Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.
Tenestepersonar frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC) åtvara nyleg om at der er ein «vesentleg risiko» for utbrot av apekoppar igjen no i sommar, nokre dagar etter at Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte at det ikkje lenger var ei global helsekrise.
15.mai gjekk CDC ut med ein «Health Alert Network (HAN) Update», der dei sa at der hadde vore totalt 12 bekrefta og eitt truleg tilfelle av apekoppar rapportert til Chicago sitt folkehelsedepartement frå 17.april til 5.mai.
«Alle tilfella var hjå symptomatiske menn. Ingen av pasientane hadde blitt sjukehusinnlagt. Ni (69%) av 13 tilfelle var blant menn som hadde fått to Jynneos-vaksinedosar. Bekrefta tilfelle var ni (69%) ikkje-hispaniske menn, to (15%) ikkje-hispaniske svarte menn, og to (15%) asiatiske menn. Snittalderen var 34 år (frå alderen 24-46 år),» det vart òg sagt i denne meldinga frå CDC at reisehistoria var tilgjengeleg for ni av tilfella, og fire hadde nyleg reist til New York by, New Orleans og Mexico.
Oppdaginga i Chicago har fått ekspertar til å krevje fleire undersøkingar rundt effektiviteten og varigheita til vaksinane som vart brukt under utbrotet i fjor. Men helsetenestepersonar trur framleis at vaksinasjon er den endelege løysinga på problemet.
«Utan fornya vaksinasjon og tiltak for å unngå sjukdommen, står vi i fare for at apekoppar dukkar opp igjen,» sa dr. Demetre Daskalakis, vise-koordinator for Det kvite hus sin nasjonale apekopprespons. «Vaksine er eit verkeleg viktig verktøy, sjølv om den ikkje er perfekt.»
I mellomtida har diagnostiserte tilfelle «auka ein tanke» i åtte land dei siste vekene, inkludert Frankrike og fleire land i Aust-Asia, sa dr. Rosamund Lewis, WHO sin tekniske leiar for apekoppar. Rundt halvparten av dei nylege franske tilfella var hjå vaksinerte.
Apekoppviruset er resistent mot hovud-antiviral-legemiddelet som blir brukt mot det
I ein upublisert studie som enno har til gode å bli fagfellevurdert, rapporterte CDC at apekopp-stammar har dukka opp som har teikn på resistens mot tecovirimat (TPOXX), hovud-antiviral-legemiddelet som blir brukt til å behandle pasientar.
«Desse funna informerer forståinga vår av at når tecovirimat-resistens sannsynlegvis vil skje, og setje fokus på behovet for ekstra [Orthopoxvirus] OPXV-terapi,» indikerte forskinga. I tillegg vart ein av dei urovekkjande mutasjonane òg oppdaga «i ei samling av tilfelle» rundt Los Angeles. Dette tydar at legemiddel-resistente apekoppar kan overførast frå person til person.
CBS News rapporterte at det i USA framleis i snitt blir rapportert mindre enn tre tilfelle per dag. Totalt har 32 infeksjonar so langt blitt diagnostiserte i mai månad i heile landet. Sist månad nådde ein opp i 41 tilfelle av apekoppar.
I mellomtida slo rapportar fast at folkehelseekspertar har bekymra seg om den moglege auken av tilfelle no i sommar, spesielt i juni, sidan homofile menn reiser på festival-paradar og andre større LGBTQIA-arrangement i Pride Month.
«Risikoen for oppsamling av tilfelle og utbrot er vesentleg, og utbrota kan bli store, spesielt i dei varmare månadene, der det finn stad planlagde samlingar som kan ha potensialet for hud-mot-hud-kontakt og auka seksuell aktivitet,» sa dr. Christopher Braden, leiar for CDC sin apekopprespons. (Relatert: Pride Month startar med APEKOPP-utbrot i det homofile samfunnet.)
«Vi har allereie, verkeleg umiddelbart etter at vi såg oppsamlinga i Chicago, kalla inn folk i den amerikanske regjeringa for å diskutere kva dataa er som vi har, og dersom ein treng å gjere nokon endringar,» fortalde Daskalakis reporterar sist veke. For no seier Daskalakis at CDC framleis oppmodar amerikanarar i risikosona å få dei fyrste to dosane av Jynneos-vaksinen.
I denne videoen snakkar Stew Peters og dr. Lee Merritt om apekoppar, og korleis homofile blir brukt som forsøkskaninar for å teste eksperimentelle vaksinar mot sjukdommen.
