Nye opplysningar i Haaland-saka: Han posta heile 230 innlegg på Facebook mellom 15. og 19.juli

Tidlegare (?) etterretningsoffiser Helge Lurås si nettavis iNyheter publiserte måndag 31.juli ein artikkel om Stavangermannen Trond Harald Haaland, som 19.juli vart tvangsinnlagt på Stavanger universitetssjukehus på grunn av innlegg han hadde skrive på Facebook. iNyheter var då den siste uavhengige nettavisa som skreiv om saka, som Steigan fyrst tok tak i. Deretter følgde Saksyndig, Derimot og Document. So langt har ingen formidlarar i hovudstraumsmedia skrive om saka, som tilsynelatande framstår som eit overgrep mot ein mann med «feil» meiningar når det gjeld covid-19, mRNA-injeksjonar og andre brennheite poteter ein helst ikkje skal ha feil meiningar om.

Klart, ei sak har alltid fleire sider, og sjølv om det i dette tilfellet ser ut som makta har rådd (og mislykkast med det sidan Haaland jo vart sleppt fri), er det andre detaljar som kanskje stiller saka i eit litt anna lys. Lurås si nettavis har i likskap med fleire andre sett gjennom Haaland si Facebook-side i dagane før tvangsinnlegginga. iNyheter konkluderte at det var «et stort og økende antall poster der». Talet postar er høgt, «og mange av dem har null likes og kommentarer». Her er ei oppsummering av aktiviteten til Haaland frå nemnde iNyheter-artikkel:

«Han har postet 20 innlegg mellom midnatt og klokken 03 natt til 19.juli.

Den 18.juli postet Haaland 106 innlegg på Facebook-profilen sin.

Den 17.juli postet han 64 innlegg.

Den 16.juli postet han 34 innlegg.

Den 15.juli poster han 6 innlegg.»

I tidsrommet 15. til 19. juli posta altso Trond Harald Haaland heile 230 innlegg på Facebook-kontoen sin. Det er difor uklart om det var innhaldet i innlegga, eller den særs høge frekvensen av dei, som fekk det til å blinke raudt hjå ein viss «bekjent». Men, dersom det hadde vore teikn på alvorleg sinnsliding og/eller psykose at nokon la ut 106 innlegg på éin dag, so hadde nok psykiatrihelsetenesta blitt håplaust overbelasta temmeleg kvikt.

Same dato, 31.juli, la Hans Rustad i Document ut ein artikkel til om saka, «Tvangsinnlagt for ‘konspirasjonsteoretiske’ forestillinger». Der påpeiker Rustad fleire kritikkverdige feil som vart gjort i samband med tvangsinnlegginga, mellom anna at Haaland ikkje fekk lufte seg på grunn av «uvilje mot å være her», og at advokat Barbro Paulsen ikkje fekk vere til stade når overlegen hadde møte med klienten hennar. Ein lesar ved namn «Vestlandsguten» har i likskap med iNyheter òg gått inn på Facebook og lese litt av innlegga til Haaland. Vedkomande er ikkje bekymra over innhaldet, men sjølve omfanget av dei. Han skriv følgjande:

«Vi snakker om en mann som over dager poster en endeløs strøm av innlegg og retweets, hundrevis om dagen, hvert femte til tiende minutt fra han står opp til han legger seg langt ut i de små timer. Og så på’an igjen etter noen timers søvn. (flere ganger hele nettleseren min krasjet da jeg skrollet nedover, måtte bruke filter for å dele det opp)

Artikuleringen er tidvis springende, tidvis usammenhengende, og ispedd uttrykk som ‘massemordere’ og ‘psykopater’. Dette er jo for så vidt ikke helt ukjent sjargong for oss som har vært litt på internett. Og jeg skjønner ‘hvor han kommer fra’ med tanke på covid cover-up’en osb. Men for utenforstående kan nok dette oppfattes som ganske sykt, fremfor bare spissformuleringer.»

Han skriv at det ikkje treng å vere myndigheitspersonar eller politisk opposisjon som har varsla helsevesenet, men rett og slett «nære pårørende som tenker at det har rablet for mannen, som bruker hvert ledige minutt til å poste ‘konspirasjonsteorier’ på nett. […] Hadde dette vært en av mine nærmeste, kan det godt hende jeg selv hadde sendt bekymringsmelding, uavhengig av innholdet i postene.»

Tone Kroll har som svar på Vestlandsguten si tolking av Facebook-åtferda til Haaland:

«At man er intens og muligens en tanke fanatisk samt har rikelig anledning til å poste på innpust og utpust hele døgnet rundt, fordi man mest sannsynlig ikke jobber, er i mine øyne ikke grunnlag nok for at politi og helsevesen deiser inn døren. […] Omsorg for vedkommende bør forvaltes på en mer troverdig måte. Jeg tror ‘omsorgen’ er knyttet til at mannen er blitt litt for brysom for staten.»

Om det er nære pårørande som har varsla helsevesenet, blir det for meg snodig å omtale dei som «bekjente», ettersom ein som regel er i slekt eller i det minste har nær relasjon til pårørande. Det herskar no altso to hypotesar om kven som fekk han tvangsinnlagt: Nokon med velmeinande føremål som meinte at det hadde «bikka litt over» for Haaland, eller nokon med genuint vondsinna intensjonar som ville ha rydda ein meiningsmotstandar av vegen. Det at dei fleste innlegga ifølgje iNyheter fekk ingen kommentarar eller «likes» indikerer fråvær av merksemd frå «samansuriet», og kvifor skulle visse personar skjelve i buksene av slikt? Då heller det meir over til at nokon heller reagerte på mengda innlegg posta av same personen over eit relativt kort tidsrom. Same kven som stod bak, viste det seg at saka fall i frå kvarandre so fort nokon med reell psykiatrisk kompetanse (Kontrollutvalet) tok tak i den.

Og som Vestlandsguten skriv, har Haaland ei sterk sak om han vel å gå til søksmål. Om nokon faktisk vil bli haldne ansvarlege, er derimot eit heilt anna spørsmål.

Kommenter innlegget