Definisjonen på ei jomfru er nokon som aldri har hatt sex. Det er den definisjonen som har rådd i alle tider, og som alle er einige om. Vel, alle bortsett frå skrullingane i Planned Parenthood, verkar det som. Nyleg sette dei opp eit digert skilt der det stod «Virginity is a social construct»; «jomfrudom er ein sosial konstruksjon». Som denne artikkelen frå Summit.news antydar, fekk plakaten mykje motbør.
Som Planned Parenthood sjølv skriv i ei Twitter-melding (mi omsetjing):
«Ideen om jomfrudom kjem frå utdaterte – lat oss vere ærlege, patriarkalske – tenkjemåtar som skader alle.»
Javel, ja. Som nokon skriv på dei mange re-tweetane, høyrest dette ut som noko ein pedofil onkel ville ha sagt til den niårige jenta han skal til å valdta.
Planned Parenthood skriv vidare:
«Eg veit ikkje kven som treng å høyre dette, men jomfrudom er ein oppdikta sosial konstruksjon, og har absolutt ingenting å gjere med jomfruhinna di.»
Ein kjærast eg hadde for mange år sidan øydela jomfruhinna si i ei sykkelulykke – og ho rekna seg difor ikkje lenger som jomfru etter den hendinga, sjølv om ho på den tida endå ikkje hadde hatt sex. Ei venninne av ho hadde blitt «opna» på liknande maner, då ho landa på ein stolpe etter å ha bykst over eit gjerde. Synet deira på jomfrudom var altso reint teknisk – dei meinte at jomfruhinna måtte fysisk «brytast» for at jomfrudommen skulle opphøyre. Akkurat som ein øydelegg ei dør når ein bryt seg inn i eit hus.
Nokon som kallar seg «Gays Against Groomers» skriv følgjande kommentar til Planned Parenthood si noko uortodokse Twitter-melding:
«Nok ein gong driv Planned Parenthood og villeiar ungdommen, denne gongen vil dei få dei til å tru at jomfrudom ikkje eksisterer, og at dei burde forkaste det straks. Kvifor? Kan det kome av at jomfruer ikkje er betalande kundar av Planned Parenthood? Slutt å fortelje barn at dei er seksuelle [vesen] […].»
Alex Schirmer leverer følgjande gullkorn:
«Uetisk åtferd er so mykje enklare å rettferdiggjere når alt er ein sosial konstruksjon!»
Jessica O’Donnell skriv dette:
«Vi veit de treng promiskuitet for å tene pengar. Det er ekkelt.»
Kva enn som er føremålet med dette stuntet til Planned Parenthood, er det berre desse avvikarane sjølve som veit. I mellomtida får vi normale folk halde fram med å sjå på seksualakta som eit overgangsritual, eit særs viktig eit som helst bør skje når personen er moden nok for det, både fysisk og mentalt.
