Denne artikkelen er ei oppsummering av og ein kommentar til ein lengre artikkel publisert 23.juli på nettsida til Strategic Culture Foundation. Artikkelforfattaren er ein mann ved namn Jonathan Cook. Bakgrunnen er at vi sidan 2021 har sett stor overdødelegheit i Vesten, og dødsfalla skuldast ikkje Covid. Overtalsdødsfalla ligg langt over femårsgjennomsnittet før pandemien, og sjølve «pandemiåret» 2020, der Covid visstnok tok livet av dei som allereie var sjuke og sårbare, skulle få ein til å forvente at dødstala ville søkkje. I staden skjedde altso det motsette. So langt har ingen greidd å forklare dette avviket vitskapleg, mest truleg fordi Covid-«vaksinane» er den mest plausible årsaka til overdødelegheita. Å vitskapleg undersøkje dette er i strid med makta og hovudstraumsmedia sine påstandar om at «vaksinane» var trygge og effektive, og vil vere i djup strid med deira eigne interesser og interessene til Big Pharma.
I staden for viljen til å gjennomføre etterforsking, finn vi i heile Vesten, blant alt frå politikarar til journalistar og legar, ei øyredøyvande stillheit. Folk døyr i hopetal over heile Vesten, men «ingen» ønskjer å finne ut kvifor. Er ikkje dette i direkte strid med deira visjonar om å ivareta folkehelsa og «redde liv», slik dei maste om under heile «pandemien»?
I våre opplyste tider skulle ein tru at helsevesenet og vitskapen var interesserte i å avdekkje om ein eksperimentell, hastegodkjent «vaksine» er trygg og effektiv. Grunnen til at det motsette so openbert er tilfelle, er at alle slike institusjonar ser ut til å ha blitt korrumperte. I staden for vitskapleg fornuft og medkjensle, er det berre éin ting som herskar i samfunna våre: pengar. I slik ein kontekst blir rekordhøg overdødelegheit ignorert og/eller sensurert. Dei få uavhengige, reielege autoritetane som har gjort sine eigne undersøkingar blir i liknande grad ignorert eller sensurert – og somme blir til og med likviderte.
Tal som dokumenterer overdødelegheita blir gøymde vekk i obskure, fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift, eller må tvingast ut av statlege autoritetar via sokalla Freedom of Information Act Requests (FOIA), som grovt tilsvarer Offentleglova her i landet. Nemnde lov blir i våre dagar i Noreg forsøkt endra, slik at offentlege organ til dømes ikkje lenger vil vere plikta til å journalføre utveksling av informasjon mellom ulike einingar og organ – til dømes vil brevkorrespondansar ikkje lenger vere påbodne å føre i postlister. Grunnen til denne planlagde lovendringa er openbert at «vår» Regjering har noko å skjule. Eg har mistanke om at dei mellom anna ønskjer å skjule at Covid-«vaksinane», som nordmenn flest vart lokka og/eller sosialt pressa til å ta, er historisk farlege og vanvitig dødelege. Det er truleg det som står i dei dokumenta som Erna Solberg fekk trumfa gjennom 60 års hemmeleghald på.
Ein av dei modige, uavhengige vitskapsmennene i den engelskspråklege verda som har avdekt denne urovekkjande overdødelegheita (og andre kritikkverdige moment), er legen John Campbell (sjå originalartikkelen for videoane hans). I videoane sine, som utruleg nok framleis er å finne på YouTube, har han formidla følgjande oppsiktsvekkjande oppdagingar:
Pfizer feilhandterte og viste mangel på oversikt over si eiga «vaksine»-forsking.
Pfizer testa aldri om «vaksinen» deira stoppa smitte.
Det har blitt gjort fleire forsøk på å skjule bevis som demonstrerer at naturleg immunitet er betre enn «vaksine»-indusert immunitet (der sistnemnde i praksis har vore so godt som ikkje-eksisterande).
Det har blitt oppdaga at mRNA kan forbli i blodet i minst ein månad etter vaksinasjon, og ein aner ikkje kva det kan gjere mot immunforsvaret vårt i løpet av det tidsrommet.
Der har vore uvanleg høg variasjon når det gjeld biverknader forårsaka av dei ulike partia (batches) av mRNA-«vaksinen», der somme biverknader har sprengt alle skalaer.
Pfizer og amerikanske forskarar har skapt sokalla «Frankensteins monster»-typar av koronavirus av nøyaktig den same typen som ser ut til å ha forårsaka Covid-pandemien i fyrste omgang.
Ny forsking viser at der ikkje finst bevis for at virussmitte blir redusert gjennom bruk av munnbind.
Dei som har laga lover, retningslinjer og forskrifter relatert til «pandemitiltak» har mislykkast i å vege dei alvorlege finansielle, sosiale og medisinske kostnadene opp mot nedstengingar.
WHO har bekrefta eit sannsynleg årsaksforhold mellom injeksjon med «vaksinar» og utvikling av autoimmune sjukdommar slik som multippel sklerose (MS).
Som artikkelforfattaren oppsummerer (mo omsetjing):
«Der finst utan tvil verre, men vi kan ikkje finne det ut – i det minste ikkje frå kvalifiserte kjelder – fordi alle forsøk på å diskutere det offentleg nesten heilt sikkert vil resultere i bannlysing frå konserna som styrer sosiale media, våre moderne bytorg.»
Big Pharma prøver i sin tur febrilsk å latterleggjere dr. Campbell, mellom anna ved å kalle kan ein «sjukepleiar», sjølv om han vitterleg er lege og har skrive ei rekkje populære og autoritative medisinske lærebøker. Det er ei heller ikkje sine personlege meiningar denne erfarne legen kjem med; han refererer berre til funna som er gjort i fagfellevurderte studiar, eller han har intervjua ekspertar innan sine felt for å trekkje merksemd til arbeidet deira.
Faktum er at, same kor mykje hovudstraumsmedia og korrupte topp-politikarar prøver å sensurere, intimidere og kansellere, vi har historisk og urovekkjande overdødelegheit i den vestlege verda. Spesielt mange unge menneske døyr kvar månad rundt om i Vesten samanlikna med tidlegare år. Dødsårsakene framstår som mystiske og/eller uforklarlege. Likevel nemner knapt politikarar, media eller medisinske autoritetar dette. Trass at denne overdødelegheita har gått føre seg i minst to år, ser ikkje regjeringar ut til å greie å finansiere forsking for å avgjere kva som er årsaka. Truleg fordi dei veit det sjølv, og at ei offisiell avdekking av årsaka vil føre til eit rettsleg oppgjer. Då vil dei heller sitje stille på sidelinja og sjå hordar av menneske falle døde om i åra som kjem. Som artikkelforfattaren skriv:
«Regjeringar, det etablerte media og dei medisinske regulatorane er skremde. Dei er redde for kva dei kan oppdage dersom forskinga blir utført.
Og dette antydar noko anna i sin tur. At desse ikkje er grupper med sine eigne diskrete eller konkurrerande interesser og agendaer.
Media, kva enn dei påstår, er ikkje ei vaktbikkje mot regjering eller det medisinske etablissement. Dei samarbeider med dei mot folket. Faktisk ligg dei korporative interessene til alle tre særs nær kvarandre.
Kvifor? Fordi regjeringa er fanga av Big Business. Fordi dei medisinske autoritetane er finansierte av Big Pharma, som kan lage eller øydeleggje karrierar. Og fordi media er eigd av milliardærar, og tener som lite meir enn PR-armen til konsentrert rikdom og som ein heiagjeng for ein nyliberalisme som normaliserer den kriminelle profitteringa til legemiddelprodusentar slik som Pfizer.»
Det er på den andre sida ein ørliten sjanse for at overdødelegheita ikkje skuldast Covid-«vaksinane». Men dersom dette mot den største formodning ikkje er tilfelle, kvifor ønskjer ikkje då dei som sit med makta å forske på overdødelegheita? Den danske legen dr. Vibeke Manniche er medlem av eit dansk medisinsk team som har utført fagfellevurdert forsking som viser at somme parti av mRNA-«vaksinen» forårsaker biverknader som sprenger alle skalaer. Dei meiner det kan liggje andre, bidragande faktorar bak overdødelegheita. Dette er eit privat føretak som ikkje er finansiert av det offentlege. Faktisk har danske styresmakter prøvd å hindre dei i å utføre prosjektet. Grunnen til dette kan ifølgje artikkelforfattaren vere at dei fryktar å bli implisert i desse overtalsdødsfalla, og at det vil bli avdekt at forteljinga deira om «pandemien» vil bli avslørt som uriktig. Det er òg sannsynleg at dei fryktar at dei menneskefiendtlege tiltaka (nedstengingar, isolasjon, munnbind osb.) kan vere ein sentral bidragsfaktor til overdødelegheita.
Faktorar som ikkje kjem direkte av injeksjon med «vaksine» inkluderer sjølvmord fordi folk ikkje lenger orka den psykiske terroren frå styresmaktene, og alvorleg sjukdom som ikkje vart behandla fordi folk ikkje oppsøkte lege på grunn av «smitteangst». Her er følgjande sitat på sin plass:
«Sanninga er at vestlege regjeringar – alle som ein – ikkje vågar å teste evidensbasisen for at dei insisterte på gjennomføring av nedstengingar og eksperimentelle vaksinar som den einaste vegen ut av pandemien. Dei vågar ikkje å gjere dette i fullt offentleg søkjelys i frukt for at sanninga ikkje vil tene dei, og at den meir sannsynleg vil skade dei. So dei dyrkar offentleg uvitenheit.»
Å gjere slikt er i strid med interessene til Big Pharma, og det var Big Pharma som i si tid gav desse folka prestisjefylde jobbar og lukrative lønningar i denne industrien. Òg journalistar og «ekspertar» blir sjenerøst lønte av denne same industrien, som på alle måtar er eit troll med mange hovud. Alle saman har interesse av at sanninga ikkje kjem ut – iallfall ikkje medan dei sjølve er i live.
Avslutningsvis serverer forfattaren eit glimrande argument i favør av «vaksinen» som årsak til overdødelegheit. Dr. Campbell publiserte ein video der han diskuterte nye data frå Vest-Australia. Dataa viser at overtalsdødelegheita auka dramatisk frå og med mai 2021 – før Covid i det heile teke kom til Australia. Vaksineprogrammet vart derimot rulla ut kor tid før overtalsdødelegheitstrenden byrja. Dette er ikkje berre ein kraftig årsakssamanheng, det er den einaste logiske forklaringa. I eit rom med ein knivdrepen person er den skuldige som regel den som står der med den blodige kniven i neven.
