Karen Kingston i underleg video: «Robert Malone har gjeve CIA ordre om å drepe meg!»

Amerikanske Karen Kingston er ein biotech-analytikar og ein internasjonalt anerkjent ekspert på dei skadelege biologiske effektane forårsaka av mRNA-«vaksinane». Ho har mellom anna gjesta podcastane og programma til Mike Adams og Stew Peters. 23.juli 2023 posta ho ein noko underleg og urovekkjande video på GETTR, der ho kom med den sjokkerande påstanden at dr. Robert Malone hadde gjeve CIA ordre om å drepe ho, og at ho difor hadde søkt tilflukt i Mexico. Videoen syner ei synleg sliten og sjukleg Karen Kingston, og har naturleg nok vakt oppsikt innan uavhengige og alternative media. Mike Adams omtala videoen i sin Brighteon Broadcast News-podcast 11.august 2023, og kom mellom anna med ei oppmoding til ho om å kome tilbake til USA dersom ho då verkeleg hadde CIA etter seg – for dei drep nemleg berre folk i utlandet, sidan CIA hovudsakleg opererer i utlandet, var hans resonnement rundt dette. Malone blir i videoen òg referert til som «rådgjevaren» til Robert F. Kennedy Jr.

Robert Malone har skrive ein lang og omfattande artikkel på sin Substack om videoen og påstandane som Kingston kjem med. Som han sjølv seier (mi omsetjing):

«Då eg fyrst såg denne videoen og den redigerte utgåva lagt ut på BitChute av Health Impact News, hadde den blitt vidaresendt til ein kollega, som deretter vidaresendte den til meg. Parallelt hadde medlemmer i RFKjr [Robert F. Kennedy Jr] sin presidentkampanje oppdaga denne og hadde vidaresendt den til meg òg. Då eg såg den, var reaksjonen min (naturlegvis) sjokk over at nokon kome med offentlege påstandar om at eg hadde sendt ut ein attentatordre via CIA (hæææ?!) for å få vedkomande drepen, so vel som sjokk over dei mange falske påstandane og ytringane som vart gjort. Med tanke på den lange historia til Karen Kingston om å kome med sjokkerande og udokumenterte skuldingar om meg, trudde eg at dette måtte vere ei ny form for <helvete> Psy-Op-kampanje laga for å deligitimere meg endå meir. Temmeleg merkeleg at den ville påstå at eg får CIA til å utføre attentat mot nokon rett etter at eg hadde fleire intervju og la ut fleire substack-essay der eg slo fast at CIA var i hjartet på Covid-krisehendingane. Men (generelt), har logisk integritet aldri vore eit nøkkeltrekk blant dei som hatar meg.»

Karen Kingston gjekk i sommar offentleg ut med at ho hadde fått malaria. Malone meiner at det han oppfattar som merkeleg og irrasjonell åtferd frå ho, rett og slett kan skuldast biverknader frå malariamedisin, til dømes legemiddelet Mefloquine (selt blant anna under merkenamnet Lariam). Malaria og biverknader av medisin kan forklare den sjuklege utsjånaden ho har i videoen.

Ho påstår blant anna at det var ein kontaktperson i eit tryggleiksfirma som sa til ho at Malone hadde gjeve ordre til CIA om å drepe ho. Då Malone prøvde å spore opp firmaet, var både nettsida og telefonnummeret stengt. Ein kollega av Malone oppdaga derimot at firmaet framleis hadde lisens til å drive verksemd.

Malone tok kontakt med Karen Kingston sin bror, Ron Kucher, som greidde å kome i kontakt med firmaet. Kontaktpersonen der sa at han aldri hadde sagt dei påstandane som ho kjem med i videoen. Han la til at han hadde prata med frøken Kingston i Florida eit par veker tidlegare, og at ho framstod som å vere i ein underleg sinnstilstand. Dette passar inn i biletet Malone har av ho, ettersom han fekk ein telefon frå ein anna kollega i same tidsrom, som i ein heller oppkava tilstand fortalde han at han hadde fått ei bisarr telefonoppringing frå Kingston der ho verka temmeleg agitert, og at ho hadde kravd at han fortalde ho «kva som føregjekk».

Familien til Karen Kingston kom med følgjande melding (mi omsetjing; utdrag):

«Vi ønskjer å takke alle som har uttrykt bekymring for helsa og tryggleiken til vår dotter, syster og mor Karen Kingston. For fleire veker sidan delte Karen offentleg at ho leid av malaria. […] Åtferda hennar indikerer sterkt at Karen straks må bli undersøkt av ein lege. Sonen og mora hennar er trygge og har det vel. Dei er ikkje meldt sakna. Det einaste vi uroar oss for, er Karens helse, tryggleik og at ho kjem heim igjen. Familien ber om at de stoppar å spekulere og politisere rundt tema de ikkje er fullt informerte om, og at de slettar all personleg spekulasjon rundt desse temaa. Med all respekt, de veit ikkje det som vi veit, de har ikkje rett til å vete det vi veit, og de forstyrrar evna vår til å løyse dei umiddelbare medisinske behova til Karen.»

I nemnde Malone-artikkel har han lagt ved ein transkripsjon av heile den 40 minutt lange videoen. Malone har der lagt ved kommentarar til det Karen Kingston seier. Mykje av informasjonen ho kjem med er ifølgje Malone direkte feil, og viser etter hans meining av ho ikkje aner kva ho snakkar om. Lesaren blir her oppfordra til å trekkje sine eigne konklusjonar, men det er ikkje fyrste gong ein meiningsmotstandar blir forsøkt sjukleggjort.

Kommenter innlegget