Eldsjel og primus motor bak nettstaden Stop World Control, David Sörensen, melder at heile ein million posterar skal bli distribuert i Nederland og Belgia. Posterane forklarer agendaen som mellom andre WHO, WEF og FN har for å underleggje seg verda, og oppfordrar folk til å skaffe seg informasjon om dette. Som han sjølv skriv i nemnde artikkel (mi omsetjing):
«Nederland og Belgia ligg i hjartet til dei globale kriminelle nettverka som har som mål å dominere verda. Når desse nasjonane vaknar opp, vil det få påverknad på resten av verda, sidan dei er høgst innflytelsesrike på verdsscena, innan business, teknologi, matindustri, politikk, osb.
Denne veka blir store søksmål begjært i Nederland av anerkjende advokatar mot toppembetsfolk i regjeringa, for brotsverk mot menneskeheita som vart gjort under pandemien. Dusinvis av politikarar har gått av dei siste vekene åleine, sidan desse nasjonane blir rista av jordskreda av ustoppeleg sanning.
Medan nederlandske hovudstraumsmedia i byrjinga sa at der er ‘nokre tusen som trur på konspirasjonsteoriar’, erklærer dei no openlyst at der er millionar, og ‘dei er ikkje sprø’.»
Ifølgje nettstaden prøver Europakommisjonen å stengje ned denne oppvakninga med ei sensurlov som blir iverksett rundt 24.august i år. Denne lova gjer at ein kan straffast med fengsel om ein publiserer på nettet all informasjon som er merkt som «desinformasjon». Sörensen skriv at dette var nøyaktig det nazistane gjorde i Europa under Andre verdskrig, der dei okkuperte landa rundt 1940 skreiv i avisene at det var forbode å lytte til informasjonskjelder som ikkje offisielt kom frå regjeringa. Ein parallell til dette kan finnast i dagens Trusted News Initiative, finansiert av Bill Gates, der folk blir bedne om å unngå all informasjon som ikkje kjem frå visse kabal-eigde medieformidlarar. Som han skriv vidare:
«Verdas helseorganisasjon gjer det same med sin Artikkel 18 i Pandemitraktaten, som vil gje dei makt til å stengje ned alle informasjonskjelder som går imot narrativet deira. World Economic Forum ber òg om ‘Internett-vakting’ [Internet Governance i originalteksten] for å unngå at sanninga blir fortalt.»
Dette viser ifølgje Sörensen at tyrannane er livredde for den massive eksplosjonen av sanning som er i ferd med å bryte ut. Det at dei vil prøve å slette all informasjon på nettet på til dømes Google, Facebook og andre digre plattformer som kjem med sannferdig informasjon, vil berre helle meir bensin på bålet. Folk vil sjå kva som skjer, og bli desto meir på vakt. Psykopatane grev si eiga grav, og har for lengst måla seg inn i eit hjørne der dei vil bli avkledde, eksponerte og nådelaust straffa.
Og her kjem ein million posterar inn i biletet:
«Distribusjonen av posterar vil vere særs effektive i å vidare informere folket, sidan ein ikkje kan sensurere posterar. Eg ber ei bønn om at vi vil bli i stand til å gjere det same i andre nasjonar rundt om i verda.»
Ein har i tillegg bede om at posterane blir omsette til tysk, fransk, spansk, ungarsk, svensk og mange andre språk. Dei vil naturlegvis òg snart bli tilgjengelege på engelsk. Det tydar at dei nok blir distribuerte på nederlandsk, som blir snakka i Nederland og store delar av Belgia.
Posterane vil i tillegg bli delte ut til lokale styresmakter, lokale nyheitsmedia, lokale sjukehusdirektørar, skular, osb. Den totale kostnaden til prosjektet er rundt 30 000 amerikanske dollar, eller i underkant av 315 000 norske kroner med dagens kurs. Dei som vil støtte prosjektet (og Stop World Control) økonomisk, kan gjere det her. Sörensen oppfordrar elles til å dele all informasjon han legg ut på nettstaden til so mange som mogleg.
