Sjå òg «Kjellaren på Fotballpuben er del av eit nettverk av portalar!», publisert 28.januar 2026.
Då Saksyndig-redaktøren tok ei vandring i gatene i Bergen sentrum sist laurdag, oppdaga eg at fleire av dei gode, gamle utestadene ikkje lenger eksisterer. Utestader som Garage, Legal og Hector’s hybel er ikkje lenger å sjå på sine vante stader.
Å drive utestad har aldri vore lett i Noreg, ein byråkrats våte draum, og dei aller fleste utestader går konkurs etter relativt kort tids drift. Unntaka er dei som held det gåande år etter år, men dei må til slutt òg leggje inn årene. Eg nemner i forbifarten legendariske Børs café borte ved Strandkaiterminalen, som etter heile 90 års drift vart kasta ut av eigarane av Kløverhuset i 2007. Arvtakaren Vaagen pub heldt det gåande i nokre år, før ein restaurant ved namn Duggfrisk overtok. Den gjekk ikkje uventa konkurs nyleg.
Ein annan legendarisk pub som har halde det gåande i over tretti år, er Fotballpuben. Den vart etablert 6.oktober 1991, ifølgje heimesida, og har vore ein velkjent del av bybiletet «i alle år».
Denne laurdagen, derimot, oppdaga eg at Fotballpuben ikkje lenger ligg på gatehjørnet i Vestre Torggaten ved foten av trappa opp til Johanneskirken. Der var det berre ein byggjeplass. Heimesida til Fotballpuben avslører at dei har flytta til «nye flotte lokaler i Vaskerelven 1, bare et steinkast unna vårt gamle tilholdssted». Etter 35 år i same lokale, har dei no flytta lenger bort i vegen.
For folk flest høyrest slikt eit byte av lokale underleg ut. Den offisielle forklaringa er «totalrenovering» av bygningsmassen. Men vi som kjenner historikken til kjellaren til Fotballpuben, har ein mistanke om kvifor:
Nokon vil at kjellaren ikkje lenger skal kunne besøkast av kven som helst. Det er nemleg der ein av byens få portalar ligg. Den er no stengt for offentlegheita, noko som tydar at berre kjellaren til Andy’s pub i Oslo no har ein kjent, offentleg portal. Det spørst om ikkje bygningsmassen snart må «totalrenoverast» i Stortingsgata òg…
Teleportering er del av den sokalla forbodne kunnskapen som eliten vil halde vekke frå folk flest. Vi skal haldast dumme og uvetande, for å lettare kunne kontrollerast og indoktrinerast. Visse ting skal ikkje stillast spørsmål ved, som til dømes eter, fri energi og det eigentlege føremålet med pyramidane i Egypt. Slik kunnskap kan derimot ikkje haldast tilbake for alltid, og vil før eller seinare leke ut til offentlegheita.
Fram til ein ny portal blir oppdaga i Bergen, er det diverre ikkje lenger høve for opplyste sjeler å ta «snarvegen» til Oslo ein laurdag ettermiddag.
