Ein helsefagarbeidars undergang? Ikkje heilt enno

I over ein månad har eg lurt på om skal forlate helsesektoren for godt, spesielt med tanke på den pågåande saka som oppstod ut av ingenting, av ingenting anna enn svada og hormonell ubalanse hjå langt ifrå oppegåande personar. Ein viss større vestlandsby er ute og køyrer for å seie det mildt, spesielt når det gjeld helsetenestene, som aldri har vore verre. Dei prøver å dekkje over den tragiske stoda, og spyr ut meir propaganda og feilinformasjon enn nokosinne. Vi på golvet veit sanninga, medan dei på toppen veit at vi veit.

I helga la vi planar for framtida mi, og somme meinte eg burde gje opp heile arbeidslivet og bli trygda. Med tanke på den grimme lagnaden som i nær framtid vil møte dei som er avhengige av Staten, vel eg heller å stå i den uvissa det er å nok ein gong måtte leite etter jobb. Heller eit uvisst liv enn den sikre død. Eg er ikkje heilt ute av helsesektoren riktig enno. Eg lever jo framleis (då er det nok verre med mange andre).

Tilbake i 2021 trudde eg at karrieren min i helsevesenet var over, men eg er jo framleis her – på ein måte – no i 2023.

Sju av ti nordmenn vil ha aktiv dødshjelp. Eldreombodet blir lagt ned frå 1.juli. Eldre vil heller ta livet av seg enn å bli prisgjevne mangelfull eldreomsorg. Det jobbar berre utlendingar og ungjenter på norske sjukeheimar og andre helseføretak. Nordmennene og dei faglærde er skvisa ut av tilårskomne sjukepleiarar som ikkje toler opposisjon. Menn i helse ligg med broten rygg, for ingen menn vil jobbe i helse og bli offer for vondsinna konspirasjonar.

Når ein sit med sanninga, sit ein med dei beste korta, og den som sit med dei beste korta gjev aldri opp. Motparten bør tenkje seg godt om, og tenkje over om denne kampen verkeleg er verdt alt styret. Kva vil dei oppnå? Nok ein dyktig helsefagarbeidar fjerna, og tilbake sit utlendingane og ungjentene, som hoppar når desse løgnaktige fittene seier «hopp».

Og pasienten ligg i senga og skjelv av angst. Og sjukepleiaren stikk sitt rynkete ansikt og sitt gråe hår inn døra og bestemmer seg for å ordinere A-preparat. Pasienten glir inn i den evige søvn medan sjukepleiaren nikkar fornøgd. Det er jo ikkje ein god forretningsmodell om pasienten legg beslag på eit rom for lenge.

Det er sjeldan ein høyrer norsk i personalgruppa no for tida. Til og med mellom to nordmenn som snakkar saman, er det i dag ikkje 100% sikkert at innhaldet og bodskapen blir forstått.

Kommenter innlegget