Sjå òg «Texas-legar oppdaga til sitt store sjokk at utslett på innvandrar viste seg å vere SPEDALSKHEIT», publisert 4.august 2023.
Natural News rapporterer at den frykta sjukdommen spedalskheit, som no blir kalla Hansens sjukdom, no blir rapportert rundt om i verda. Ein trudde at sjukdommen har vore so godt som utrydda fordi den kan behandlast og kurerast med antibiotika, medan den før dette vart rekna som uhelbredeleg.
Minst to tilfelle av sjukdommen har blitt rapportert i Storbritannia. Forskarar gjekk gjennom journalar ved Leprosy Clinic («lepraklinikken») ved Hospital for Tropical Diseases i London. 52 menneske reiste til klinikken på grunn av spedalskheit i 2021, og 49 av dei (95%) hadde blitt vaksinerte mot covid-19. Fellesnemnaren i dei rapporterte tilfella av spedalskheit er altso covid-19-«vaksinen».
For å avgrense forskingsområdet såg forskarane berre på spedalskheitsrelaterte reaksjonar som fann stad innan 12 veker etter injeksjon, og hjå menneske som ikkje hadde noka tidlegare spedalskheitshistorie eller reaksjon på sjukdommen.
Berre to menneske i denne samlinga av 52 tilfredsstilte definisjonen. Ein av dei utvikla sokalla borderline tuberkoloid spedalskheit innan ei veke etter andre dose av mRNA-injeksjonen, medan den andre utvikla reaksjonar 56 dagar etter ein dose.
Begge pasientane fekk Pfizers BNT162b2-mRNA-injeksjon, eit eksperimentelt legemiddel som selskapet hevdar er «trygt og effektiv», men som i røynda har skadd millionar av menneske i heile verda.
Utviklinga av spedalskheit og -liknande reaksjonar meiner forskarane kan ha å gjere med T-cellerespons forårsaka av «vaksinane». T-celler er òg kjent som kvite blodceller, og er dei cellene som ein trur fungerer som kroppen sitt naturlege forsvar mot covid. I teorien kan desse same cellene utløyse Mycobacterium leprae, som er bakterien som forårsakar spedalskheit. Med tanke på at nesten alle som har blitt sjukehusinnlag på eit britisk sjukehus på grunn av spedalskheit har blitt injisert, er sprøytene mildt sagt under sterk mistanke.
Natural News skriv so at covid-sprøyter ikkje er dei einaste legemiddelinjeksjonane som har forårsaka spedalskheit. Det finst i vitskapleg litteratur dokumentasjon på at òg tuberkulosevaksinar har forårsaka spedalskheit eller spedalskheitsliknande reaksjonar.
Det eine britiske tilfellet var ein 80 år gammal mann som har budd i landet i 49 år. Dei bekrefta diagnosen hans ved hjelp av ein hudprøve. Han skal seiast å vere den fyrste i Storbritannia som har utvikla spedalskheit sidan 1954. Han vart sett på ein seksmånaders antibiotikakur, og var dermed i fin form til å motta tredje dosen. Jepp, han tok faktisk imot tredje dosen av den same «vaksinen» som gav han spedalskheit.
Som ein avsluttande kommentar melder NRK no i morgontimane sundag at kinesiske styresmakter har påvist to tilfelle av – tru det eller ei – byllepest. Dei to tilfella vart oppdaga nord i landet, og alle nærkontaktar er sett i karantene, som i Kina truleg tydar at dei er blitt innesperra og er planlagt avliva. NRK antydar at gnagarar kan ha vore smittekjelda, men i konteksten til denne artikkelen er det ikkje urimeleg å antyde at «vaksinane» kan vere årsaka.
