Skrive fort og gale av Josefine Bru for Saksyndig.
Det var amerikansk etterretning som i si tid gav opphav til konseptet falsk flagg-operasjon; eit tilsynelatande åtak frå fiendtlege aktørar som det seinare har vist seg at statens eigne står bak, primært offiserar og agentar frå etterretningstenestene. Her tek CIA og FBI kaka, og den største falsk flagg-operasjonen i nyare tid må vel kunne seiast å vere 11.september, der muslimar fekk skulda, og det USA utan skam og blygsel kunne innføre Patriot Act. Skota i Sarajevo i 1914 blir av somme òg rekna for å vere eit falskt flagg, nemleg påskotet for den unge djupstaten å starte Fyrste verdskrig, som var ingenting anna enn ein måte å øydeleggje dei gamle europeiske rika (Austerrike-Ungarn og ikkje minst Det tysk-romerske riket). Den for tyskarane audmjukande Versailles-traktaten skapte skyhøg inflasjon og sosial uro i Weimarrepublikken, og hadde som konsekvens at Adolf Hitler vart demokratisk valt i 1933. Og kven finansierte Hitler? Grav vidare i det kaninhòlet medan eg rantar vidare.
Den norske djupstaten har for tida sin eigen falsk flagg-operasjon gåande, nemleg brenning av falske flagg. I dette tilfellet gjeld det det falskaste flagget av dei alle: det motbydelege pride-flagget, flagget til rørsla som påstår at dei er so inkluderande, samstundes som dei har vist seg djupt intolerante overfor alle som ikkje deler det særeigne verdssynet deira. Eg berre nemner i fleng deira latterlege vrangførestillingar: det finst meir enn to kjønn, du kan velje kva kjønn du vil vere, ofte frå eine dagen til hin, du kan bestemme kva pronomen andre skal referere til deg som, uavhengig av biologiske, observerbare fakta, og so vidare. Lista er lang som eit vondt år, og aksepten frå folket verkar endelaus.
Men ikkje heilt, vil dei ha oss til å tru. 4.juni skriv NRK (sjølvaste flaggskipet til djupstatens propagandaapparat) at nokon kappa ned og tende på «regnbogeflagget» (pride-flagget) som hang ved Seljord barne- og ungdomsskule. Hendinga fann stad natt til sundag. Sundag kveld vart ordføraren kontaka av «to angrende personer», som visstnok skal ha gjort det i fylla. No har eit nytt flagg kome opp, like falskt som det fyrste. Måndag meldte ordføraren at kommunen ikkje vil gå vidare med saka, sjølv om dei meldte det til politiet. Eit anna falskt flagg i området vart òg brent ned medan ein familie var på besøk i botanisk hage. Dette skjedde altso på privat eigedom, og viser at djupstaten forsyne meg tek seg til rette heime hjå folk òg. Familien meldte òg denne saka til politiet, truleg skremde av Oslo-terroren i fjor. I Stavanger vart eit tredje pride-flagg stole, men visstnok ikkje brent. I forkant av tjuveriet fekk denne Stavanger-mannen eit brev der han vart sterkt oppmoda om å ikkje flagge med «regnbueflagg». Den saka er òg meldt til politiet.
Reint teknisk dreiar dette seg om hærverk på og tjuveri av annan manns eigedom. Djupstaten vil ha det til å handle om hat og intoleranse overfor sokalla «skeive», og difor har dei arrangert desse operasjonane der dei set fyr på eller stikk av med falske flagg.
Heile denne månaden blir det no feira pride på innpust og utpust i norske byar, småbyar, bygder og husklynger. På det mest forblåsne nes samlar folk seg og hyllar dei «skeive», langt meir enn dei nokosinne har hylla sjølve Noreg eller dei modigaste krigsheltar. Det norske folket har naturlegvis blitt hjernevaska av det mektige medieindustrielle komplekset som står bak pride-agendaen. Barn skal frå yngst mogleg alder – helst frå fødselen av, om ikkje før! – seksualiserast, kjønnsforvirrast og fôrast med skandaløs vranglære som so nyleg som 2015 ville ha blitt rekna som reinspikka pedofili. Små barn har ingen business med å vete om sjeldne psykiatriske lidingar som kjønnsdysfori, eller patologiske vrangførestillingar som idéen om at ein er fødd i feil kropp. Med mindre det har blitt gjort ein overføringsfeil av sjeler til korresponderande kropp frå eit univers til det neste, er dette ikkje mogleg.
Brenning av flagg er ein ekstrem måte å uttrykkje aversjon mot noko på. Men ein betre måte er å kome med sine meiningar om denne galskapen, og vere viljug på å møte langt verre konsekvensar frå pride-mobben enn å få sine privat innkjøpte falske flagg brende eller stolne. Å miste jobben eller få sitt gode namn og rykte øydelagt er langt, langt verre.
Og når ein fyrst er inne på å miste jobben, so har eg prøvd å hale ut av Saksyndig-redaktøren kva pokker det er som har skjedd med han. Fyren er stum som ein østers, og når han ikkje seier noko, er det verkeleg gale. I går kveld sendte eg han i mild desperasjon ei tekstmelding om kva som eigentleg skjer. Tilbake fekk eg ein gråte-emoji.
