Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
Som eg skreiv her på Saksyndig 10.juni 2023, er Freia blitt offer for ein organisert boikott fordi Mondelez, selskapet som eig Freia, i slutten av mai vart erklært ein «krigssponsor» av Kiev-regimet. Mondelez er no svartelista av Kiev, og dette får ringverknader for alle underselskapa, inkludert vårt kjære, norske, tradisjonsbundne Freia. Norske selskap som no har boikotta Freia, inkluderer SAS, Norges Fotballforbund, Den norske turistforening (DNT) og no òg Petter Stordalen.
Kvikk Lunsj, som er laga av Freia, har samarbeidd med DNT i meir enn 60 år, og er difor for dei fleste nordmenn kjent som sjølve tursjokoladen. Laurdag 10.juni gjekk likevel generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, ut med ei pressemelding der han sa:
«Så lenge Mondelez internasjonalt ikke vil stanse sin virksomhet i Russland, kan vi ikke ha et aktivt samarbeid om Kvikk Lunsj […].»
Avgjerda vart teken av landsstyret til DNT same dag.
Medan synet Solvang har på Kvikk Lunsj no er offentleg kjent, er det uklart om han som privatperson framleis et Kvikk Lunsj eller andre sjokoladeprodukt frå Freia. Av interesse for enkelte er Solvang eksmannen til politikar, hotellfagarbeidar og «helse»-minister Bent Høie, som under «pandemien» mellom anna stod på podiet på Statsministerens kontor og belærte det norske folk om kor lang ein meter var. Solvang og Høie gjekk ifølgje Wikipedia frå kvarandre i 2022.
Andre selskap som per dags dato har vedteke å boikotte Freia, inkluderer:
Norwegian, SJ Norge, Classic Norway Hotels, Toppfotball Kvinner, Elkjøp.
Ja, de las riktig. Elkjøp boikottar sjokolade, og dei sel for det meste datamaskiner, tørketromlar, TV-ar og andre elektriske duppedittar! So gale er stoda no, og difor er det ikkje rart at Document-journalist Erling Marthinsen i ein artikkel kallar det som skjer med Freia for «massepsykose». Freia har ingenting som helst med Russland å gjere, men blir no nærast rekna som ein statsfiende. Som han sjølv skriv:
«Ingen av produktene Mondelez produserer i Russland er til salgs i Norge. Freia produseres i Norge, av norske arbeidstagere, og selges nesten bare i Norge, med unntak av på noen tog til og grensebutikker i Sverige. Så nå angripes norsk sjokolade og norske arbeidsplasser av flere store selskaper, og norske arbeidere risikerer å miste jobben. Det er nesten som om Freia hadde nektet å heise Pride-flagg, så alvorlig er situasjonen.»
Til og med Mondelez sjølv har understreka at Freia er norsk:
«Vi ønsker imidlertid å være tydelige på at Freia er en norsk merkevare, med produksjon i Norge. Produksjonen foregår ikke i Russland, og vi selger ikke produkter i Norden som er produsert i Russland. Som mange andre selskaper, har vi opprettholdt en begrenset virksomhet i Russland. Men vi har avsluttet kapitalinvesteringer og reklame, og vi har hele tiden fordømt den brutale krigen samtidig som vi har bidratt til å opprettholde matforsyningen gjennom produktene våre […].»
Marthinsen stiller med rette spørsmålet om korleis det å stanse salet av norsk sjokolade i Noreg vil hjelpe Ukraina. Dei einaste som taper på dette, er norske arbeidstakarar, som no står i fare for å bli permitterte. Freia vart ironisk nok hylla for berre ein månad sidan, då dei lanserte Non Stop i regnbogefargar. Og no er dei altso den store, stygge ulven. Som Marthinsen konkluderer: «Prosessen er i gang, massepsykosen har festet grepet.»
