Dødsenglar har invadert helsesektoren: Varslar seier NHS gav ordre om eutanasi for å blåse opp talet Covid-19-dødsfall på sjukehus

Takka vere propaganda og svada frå «sanningsministeriet», trur folk flest at sjukepleiarar og legar er Guds englar på jord. Mange av dei er i våre dagar diverre det motsette. Dei er sataniske dødsenglar som har eit intenst ønske om å avlive pasientar som dei meiner ikkje lenger har livets rett. Ifølgje desse hjernevaska psykopatane er det ikkje ein menneskerett å leve, iallfall ikkje om du er over ein viss alder, eller over eit visst sjukdomsnivå. For somme sjukepleiarar og legar er dette nivået lågare enn hjå andre. Det er ikkje lenger slik at terminale tilstandar er einaste området der ein trygt kan pøse på med A-preparat, slik som til dømes morfin, midazolam og haldol. Nei, her skal desse medisinane injiserast ved minste teikn på uro og ubehag hjå den lykkeleg uvetande pasienten.

Å bli innlagt på sjukeheim i dag er statistisk sett på linje med å bli sendt i krigen. Berre spør pasientane. Eller, nei, det kan vi jo ikkje – for dei er alle saman daude!

Ifølgje Exposé News har ein anonym varslar avslørt at det britiske offentlege helsevesenet, National Health Service (NHS) gav ordre til helsepersonell om å utføre eutanasi på pasientar for å kunstig blåse opp talet døde av Covid-19. Varslaren, som gjekk under pseudonymet «Dr. John», formidla òg at offentlege britiske sjukehus var langt frå å bli «overvelda» av sjuke under «pandemien», i motsetnad til det styresmakter og hovudstraumsmedia i samla flokk stod og skreik om på innpust og utpust. Faktisk avslørte denne Dr. John òg at administrative leiarar i NHS forfalska tal relatert til covid-19-dødsfall ved bruk av to metodar:

1: Dei instruerte helsepersonell om å gje minst mogleg omsorg til pasientar og rett og slett late dei døy – òg kjent som kriminell omsorgsforsømming.

2: Dei instruerte helsepersonell om å utføre eutanasi på pasientar ved hjelp av det som på engelsk er kjent som End of Life Care-programmet, og som i Noreg er kjent som Livets siste dagar-protokollen. Midazolam er ein del av programmet, i lag med morfin, haldol og stundom òg Robinul. Skjemaet kan lesast her. Når pasientane so døydde av denne avlivingsprotokollen, vart dødsfalla feilaktig oppført som Covid-19-dødsfall.

Kort fortalt godkjende den britiske regjeringa systematisk massemord på eldre og sårbare, for so å lyge til folket om at Covid-19 hadde skulda. Noko liknande skjedde i Noreg, men her handla det meir om å isolere eldre på sjukeheimar og nekte dei omgang med familien. Litt etter litt byrja dei so å døy av tapt livsgnist og dei underliggjande sjukdommane dei allereie hadde – og om dei då tilfeldigvis hadde ein positiv PCR-test (som er ubrukeleg som diagnoseverktøy) eller ein positiv hurtigtest (som er endå meir ubrukeleg), vart dette rekna som eit Covid-19-dødsfall. Dermed kunne styresmaktene og media fabrikkere Covid-19-dødsfall òg her i landet. Folk skulle skremmast frå sans og samling, slik at dei viljug lét seg injisere med dei mRNA-injeksjonane som feilaktig vart kalla vaksinar.

«Pandemien» har gjeve sjukepleiarar og legar blod på tann, for i våre dagar blir morfin og midazolam brukt nærast ukritisk på pasientar. Dei pårørande har ved fleire høve vendt seg til meg og snakka om at deira kjære blir overmedisinerte. Dei har gjeve tydeleg uttrykk for at dei ønskjer ei meir holistisk omsorg. Ein har ei allopatisk tilnærming på den eine sida, med reseptbelagte medisinar som fyller lommene på Big Pharma – og so har ein ei naturopatisk tilnærming på den andre sida, der ein prøver alternative tilnærmingar. Som eit viktig og fornuftig verktøy har eg som helsefagarbeidar miljøtiltak som ein alternativ måte å utøve omsorg for pasienten, men ei slik tilnærming avviser sjukepleiarane fnysande.

Slik er stoda no, og eg trur at alt vil bli verre før det skjer ei naudsynt utreinsking av dødsenglar som har utvikla eit patologisk ønskje om å rett og slett eliminere dei som dei er på jobb for.

3 comments

  1. Motbydelig lesning det her, Saksyndig!

    Jobben du gjør med å rapportere fra innsiden i (u)helsevesenet og arbeidslivet er helt enorm!! Kan dessverre også bekrefte at det du tar opp, er sånn jeg også opplever «helsevesenet» som pårørende for tiden.
    Som bla; ingen tilbakemelding til oss pårørende fra sykehjemmet, nesten halvparten av de ansatte er utenlandske med elendige norskkunnskaper og svak evne til å kommunisere generelt, både med pasient og oss pårørende. Feilmedisinering og overdreven bruk av sterk smertestillende medisin er helt fritt vilt. Også viser det seg, (også på dette stedet), at mannfolk gjør jobben mye mye bedre, enn altfor mange kvinnfolk i «klikk» – det er noe av det jævligste som fins!

    Har du noen tips i en sånn tung situasjon, (med ens nærmeste forelder på sykehjem), når du vet at ting ikke foregår som det skal?? (Hvis du kan gi sånne tips , vel og merke!?)

    Likt av 1 person

    • Takk for fine ord, Morten. I situasjonar der kommunikasjon og liknande mellom pårørande og personalgruppa ikkje fungerer, bør du ta dette opp med avdelingsleiar eller konstituert leiar. Fram til 1.juli brukte det å finnast eit eldreombod, men det vart lagt ned, som eg skreiv i ein artikkel publisert på Saksyndig i slutten av juni. Elles har vi noko som heiter Pårørendealliansen, men om dei er på vår side, er eg ikkje sikker på.

      https://parorendealliansen.no/vart-arbeid/om-parorendealliansen/

      Alle pasientar og bebuarar har noko som heiter primærkontakt, og skal vere den som kjenner bebuaren best. Vedkomande er truleg på ferie, so då er det sekundærkontakten ein må henvende seg til. For øvrig skal all kommunikasjon mellom pårørande og personalet journalførast, men om det berre jobbar utlendingar på avdelinga, tviler eg på at dette blir gjort.

      Som næraste pårørande vil du òg ha innsyn i journalen til forelderen din, so du kan be om ei utskrift av journalen for å finne ut om han/ho blir ivareteken av personalet.

      Om ting går heilt gale, er einaste løysinga å kontakte media – som pårørande vil du ikkje ha tausheitsplikt.

      Håper desse tipsa hjelper deg.

      Likar

  2. Tusen hjertelig takk, Saksyndig!!!
    Det var veldig god hjelp på veien. Bra å få god informasjon fra en som kjenner til hvordan ting fungerer og eventuelt ikke fungerer.

    Takk igjen👍😊

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget