Kva ville DU ha gjort for 55 millionar kroner?

Tenk deg følgjande scenario: Av ymse årsaker har du aldri greidd å få ein fot innanfor arbeidslivet, og har i hovudsak livnært deg av diverse småjobbar, pengegåver frå din styrtrike far som du aldri ser fordi han bur i utlandet – eller prøvd deg og episk feila som sjølvstendig næringsdrivande og kanskje òg gardbrukar. CV-en din er eit gapande hol av arbeidsløyse og du har ikkje noko som liknar på referansar. I ein alder av 30+ er du på grunn av manglande inntekt og formue tvinga til å flytte heim til mora di, og du er so flau over dette at du ikkje ønskjer å bli sett ute saman med ho på offentleg stad, ettersom du då fryktar at folk skal tru du er psykisk utviklingshemma. Eit liv med økonomisk sjølvstende er umogleg.

Du har derimot ein onkel som er medlem i den lokale Frimurarlosjen, og du har etter mykje mas og trygling greidd å få han til å gå god for deg overfor han fyren som styrer losjen – kva slags latterleg pretensiøs tittel det enn er. Du har, trass tvilsame kvalifikasjonar og ikkje-eksisterande rikdom og status, altso greidd å bli frimurar. Verdas mektigaste brorskap står no klare til å hjelpe deg, i byte mot livslang lojalitet – og regelrett bukspretting om du nokosinne røper hemmelegheitene som dette brorskapet visstnok sit på.

Lat oss då – heilt teoretisk, naturlegvis – tenkje at du plutseleg ein dag får ein telefon frå nokon høgt oppe i det norske maktapparatet, kanskje sjølve sjefen i den norske djupstaten. Dei tilbyr deg i ekte mafiastil eit tilbod du ikkje kan avslå, i byte mot eit aldri so lite offer frå di side. Du lyttar interessert, om enn ein tanke sjokkert – for alternativet dersom du takkar nei, er å halde fram med å bu heime hjå di eiga mor.

Djupstaten treng å gjennomføre ei sokalla djupstrukturell hending for å styrke posisjonen til det politiske partiet som representerer fronten til nemnde djupstat: Arbeidarpartiet. Denne hendinga er eit direkte terroråtak, og mange uskuldige vil misse livet. Du får instruksar om å installere deg på ei lita øy i Buskerud der Arbeidaranes ungdomsfylking (forkorta AUF) skal ha sin årlege sommarleir. Alt du treng å gjere, er å søkje dekning medan ein liten skvadron går rundt og skyt ungdommar, for so å overgje deg når politiet omsider får somla seg ut til øya.

Du skal altso ta på deg rolla som den einaste gjerningsmannen til den verste terrorhandlinga på norsk jord i nyare tid, åtaket som vil ta livet av 77 menneske og jamne sjølvaste regjeringskvartalet med jorda.

I byte mot å ta på deg skulda for denne djupstatsoperasjonen, som vil bli utført 22.juli 2011, vil du få utbetalt 55 millionar norske kroner, i tillegg til å bli eskortert med ny identitet til ei valfri adresse i eit skatteparadis. Pengane vil du få utbetalt etter åtte års soning, sjølv om du naturlegvis vil bli dømt til lovas strengaste straff, 21 års forvaring.

Namnet ditt vil for all framtid bli plassert i same kategori som landssvikar Vidkun Quisling, og ingen vil nokosinne få høyre din versjon av hendinga, at du ikkje drap ein einaste person den dagen. Og dei som høyrer det, vil aldri tru deg.

I ettertid tenkte du nok mykje på om det du gjorde var rett eller gale. Klart, det handlar ikkje om kva du faktisk gjorde, men kva alle trur at du gjorde. Ettersom du vart formelt dømt i august 2012, er planen at du skal betalast og setjast fri hausten 2020. Men, berre nokre månader før du endeleg blir fri og styrtrik, bryt det plutseleg ut ein pandemi!

Vil djupstaten halde det dei lovde? Eller har dei rett og slett lurt deg? Eller har nokon over dei gjeve dei ei orsaking for å ikkje halde det dei lovde, sidan dei forståeleg nok mistenkjer at du vil utnytte fridommen og dei 55 millionane for å avtale intervju med det som kan krype og gå av nyheitsformidlarar? I ei pandemistengt verd der du må ha mRNA-injeksjon for å i det heile teke forlate landet, kor kan du då eigentleg fare?

Ingen er spåmenn. Men når noko høyrest for godt ut til å vere sant, so er det som regel det.

Ville du ha gjort noko slikt for 55 millionar kroner?

Kommenter innlegget