Nesten 30% sa at dei følte det som om dei var komne til vegs ende anten kvar dag eller nokre gonger i veka. Desse problema førekom oftare hjå sjukepleiarar med mindre enn ti års erfaring i yrket.
«Høg arbeidsmengd og hittil usette nivå av ubrentheit under covid-19-pandemien har stressa den amerikanske sjukepleiarstyrka, spesielt yngre, mindre erfarne sjukepleiarar.»
So langt har USA sett 100 000 sjukepleiarar slutte i yrket under pandemien, og ytterlegare 800 000 kan forsvinne dei neste få åra. Ifølgje National Council on Sate Boards of Nursing (NCSBN) [eit slags nasjonalt råd for sjukepleiarar; oms.komm.], rapporterte meir enn 600 000 sjukepleiarar med meir enn ti års erfaring med ein snittalder på 57, at dei hadde som intensjon å slutte innan 2027 på grunn av utbrentheit, stress eller pensjon; 189 000 sjukepleiarar med ti eller færre års erfaring og ein snittalder på 36 sa det same.
Denne masseutvandringa kan få ein betydeleg effekt på helseomsorga. Ein av forfattarane bak studien, Maryann Alexander, sjefsoffiser for sjukepleiarregulering for NCSBN, sa at funna overraska ho, spesielt kjenslene til yngre sjukepleiarar. Når industrien er tvinga til å lite på mindre erfarne sjukepleiarar til å tene som leiarar, styrarar og mentorar, kan dette ha ein stor effekt på kvaliteten til omsorga.
«Det vil sende oss ut i ei helseomsorgskrise av digre proporsjonar,» sa ho. Ho la til at sjølv om unge sjukepleiarar stundom forlèt jobbane sine for å ta meir spesialisert utdanning, forlèt ikkje unge sjukepleiarar jobben på grunn av utbrentheit og stress under normale omstende.
Somme sjukepleiarar klagar over at sjukehus set profitt over menneske
I januar gjekk meir enn sju tusen sjukepleiarar ut i streik for å trekkje merksemd til arbeidsforholda sine i New York. Ein fagforeiningstillitsvalt som adresserte folkeskaren, Danny Fuentes, forklarte den alvorlege situasjonen som mange sjukepleiarar opplever.
Han sa: «Igjen og igjen blir vi tvinga til å ta på oss utrygge pasientmengder. Vi er menneske, og vi er utbrende. Og vi er trøytte. Og sjukehuset ser ikkje ut til å bry seg. Alt dei ser er profitt. Vi ønskjer ikkje å vere her ute. Vi vil heller vere med pasientane våre. Vi treng ein rettferdig kontrakt for å beskytte pasientane våre.»
Ein annan studie utført av AMN Healthcare fann ut at 60% av sjukepleiarar planlegg å endre jobbstatusen sin det komande året. I mellomtida rapporterer berre ein tredjedel at dei har ei ideell mengd tid å bruke på pasientane; dette er eit fall på ti prosentpoeng sidan 2021.
Etter å ha spurt meir enn 18 000 sjukepleiarar, fann dei ut at dalande jobbtilfredsstilling blant sjukepleiarar er ein stor faktor, inkludert tilfredsstilling med kvaliteten på omsorga som dei er i stand til å gje pasientar på grunn av tidsbegrensing og postpandemisk mangel på sjukepleiarar. Berre halvparten av sjukepleiarane sa at dei ville oppfordre andre til å gå inn i feltet, noko som markerer eit fall på 14 prosentpoeng frå 2021.